Det finst mange reglar for zoologisk namnsetjing, men ein av dei mest grunnleggjande dreier seg om at to artar/slekter/familier osb. ikkje kan ha det same namnet. Dette er ikkje alltid like lett å halda styr på når det finst så uhorveleg mange artar/slekter/familier osb. på kloten, og ikkje sjeldan vert særleg gode namn brukt fleire gongar på grunn av at biologar gjer feil. Når dette skjer, er det det eldste av dei to namna som har prioritet, og det nyaste må erstattast med eit nytt namn. Eg har gjort dette sjølv, og det er i utgongspunktet heilt ukontroversielt å gjera slikt.
Noko som derimot ikkje er ukontroversielt er å basera ei heil taksonomisk karriere på erstattingsnamn. Med moderne søkeverkty på internett, t.d. Nomenclator zoologicus, er det derimot inga sak å leita fram gamle, til dels gløymde taksonomiske namn for såleis å skaffa seg nokre enkle publikasjonar. Fleire små forskargrupper har difor teke til å publisera rekkjer av små artiklar med nye namn, ofte i sine eigne tidsskrift. Det finst mange skrekkelege døme på dette; ein del av desse er lista opp i O'Hara (2011).
Særleg aktive har den tyrkiske forskargruppa CESA vore. To av forskarane som driv the Centre for Entomological Studies, Ankara har publisert over 70 erstattingsnamn i vidt ulike organismegrupper berre sidan 2008. På lista over namn dei har funne på finn me slektsnamna Cesacoris Koçak & Kermal, 2010, Cesagaster Koçak & Kermal, 2009, Cesandria Koçak & Kermal, 2009, Cesaphasma Koçak & Kermal, 2010 og Cesachilus Koçak & Kermal, 2010; i så forskjellige grupper som teger, fluger, kvefsar, pinnedyr, grashopper, midd, biller og edderkoppar. Sidan dei sjølv gjev ut tidsskrifta dei publiserar i er det vanskeleg å få stoppa dette kaoset, som neppe blir lese i særleg grad av ekspertane og som ikkje tilførar noko nytt til kunnskapen om organismane det er snakk om.
I alle andre fagfelt ville ikkje dette vore noko problem. Kjemikarar, fysikarar og tilmed dei fleste biologar forheldt seg til ubrukeleg tulleforsking gjennom å ignorera det. Regelverket i taksonomisk biologi gjer derimot at slike sjarlatanar må takast alvorleg - det finst ingen eintydige mål på kvalitet i taksonomisk forsking, så når ein vurderar om eit namn er gyldig eller ikkje må ein difor bruka surrogatmål som prioritet (det eldste namnet er alltid riktigast) og gyldig publisering (namna må vera publiserte i ein publikasjon som oppfyller krava til den internasjonale kodeksen for zoologisk nomenklatur). Ein lei konsekvens av dette er at taksonomar som vil ha riktige namn på organismane sine - altså, alle skikkelege taksonomar - er nøydde til å forhalda seg til både suverene monografiar av stjerneforskarar og til amatørmessige makkverk forfatta av talentlause taskenspelarar.
CESA er ikkje berre ubrukeleg - dei publiserar òg nyttige taksonomiske verkty, t.d. Dolichopodidae-nøkkelen til Grichanov et al. (2010). Flaumen av korte artiklar med erstattingsnamn innanfor grupper forfattarane sjølv ikkje er ekspertar på vil derimot neppe føra til anna enn problem for dei som faktisk jobbar med organismane.
Når eg finn homonymiar i litteraturen i dag - det skjer rett som det er - skriv eg som regel til forfattarane av det yngste namnet og ber vedkommande om å ordna opp i situasjonen. Først når desse forfattarane ikkje vil, tek eg saka i eigne hender. Nye namn på gamle taksa bør vera siste utveg.
torsdag 7. juli 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)