Viser innlegg med etiketten Ursidae. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ursidae. Vis alle innlegg

torsdag 9. september 2010

Ein bjørneklem til biogeografi

Utbreiinga til dei ulike bjørneartane i verda (fam. Ursidae). Frå wikipedia
Artar sine utbreiingsområde er ikkje tilfeldige. Kor ein art finst og ikkje finst er avhengig både av miljøfaktorar som temperatur, jordsmonn og nedbør, biologiske interaksjonar med andre artar (t.d. konkurranse og predasjonstrykk) og ikkje minst tilfeldige historiske hendingar. Studiet av korleis desse faktorane skapar utbreiingsmønster, og korleis utbreiingsmønstra samsvarar hjå ulike artar, kallast biogeografi.

Ein biogeografisk problemstilling kan t.d. vera kvifor det ikkje finst isbjørnar i Antarktis. Klimaet er gunstig og byttetilgongen rik, men Knut og venene han glimrar altså likevel med sitt fråvêr. Forklaringa her er både enkel og opplagt - Antarktis ligg rett og slett for langt frå isbjørnen sitt nordlege leveområde til at arten har klart å spreie seg så langt sør.

Ein kan spørra seg vidare kvifor ikkje lokale bjørneartar frå langt sør i Afrika, Australia eller Sør-Amerika har evolvert til å fylla rolla som Ursus maritimus fyller i nordområda. Dette er marginalt meir interessant, men er nesten like lett å forklara som det førre spørsmålet dersom ein har grunnleggande kjennskap til faunaen på dei ulike kontinenta. Av verdas åtte bjørneartar (ifølgje Wilson & Reeder 2005) finst berre to sør for Ekvator, og ingen sør for steinbukken sin vendekrins. Det er altså ingen bjørnar som har kome seg langt nok sør til å kunne tilpassa seg antarktiske miljøtilhøve.

Dette argumentet er lett å føra og endå enklare å følga - resultata her kjem av seg sjølv så lenge ein har kunnskap om artsrikdom og utbreiing for gruppa ein studerar. Riktignok er ikkje dette tilfelle særleg ofte, då dei fleste organismar er dårlegare kjend enn bjørnar og framleis treng ein del forsking for å få fastsett slike grunnleggande fakta. Biogeografien er framleis ein sær disiplin i og med at han oftast vert praktisert av forskarar i andre felt - i regelen taksonomar og systematikarar som analyserar utbreiingane til organismegruppene dei er ekspertar på (sitert i Humphries & Parenti 1999).

Malayabjørn Helarctos malayanus, ein av to bjørneartar sør for Ekvator. Frå wikipedia
Her kjem me til biogeografien sitt paradoks. Vitskapsgreina er driven av særs enkle konsept og produserar berre unnataksvis overraskande resultat. Like fullt er faget intellektuelt stimulerande nok til å ha inspirert fleire av dei viktigaste paradigmeskifta i naturvitskapane: Hadde dei ikkje interessert seg for denne typen problemstillingar hadde neppe verken Darwin eller Wegener kome på sine teoriar om høvesvis evolusjon og platetektonikk (sjå McCarthy 2009).

Dømet eg har brukt i denne miniartikkelen er ein forenkla versjon av ei allereie enkel historie. Det finst mange meir spanande og utfordrande biogeografiske problemstillingar eg kunne ta opp: Korleis finst det apekattar i Sør-Amerika? Kvifor finst det alligatorar og spadestørar i Kina og Amerika, men ingen andre stadar? Kva gjer den sørlege sommarfuglmyggslekta Nemapalpus på Kanari-øyene?

Mykje av dette kjem eg tilbake til.

Referansar:
Humphries, C.J & Parent, L.R. (1999). Cladistic biogeography: interpreting patterns of plant and animal distributions. Oxford & New York: Oxford University Press.
McCarthy, D. (2009). Here be dragons : how the study of animal and plant distributions revolutionized our views of life and Earth. Oxford & New York: Oxford University Press
Wilon, D.E. & Reeder, D.M. (2005). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference. Tredje utgåve. Tilgjengeleg frå http://www.press.jhu.edu (vitja 31.august 2010)