![]() |
| Europeisk sisel, Spermophilus citellus (L., 1766) |
Ekorn (familien Sciuridae) er stilige dyr, som eg allereie har vore inne på. Med dagens innlegg startar eg ein ganske sporadisk serie om mangfaldet deira, kor eg går gjennom ekornfamilien klad for klad etter innfallsmetoden. Den første ekorngruppa eg vil presentera kallast normalt siselar på norsk, men vert vitskapleg omtala ved slektsnamnet Spermophilus.
Om dette høyrast i overkant grovt ut, kan eg trøysta dykk med at det i utgongspunktet nok ikkje var meint slik - sisteleddet philus tyder riktignok "ven/elskar" på gresk, men sperma er i denne samanhengen brukt i tydinga "frø". Med andre ord snakkar me her om fødeval heller enn om seksuelle preferansar.
Spermophilus var lenge med sine over 40 artar mellom dei større pattedyrslektene. Nyare forsking har derimot vist at mange av dei tradisjonelle Spermophilus-artane var nærare i slekt med præriehundar Cynomys og murmeldyr Marmota; og slekta har difor vorte delt opp i totalt ni slekter. Slik zoologar definerar Spermophilus i dag tel slekta 14 artar; alle frå Eurasia (Steppan et al. 2004, Helgen et al. 2009).
![]() |
| Ictidomys tridecemlineatus (Mitchill, 1821) |
Ekorn er som regel rekna som planteetarar, men trass i namnet er det ikkje berre frø dei et i Spermophilus-gruppa. U. canus et mykje skot, knoppar og grøne blad, men er òg ein ivrig konsument av sikadar og andre insekt (Russell Cole & Wilson). Ictidomys tridecemlineatus (Mitchill, 1821) har vorte observert i det han jakta på og åt ein slange (Wistrand 1972).
Referansar:
Helgen, K.M., Russell Cole, F., Helgen, L.E. & Wilson, D.E. 2009. Generic revision in the Holarctic ground squirrel genus Spermophilus. Journal of Mammalogy, 90, 290-305.
Russell Cole, F. & Wilson, D.E. 2009. Urocitellus canus (Rodentia: Sciuridae). Mammalian Species, 834, 1-8.
Steppan, S.J., Storz, B.L. & Hoffmann, R.S. 2004. Nuclear DNA phylogeny of the squirrels (Mammalia: Rodentia) and the evolution of arboreality from c-myc and RAG1. Molecular phylogenetics and evolution, 30, 703-719
Wistrand, H.E. 1972. Predation on a snake by Spermophilus tridecemlineatus. American Midland Naturalist, 88, 511


