Viser innlegg med etiketten biomangfald. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biomangfald. Vis alle innlegg

mandag 24. mai 2010

Livet på ein dårleg kjend planet


Jorda er i det store og det heile ein dårleg kjend planet. Trass i at meir eller mindre flittige forskarar har kartlagt og beskrive artar av dyr, plantar, sopp og mikrobar i hundrevis av år, er me framleis langt frå ein full oversikt. Forskarar som jobbar med å laga overslag over kor mange artar me har på jorda klarar ikkje ein gong einast om kor mange nullar det skal vera etter svaret – det einaste det eksisterer semje om er at me er langt frå ein full katalog over eksisterande artar. Dei mest optimistiske estimata no om dagen reknar med at vitskapen har beskrive om lag ein femtedel av artsmangfaldet på kloten med dei ca ein million artane som har fått vitskaplege namn.
Bilete ovanfor til høgre frå wikipedia.

Dette er dårlege greier. Forskarar har per i dag betre forståing av stjernehimmelen enn dei har av livet me alle er ein del av. Særleg sørgeleg er dette i ei tid der det biologiske mangfaldet er så sterkt under press – i følgje Pimm et al. (1995) er det sannsynleg at artar i dag døyr ut 100 til 1000 gongar så fort som under ”naturlege” tilhøve. Dei aller fleste utryddingane skjer som følgje av øydelegging av habitat (til dømes avskoging); ein del skjer òg gjennom innførte artar eller som følgje av menneskeskapte klimaendringar (Sala et al. 2000).

Utryddingane er akkompagnerte av eit alvorleg tap av artskunnskap, den såkalla taksonomikrisa. Sjølv om me er klare over at dei fleste artane på jorda framleis er ubeskrivne, har talet på nye artsbeskrivingar gått kraftig ned dei siste 30 åra (sjå t.d. Packer et al. 2009). Dette har mykje å gjera med aldring og manglande rekruttering mellom taksonomar – dei biologane som primært jobbar med å skilja, klassifisera og namnsetja artar. Vonde tunger snakkar om taksonomien sin død; noko som sjølvsagt er i overkant pessimistisk. Likevel er det snakk om reelle problem; for nokre organismegrupper finst det ikkje lenger ekspertar, og ein må difor starta på nytt frå byrjinga om ein skal ta opp att studiet av dei.

Det er først og fremst mellom insekt, mark og midd ein finn dei ubeskrivne dyreartane. Sjølv i relativt godt kjende område som Skandinavia (kor folk har drive med høgkvalitets-forsking på biomangfald sidan 1750-talet) vert det framleis beskrive nye artar innanfor desse gruppene (t.d. Sæther 2004, Wallin et al. 2009, Fjellberg 2009, 2010). Det store fleirtalet av ukjende artar er nok derimot å finna i dei tropiske regnskogane: dei komplekse økosystema her gjev rom for særs artsrike dyre- og plantesamfunn, kor eit fleirtal av artane framleis ventar på å bli beskrivne. Av dei beskrivne artane er det vidare berre ytst få som er godt nok kjende til at ein kan uttala seg om deira rolle i økosystema, miljøkrav, verneverdi og –status, potensiell økonomisk nytte-/skadeverdi eller generelle levevis.
Biletet ovanfor til venstre teke av Karsten Sund, Naturhistorisk Museum i Oslo, frå www.forskning.no. Arten Leiopus linnei er vidt utbreidd i Europa, men vart først beskriven i 2009.

Det har vorte foreslått fleire moglege tiltak for å løysa taksonomikrisa. Nokre av dei sentrerar rundt meir dataorienterte løysingar (Wheeler et al. 2004), medan andre meiner det er meir bruk av DNA-baserte metodar som må til (t.d. Tautz et al. 2002, Hebert et al. 2003). Det beste botemiddelet mot problemet ”for lite taksonomi” er nok likevel å sørga for at meir taksonomisk arbeid vert gjort – å faktisk interessera seg for og jobba med taksonomiske problemstillingar.

Her kjem eg inn i biletet. Sommaren 2010 fèr eg til Budongoskogen i Uganda for å samla på insekt. Det viktigaste målet for ekspedisjonen er å samla gode eksemplar til bruk i taksonomisk forsking, men eg skal òg undersøka fleire økologiske parametrar for å bli betre kjend med levesettet til dyra. Gjennom ein dryg månad skal eg bruka godt etterprøvde, effektive innsamlingsteknikkar for å bygga opp ei god samling av dyr eg sidan vil undersøka for å betra vitskapen sin kjennskap til det mangfaldige livet ein finn på denne dårleg utforska planeten.

Eg skal med andre ord skriva eit nytt vers til Dyrene i Afrika.

Dersom alt går etter planen vil denne bloggen tena som open reisedagbok. Her kjem eg til å rapportera frå både feltarbeidet så vel som arbeid som må gjerast på førehand og i etterkant. Eg vil òg levera bakgrunnsstoff og generelle (men oftast biologiske) observasjonar eg gjer meg undervegs.

God lesning!

Referansar:
Fjellberg, A. (2009). Xenyllodes psammo sp. n. and Halisotoma arenicola sp. n. Two new Norwegian species of psammophilic Collembola (Odontellidae, Isotomidae). Norwegian Journal of Entomology, 56, 131–139.
Fjellberg, A. (2010). Paraxenylla norvegica sp. nov., the most northern species of the genus (Collembola, Hypogastruridae). Zootaxa, 2384, 65-68
Hebert, P.D.N., Cywinska, A., Ball, S.L., & de Waard, J. R. (2003). Biological identifications through DNA barcodes. Proceedings of the Royal Society of London (B), 270, 313-321
Packer, L., Grixti, J.C., Roughley, R.E. & Hanner, R. (2009). The status of taxonomy in Canada and the impact of DNA barcoding. Canadian Journal of Zoology 87, 1097-1110
Pimm, S.L., Russel, G.J., Gittleman, J.L. & Brooks, T.M. (1995). The Future of Biodiversity. Science, 269, 347-350
Sala, O.E., Chapin, F.S., Armesto, J.J., Berlow, E., Bloomfield, J., Dirzo, R., et al. (2000). Global biodiversity scenarios for the year 2100. Science, 287, 1770-1774
Sæther, O.A. (2004). Three new species of Orthocladius subgenus Eudactylocladius (Diptera: Chironomidae) from Norway. Zootaxa, 508, 1-12
Tautz, D., Arctander, P., Minelli, A., Thomas, R.H. & Vogler, A.P. (2002). A plea for DNA taxonomy. Trends in Ecology and Evolution, 18, 70-74
Wallin, H., Nylander, U. & Kvamme, T. (2009). Two sibling species of Leiopus Audinet-Serville, 1835 (Coleoptera: Cerambycidae) from Europe: L. nebulosus (Linnaeus, 1758) and L. linnei sp. nov. Zootaxa, 2010, 31-45
Wheeler, Q.D., Raven, P.H., & Wilson, E.O. (2004). Taxonomy: Impediment or Expediment? Science, 303, 285