Viser innlegg med etiketten rav. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rav. Vis alle innlegg

fredag 21. januar 2011

Mysing i fortida gjennom gylne vindauge

Ein nydeleg bevart edderkopp i rav. Frå wikipedia.
Noko av det vakraste som finst av fossilt materiale er rav, og då særleg rav som inneheldt insekt eller andre dyr. Gjennom det gullaktige, gjennomsiktige materialet kan ein sjå attende i tid - små augneblinksbilete frå kvardagen i skogen i tidlegare tider. Anten ein er interessert i systematikk, evolusjon eller fortidsøkologi kan raven tena som eit vindauge til den største av alle leverandørar av innsikt - tida.
Rav er fossil kvae eller harpiks; som vert skild ut av mange bartre og nokre blømande plantar. Dette er molekyl som består av lange karbonkjeder med oksygen og hydrogen, og har vorte tolka både som ein forsvarsmekanisme mot insektangrep og som utskiljing av skadelege avfallsprodukt. Under høgt trykk vert raven omdanna til enno lengre karbonkjeder og vert difor hardare.
Frå tid til annan set det seg fast dyr i kvaen, som både er seig og klissut. Dette skjer ofte nok til at det finst store mengder av såkalla ravfossil - ravklumpar som inneheldt dyr, plantar eller mikroorganismar; ofte særs godt bevarte.
Den fossile gekkoen Yantarogekko balticus Bauer, Böhme & Weitschat, 2005 er kjend frå individ i baltisk rav, altså ca 54 millionar år gamalt. Bilete lånt frå Bauer et al. (2005)
Rav dukkar ikkje opp kvar som helst - for å finna rav må ein til ein plass der det på eit eller anna tidspunkt har eksistert ein skog av eit treslag som har produsert kvae. Store og kjende avsetjingar er kjend m.a. frå Østersjøområdet og den Dominikanske republikken; det finst òg rav i m.a. Mexico, Aust-USA, Søraust-Asia, nord- og sentral-Afrika, Spania og Frankrike. Det ein reknar med er den største og mest kjende av avsetjingane er såkalla baltisk rav, som stammar frå 41-47 millionar år gamle Sciadopytis-skogar i det som i dag er Østersjøen (Wolfe et al 2009). Den eldste raven med insekt i er funne i Midtausten og kallast libanesisk rav - denne er 125-135 millionar år gamal og inneheldt m.a. fleire spanande sommarfuglmygg (Azar & Nel 2003).
Snutebille (Coleoptera: Brentidae) frå baltisk rav. Frå wikipedia.
Organismane ein finn i rav er knytt til landskapet dei levde i, og varierar sjølvsagt frå avsetjing til avsetjing. Poinar & Poinar (1999) undersøkte 3017 klumpar med dominikansk rav med organismar i seg og fann at ca 26 % av dei inneheldt maur. Andre dominerande grupper var gallmygg (Diptera: Cecidomyiidae; 6.5 %), støvlus (Psocodea, 5,7%) og snyltekvefsar (ymse Hymenoptera, 5,6%). Stundom dukkar det òg opp noko større dyr, t.d. froskar og gekkoar, men desse er særs sjeldsynte og havnar ofte i private samlingar. Eg har mindre av eit problem; sommarfuglmygg er vanlege dyr i fleire av dei store ravavsetjingane og forekom i 3,2% av Poinar & Poinar (1999) sine klumpar...
Sidan så mange av dyra i raven er så godt bevarte, har det vorte gjort fleire forsøk på å studera dei på same måte som ein studerar meir moderne dyr. For morfologiske studium beskreiv Azar (1997) ein måte å løyse opp sjølve raven så dyra i han kunne monterast på same måte som ferskt innsamla materiale. Det har òg blitt gjort mange forsøk på å ekstrahera DNA frå dyr i rav; diverre har enno ingen gjeve etterprøvbare resultat (Austin et al. 1997). Vitskapen utviklar derimot stadig nye teknikkar for utvinning av eldgamalt DNA, medan alle viktige publiserte forsøk på ekstraksjon frå rav er meir enn ti år gamle (Hebsgaard et al. 2005). Det er difor framleis lov å håpa på at me ein gong vil kunne få DNA-sekvensar frå ravfaunaen.
Frå wikipedia
Og nettopp dette med DNA frå rav tek oss med inn i populærkulturen. Dette var, som mange av dykk sikkert veit, eit grunnpremiss i romanen og storfilmen Jurassic Park. Her utvann forskarar dinosaur-DNA frå mageinnhaldet til stikkemygg i rav og brukte det til å klona forhistoriske skrekkøglar til ei fornøyingspark. Viss me for nokre få sekund let som det er mogleg å bygga komplekse vertebratar av fragmenterte DNA-sekvensar, er dette unekteleg eit godt utgongspunkt for science fiction. Derimot ville ein verkeleg Jurassic Park hatt ei ganske anna rolleliste på grunn av sviktande biogeografi og økologi. Fordi dei ikkje levde i rav-produserande skog ville det neppe blitt noko av Tyrannosaurus, Velociraptor, Triceratops, Apatosaurus, Stegosaurus eller nokon av dei andre kjendisdinosaurane. Kva for dinosaurar det hadde vore realistisk å ønska seg kan eg, om folk vil, koma tilbake til.




Referansar:
Austin, J.J., Ross, A.J., Smith, A.B., Fortey, R.A & Thomas, R.H. 1997. Problems of reproducibility - does geologically ancient DNA survive in amber-preserved insects? Proceedings of the Royal Society B, 264, 467-474
Azar, D. 1997. A new method for extracting plant and insect fossils from Lebanese amber. Paleontology, 40, 1027-1029
Azar, D. & Nel, A. 2003. Fossil Psychodoid Flies and their Relation to Parasitic Diseases. Memórias do Instituto Oswaldo Cruz, 98, 35-37
Bauer, A.M., Böhme, W. & Weitschat, W. 2005. An early Eocene gecko from baltic amber and its implications for the evolution of gecko adhesion. Journal of Zoology, 265, 327-332
Hebsgaard, M.B., Phillips, M.J. & Willerslev, E. 2005. Geologically ancient DNA: fact or artefact? Trends in Microbiology, 13, 212-220
Poinar, G.O. & Poinar, R. 1999. The Amber Forest: A Reconstruction of a Vanished World. Princeton: Princeton University Press
Wolfe, A.P., Tappert, R., Muehlenbachs, K., Boudreau, M., McKellar, R.C., Basinger, J.F. & Garrett, A. 2009. A new proposal concerning the botanical origin of baltic amber. Proceedings of the Royal Society B, 276, 3403-3412