fredag 31. desember 2010

2010: Året i Psychodidae-taksonomi

2010 er i ferd med å løpa ut, og kva er vel meir naturleg då enn å mimra over året som har gått. Mange si mimring er av typen "året i musikk", "året i film", "året i vitskap" etc.; men sidan eg vil ikkje påberopa meg autoritet på så store felt går eg noko smalare til verks. I det følgjande presenterar eg difor året som gjekk i Psychodidae-taksonomi; meir spesifikt innanfor underfamiliane Psychodinae, Sycoracinae og Trichomyiinae

Året var ikkje veldig produktivt på nybeskrivingsfronten; berre 21 nye taksa vart namngjevne. Dette inkluderar ei ny slekt og ei underslekt, 18 nye artar og eit erstattingsnamn. Ytterlegare 13 artar blei presentert i den 7. internasjonale kongressen for dipterologi (Cordeiro et al. 2010b), men desse er ikkje formelt beskrivne enno.

Mange av dei beskrivne nye artane i 2010 var frå USA. Gregory Curler, som nyleg tok doktorgrad ved universitetet i Tennessee, reviderte Stupkaiella Vaillant, 1973 og beskreiv òg artar i Trichomyia, Australopericoma og Threticus saman med J. K. Moulton (Curler & Moulton 2010a, 2010b). Desse publikasjonane utmerker seg ikkje berre med utførleg beskrivne og godt illustrerte vaksne hannar - dei er òg i mange høve assosiert med like velbeskrivne larvar og puppar. Greg Curler er ein mann for framtida.

Dei to nye slekts-gruppene Perakomyia Ježek, 2010 og Nototelmatoscopus (Josifekia) Ježek, 2010 er begge så langt berre kjend frå ein einskild art kvar; begge frå Malaysia. Perakomyia høyrer til mellom dei mange slektene som på sikt må skiljast ut or den gamle og dårleg definerte Telmatoscopus Eaton, 1904; om nye slektar skal beskrivast ut frå Ježek sitt vanlege detaljnivå vil det nok derimot ta mange år før me kan einast om ein god og stabil taksonomisk ordning på denne artsgruppa. Nototelmatoscopus (Jozifekia) omfattar ein art som openberrt høyrar til i Nototelmatoscopus Satchell, 1953, men som ikkje passar i nokon av underslektene Nototelmatoscopus sensu stricto eller Oscoreopus Ježek, 1989 (Ježek, 2010).

Den gamle kjempen Rüdiger Wagner bidrog med fire artar i år; to frå Tyskland i samarbeid med ikkje-spesialistar (Beran et al. 2010) og to karibiske artar klekt frå vassansamlingar i plantar av Ananasfamilien Bromeliaceae (Wagner & Hribar 2010, Wagner et al. 2010). Dei mest spanande ananas-nyhenda av i år var likevel klekkinga av Psychoda Latreille, 1796 frå ein bromeliade (Bravo et al. 2010) - sjølv om arten foreløpig berre er kjend frå hokjønn og puppe, høyrer han utvilsomt til i Psychoda; som ikkje var kjend frå bromeliadar frå før. Ananasfamilien sitt tilhøve til Psychodidae og andre insekt er forresten eit tema eg må ta opp ein gong, det går det an å minna meg på.

Psychoda albipennis Zetterstedt, 1850 - foto: Louis Boumans.
Det eg personleg synst var mest spanande var oppdaginga av ein subgenital ekstremitet hjå ho-dyr av Philosepedon Eaton, 1904 (Cordeira et al. 2010a). Denne karakteren er tidlegare berre kjend frå Psychoda Latreille, 1796 (sjå figur) og har vore rekna som ein diagnostisk karakter for denne slekta. Dette stadfestar at Philosepedon er nærare Psychoda enn han er t.d. Paramormia og Telmatoscopus - Duckhouse (1985) sitt konsept for Psychodini er betre enn Ježek & van Harten (2005) sitt. Vidare syner det kor viktig det kan vera å sjå på begge kjønn når ein beskriv nye artar - systematisk viktig informasjon kan gå tapt viss for mykje av taksonomien berre er basert på eit kjønn og eit livsstadium.

Snakkast i 2011.

Referansar:
Beran, B., Doczkal, D., Pfister, K. & Wagner, R. (2010) Two new species of Psychodidae (subfamilies Trichomyiinae and Psychodinae) from Germany associated with decaying wood. Zootaxa, 2386, 59-64.
Bravo, F., Silva-Lopes, P. & Bastos, S. (2010) A new Brazilian species of Psychoda Latreille, 1796 (Diptera, Psychodidae) collected in a bromeliad Biota Neotropica, 10.
Cordeiro, D., Chagas, C., Bravo, F. & de Carvalho, C.J.B. (2010). A once-unique character of PsychodaPhilosepedon Eaton (Psychodidae, Psychodinae). S. 53 i Zumbado, M.A. (red.): 7th International Congress of Dipterology Abstracts Volume. Tilgjengeleg frå http://www.nadsdiptera.org/ICD/ICD7/AbstractsICD7.pdf Latreille found in
Cordeiro, D., de Carvalho, C.J.B. & Bravo, F. (2010). New species of Psychoda Latreille (Psychodidae) from Brazil. S. 52 i Zumbado, M.A. (red.): 7th International Congress of Dipterology Abstracts Volume. Tilgjengeleg frå http://www.nadsdiptera.org/ICD/ICD7/AbstractsICD7.pdf
Curler, G. R. & Moulton, J. K. (2010a) Contributions to Nearctic Stupkaiella Vaillant (Diptera: Psychodidae). Zootaxa, 2397, 48-60.
Curler, G. R. & Moulton, J. K. (2010b) Descriptions of three new species of Psychodidae (Diptera) from the southeastern United States. Zootaxa, 2524, 51-62.
Duckhouse, D. A. (1985) A re-examination of Neomaruina (Diptera, Psychodidae), with observations on its life-history and affinities and redefinition of the tribe Psychodini. Annals of the Natal Museum, 26 (2), 601-620.
Ježek, J. (2010) Further new taxa of non-biting moth flies (Diptera: Psychodidae: Psychodinae) from Malaysia. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 50, 235-252.
Ježek, J. & van Harten, A. (2005) Further new taxa and little-known species of non-biting moth flies (Diptera, Psychodidae) from Yemen. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 45, 199-220.
Wagner, R. & Hribar, L. J. (2010) A new species of moth fly (Diptera, Psychodidae, Psychodinae) collected from Bromeliads in Florida. Zootaxa, 2662, 66-68
Wagner, R., Richardson, B. & Richardson, M. J. (2010) A new psychodid species from Saban tank bromeliads. Studies on Neotropical Fauna and Environment, 45, 121-127.

onsdag 29. desember 2010

Vekesdyret: Pericoma nielseni Kvifte, 2010

Pericoma nielseni (hann) - genitalia
Pericoma blandula - ein nærskyld art.
I 1964 fann den danske insektforskaren Boy Overgaard Nielsen nokre sommarfuglmygg han ikkje klarte å plassera. Dei var særs like dei allereie kjende artane Pericoma blandula Eaton, 1893 og Pericoma fallax Eaton, 1893; men skilde seg ved fleire detaljar på hannen sine kjønnsdelar. Hjå dei to nemnde artane har gonopodane - dei to-ledda lemane som sjølve penis ligg mellom - like lang spiss som rot i det ytste leddet (sjå figur til høgre). Sjølve penis er òg ulikt forma. Han beskreiv den nye arten som ein ny art under namnet Pericoma formosa - "den vakre Pericoma" i direkte oversetjing (Nielsen 1964).

Eit godt namn i vitskapleg samanheng skal som kjend helst vera eintydig. Det kan ein diverre ikkje seie om Pericoma formosa - allereie i 1905 vart det beskriven ein sommarfuglmygg-art under dette namnet basert på fossil i baltisk rav (Meunier 1905). Sidan dyra det er snakk om her ikkje har så mykje med kvarandre å gjera og garantert høyrer til ulike artar måtte difor B.O. Nielsen sin Pericoma formosa få eit nytt namn, sidan denne vart beskriven sist. Valet fall på Pericoma nielseni, for å heidra nettopp B.O. Nielsen (Kvifte 2010).

Eg har sjølv fanga P. nielseni ein gong eg samla insekt ved Linnestranda utanfor Drammen. Dyret gjorde ikkje skam på det gamle namnet sitt - formosa tyder "vakker".

Referansar:
Kvifte, G. M. (2010) Pericoma nielseni nom. nov., a replacement name for Pericoma formosa Nielsen, 1964, preoccupied by Pericoma formosa Meunier, 1905 (Diptera: Psychodidae). Zootaxa, 2726, 68. Link.
Meunier, F. (1905) Monographie des Psychodidae de lámber de la baltique. Annales historico-naturales Musei nationalis Hungarici, 3, 235-255.
Nielsen, B. O. (1964) Studies on Danish Psychodidae (Diptera: Nematocera) II. Natura Jutlandica, 12, 149-161.

søndag 10. oktober 2010

Vekesdyret: Sciurus carolinensis

Gråekorn, Sciurus carolinensis, i England. Frå wikipedia.
Ekornfamilien omfattar nesten 300 artar og er mellom dei best studerte gnagargruppene, både taksonomisk, morfologisk og i høve til åtferd (Steppan et al. 2003). I Noreg kjenner me dei hovudsakleg gjennom det raude ekornet Sciurus vulgaris L., 1758, som er det vidast utbreidde ekornet i Europa (Engelstad 1990). I tillegg til denne arten finst det to andre Sciurus-artar i verdsdelen vår: S. anomalus Guldenstaedt, 1785 finst i Tyrkia og på dei greske øyene, og den opphavleg nord-amerikanske S. carolinensis Gmelin, 1788 er sett ut i Italia og dei britiske øyer (Engelstad 1990, Bogdanowicz 2004).

S. carolinensis, som ofte kallast gråekorn på norsk, er særleg knytt til lauvskog. Arten er både lysare på farge og større enn det raude ekornet, og har vist seg å vera ein aggressiv konkurrent til S. vulgaris der dei to artane finst saman. Unnataket er i barskog, der S. carolinensis ser ut til å vera meir utsatt for predatorar (Kenward et al. 1998).

Referansar:
Bogdanowicz, W. 2004. Fauna Europaea: Mammalia. Tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org [vitja 10.10 2010].
Engelstad, F. 1990. Ekornet. ss. 80-96 i Semb-Johansson, A. & Frislid, R. Norges Dyr. Pattedyrene 3. Oslo: Cappelen
Kenward, R., Hodder, K., Rose, R., Walls, C., Parish, T., Holm, J., Morris, P., Walls, S. and Doyle, F. 1998. Comparative demography of red squirrels (Sciurus vulgaris) and grey squirrels (Sciurus carolinensis) in deciduous and conifer woodland. Journal of Zoology, 244, 7–21
Steppan, S.J., Storz, B.L. & Hoffmann, R.S. 2003. Nuclear DNA phylogeny of the squirrels (Mammalia: Rodentia) and the evolution of arboreality from c-myc and RAG1. Molecular Phylogenetics and Evolution, 30, 703-719

mandag 4. oktober 2010

Vekesdyret: Ozyptila atomaria (Panzer, 1801)

Ozyptila atomaria, frå wikipedia

Ozyptila atomaria (Panzer, 1801) er ein vanleg krabbeedderkopp i store delar av Palearktis. Arten er funnen i mesteparten av Europa, men òg så langt aust som Mongolia og Japan (Roberts 1996, Szymkowiak 2008). I Noreg er han funnen over store delar av Sør-Noreg; i tillegg til m.a. i Svartdal i Nordland (Hauge 1989, Hauge & Thingstad 1999).

O. atomaria er knytt til strølaget i opne landskap, som t.d. grasmark og lynghei. Dei er nattaktive dyr som er aktive året rundt, men med flest førekomstar i april-mai og august-september (Bell 2010). Eg har ikkje funne detaljerte beskrivingar av jaktåtferd og fødeval, men dei fleste krabbeedderkoppar jaktar via bakhald på mange ulike slags byttedyr (Guarisco et al. 2003).

Referansar:
Bell, J.R. 2010. Ozyptila atomaria. I: Spider Recording Scheme (Online). http://srs.britishspiders.org.uk/portal.php/p/summary/s/Ozyptila%20atomaria (vitja 2.oktober 2010)
Guarisco, H., Cutler, B. & Jennings, D. 2003. Checklist of Kansas crab spiders. Kansas School Naturalist, 49 (1), 3-15
Hauge, E. 1989. An annotated check list of Norwegian spiders (Araneae). Insecta Norvegiae, 4, 1-40
Hauge, E. & Thingstad, P. G. 1999. Spiders (Araneae) from the Kvitbergvatnet area in Saltdal, northern Norway. Norwegian Journal of Entomology, 46, 49-56.
Roberts, M.J. 1996. Spiders of Britain and Northern Europe. London: HarperCollins. 383 pp.
Szymkowiak, P. 2008. On the crab spiders (Araneae: Thomisidae) of Mongolia, with notes on the species collected during the 2000 Polish expedition. Polskie Pizmo Entomologiczne, 77, 329-349

onsdag 29. september 2010

Masturberande ekorn


Kvifor er hannar av det Sør-Afrikanske ekornet Xenus inauris så ivrige til å tilfredsstilla seg sjølv seksuelt? Not Exactly Rocket Science har svaret.

søndag 26. september 2010

Vekesdyret: Berdeniella freyi (Berdén, 1954)

Hann-genitalia hjå Berdeniella freyi (Berdén, 1954), sett frå sida. Henta frå Vaillant 1976.
Berdeniella er ei mangfaldig slekt av overveiande europeiske Psychodidae, kor dei fleste er knytt til bekkar og kjelder i fjellområde. Det er kjend 63 beskrivne artar til no, for det meste i Sør- og Sentraleuropa (Ježek 2005). I Skandinavia finst det ein registrert art - Berdeniella freyi (Berdén, 1954).

Berdén (1954) beskreiv først B. freyi i slekta Pericoma, som hadde ei vidare definisjon på 1950-talet enn i dag. Som Pericoma har Berdeniella "perleforma" antennesegment; ikkje laukforma som mange andre sommarfuglmygg-grupper i Europa. Dei sikraste definerande karakterane til Berdeniella er derimot å finna på dei såkalla cercopodane på genitaliane. I motsetnad til andre Pericoma-liknande slekter har dei berre èin (eller to) utvekstar her - desse har i tillegg nokre unike, små korte piggar ved rota (Vaillant 1976). Innanfor Berdeniella er dei ulike artane enklast å sjå skilnad på gjennom forma på sjølve penis.

Genitalia ovanifrå. Frå Vaillant 1976
B. freyi er vidt utbreidd i Europa; i Fauna Europaea er arten nemnd frå Skandinavia i nord til Spania, Italia og Serbia i sør. Dei einaste publiserte norske funna av arten er frå Røsvik i Nordland (Nielsen 1965), men i samlingane ved Bergen Museum finst det i tillegg eksemplar frå Nord-Fron i Oppland og Evenes.



 Referansar:
Berdén, S. 1954. Taxonomical notes on Psychodidae (Dipt. Nem.) II. Four new species of Pericoma from Fennoscandia. Opuscula entomologica, 19, 33-39.
Ježek, J. 2006. Psychodidae (Diptera) of the Jeseníky Protected Landscape Area and its environs with descriptions of two new Berdeniella species from the Czech Republic. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 46, 151-192.
Nielsen, B. O. 1965. Psychodidae from Norway and Sweden. Opuscula entomologica, 30 (1-2), 143-152.
Vaillant, F. 1976. Psychodidae - Psychodinae. Pp. 183-206 in: Lindner, E. (ed.) Die Fliegen der Palaearktischen Region. Lief. 313. E. Schweizerbart'scheVerlagsbuchhandlung, Stuttgart.

søndag 19. september 2010

Vekesdyret: Episyrphus balteatus

Episyrphus balteatus (de Geer, 1776) frå Valestrandsfossen, Osterøy.

Målt i popularitet høyrer blomeflugene - Diptera:Syrphidae - til mellom dei mest karismatiske flugefamiliane. Sidan fargemønstra gjerne viser gode artskarakteristikkar er mange av artane relativt enkle å bestemma; sjå t.d. dei utmerka praktverka om gruppa i Nationalnyckeln. Mellom dei mest karakteristiske artane i vår fauna høyrer den dobbeltbanda blomefluga Episyrphus balteatus (de Geer, 1776); som er lett å kjenna att på dei doble svarte tverrstripane på kvart bakkroppssegment.

E. balteatus er vidt utbreidd og er funne i dei fleste europeiske land (Speight 2004). Mange bestandar, særleg i den nordlege delen av utbreiingsområdet, er trekk-insekt som vekslar mellom ein generasjon i Nord og ein i Sør- til Sentraleuropa. Hoer som parrar seg lenger sør i Europa trekk til Norden tidleg i juni og legg egg her; larvane forpuppar seg og vert vaksne om lag ein månad seinare. Trekket sørover går føre seg i august og september, sjølv om nokre individ unnataksvis kan overvintra så langt nord som Danmark og Sør-Sverige (Bartsch et al. 2009).

Som så mange andre artar i underfamilien Syrphinae er E. balteatus ein effektiv predator på bladlus (Bargen et al. 1998). Tenhumberg & Poehling (1995) fann i laboratorieeksperiment at ei einskildlarve av arten et mellom 660 og 1140 individuelle bladlus i løpet av oppveksten sin; sjølv om dette nok er langt høgare enn under naturlege tilhøve gjev det ein peikepinn på kor viktige dei er i bladlusene sin populasjonsdynamikk.


Referansar:
Bargen, H., Saudhof, K. & Poehling, H.-M. 1998. Prey finding by larvae and adult females of Episyrphus balteatus. Entomologia Experimentalis et Applicata, 87, 245-254.
Bartsch, H., Binkiewicz, E., Rådén, A. & Nasibov, E. 2009 Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Tvåvingar: Blomflugor: Syrphidae: Syrphinae Uppsala: ArtDatabanken, SLU
Speight, M. 2004. Fauna Europaea: Syrphidae. Tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org [vitja 19.9 2010].
Tenhumberg, B. & Poehling, H.-M. 1995. Syrphids as natural enemies of cereal aphids in Germany: Aspects of their biology and efficacy (sic!) in different years and regions. Agriculture, Ecosystems and Environment, 52, 39-42

fredag 10. september 2010

Vekesdyret: Empis stercorea

Empis (Xanthempis) stercorea L., 1761. Frå wikipedia.
Xanthempis Bezzi, 1909 er ei underslekt av danseflugeslekta Empis, og omfattar over 50 artar i Europa, Nord-Afrika og Japan (Chvála 1994, Daugeron 1997, 2009). Gruppa er lett å kjenna att på den gule grunnfargen, den nesten hårlause ryggen og dei lange tredjesegmenta til antennene (Chvála 1994). Dei utmerker seg mellom danseflugene som ei av særs få grupper som parar seg med fast grunn under føtene heller enn i flukt (Chvála 1994). E. (X.) trigramma Wiedemann, 1822 parar seg til dømes helst på brennesler (Urtica dioica) og giftkjeks (Conium maculatum), oftast mindre ein 1 m over bakkenivå (Preston-Mafham 1999).

Empis (Xanthempis) stercorea L., 1761 er den vanlegaste av desse artane i Nord-Europa, og finst frå Italia og nord til Lappland og Nord-Noreg (Chvála 2004). Eg har fleire dyr av båe kjønn i samlinga mi, alle samla av Petter Jordan ved Strandsvatnet i Evenes kommune, Nordland.

Referansar
Chvála, M. (1994). The Empidoidea (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. III. Genus Empis. Fauna Entomologica Scandinavica, 29, 1-187
Chvála, M. (2004). Fauna Europaea: Empididae. Tilgjengeleg frå www.faunaeur.org (vitja 10.sep.2010)
Daugeron, C. (1997). Découverte du sous-genre Xanthempis bezzi en Afrique du Nord et description de trois espèces nouvelles (Diptera : Empididae). Annales de la Société entomologique de France, 33 (2), 155-164
Daugeron, C. (2009). Two new species of Xanthempis Bezzi (Diptera, Empididae, Empidinae) endemic to the Pyrenees. Zootaxa, 2087, 59-64
Preston-Mafham, K.G. (1999). Courtship and mating in Empis (Xanthempis) trigramma Meig., E. tessellata F. and E. (Polyblepharis) opaca F. (Diptera: Empididae) and the possible implications of `cheating' behaviour. Journal of Zoology, 247, 239-246

torsdag 9. september 2010

Ein bjørneklem til biogeografi

Utbreiinga til dei ulike bjørneartane i verda (fam. Ursidae). Frå wikipedia
Artar sine utbreiingsområde er ikkje tilfeldige. Kor ein art finst og ikkje finst er avhengig både av miljøfaktorar som temperatur, jordsmonn og nedbør, biologiske interaksjonar med andre artar (t.d. konkurranse og predasjonstrykk) og ikkje minst tilfeldige historiske hendingar. Studiet av korleis desse faktorane skapar utbreiingsmønster, og korleis utbreiingsmønstra samsvarar hjå ulike artar, kallast biogeografi.

Ein biogeografisk problemstilling kan t.d. vera kvifor det ikkje finst isbjørnar i Antarktis. Klimaet er gunstig og byttetilgongen rik, men Knut og venene han glimrar altså likevel med sitt fråvêr. Forklaringa her er både enkel og opplagt - Antarktis ligg rett og slett for langt frå isbjørnen sitt nordlege leveområde til at arten har klart å spreie seg så langt sør.

Ein kan spørra seg vidare kvifor ikkje lokale bjørneartar frå langt sør i Afrika, Australia eller Sør-Amerika har evolvert til å fylla rolla som Ursus maritimus fyller i nordområda. Dette er marginalt meir interessant, men er nesten like lett å forklara som det førre spørsmålet dersom ein har grunnleggande kjennskap til faunaen på dei ulike kontinenta. Av verdas åtte bjørneartar (ifølgje Wilson & Reeder 2005) finst berre to sør for Ekvator, og ingen sør for steinbukken sin vendekrins. Det er altså ingen bjørnar som har kome seg langt nok sør til å kunne tilpassa seg antarktiske miljøtilhøve.

Dette argumentet er lett å føra og endå enklare å følga - resultata her kjem av seg sjølv så lenge ein har kunnskap om artsrikdom og utbreiing for gruppa ein studerar. Riktignok er ikkje dette tilfelle særleg ofte, då dei fleste organismar er dårlegare kjend enn bjørnar og framleis treng ein del forsking for å få fastsett slike grunnleggande fakta. Biogeografien er framleis ein sær disiplin i og med at han oftast vert praktisert av forskarar i andre felt - i regelen taksonomar og systematikarar som analyserar utbreiingane til organismegruppene dei er ekspertar på (sitert i Humphries & Parenti 1999).

Malayabjørn Helarctos malayanus, ein av to bjørneartar sør for Ekvator. Frå wikipedia
Her kjem me til biogeografien sitt paradoks. Vitskapsgreina er driven av særs enkle konsept og produserar berre unnataksvis overraskande resultat. Like fullt er faget intellektuelt stimulerande nok til å ha inspirert fleire av dei viktigaste paradigmeskifta i naturvitskapane: Hadde dei ikkje interessert seg for denne typen problemstillingar hadde neppe verken Darwin eller Wegener kome på sine teoriar om høvesvis evolusjon og platetektonikk (sjå McCarthy 2009).

Dømet eg har brukt i denne miniartikkelen er ein forenkla versjon av ei allereie enkel historie. Det finst mange meir spanande og utfordrande biogeografiske problemstillingar eg kunne ta opp: Korleis finst det apekattar i Sør-Amerika? Kvifor finst det alligatorar og spadestørar i Kina og Amerika, men ingen andre stadar? Kva gjer den sørlege sommarfuglmyggslekta Nemapalpus på Kanari-øyene?

Mykje av dette kjem eg tilbake til.

Referansar:
Humphries, C.J & Parent, L.R. (1999). Cladistic biogeography: interpreting patterns of plant and animal distributions. Oxford & New York: Oxford University Press.
McCarthy, D. (2009). Here be dragons : how the study of animal and plant distributions revolutionized our views of life and Earth. Oxford & New York: Oxford University Press
Wilon, D.E. & Reeder, D.M. (2005). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference. Tredje utgåve. Tilgjengeleg frå http://www.press.jhu.edu (vitja 31.august 2010)

søndag 5. september 2010

Vekesdyret: Rhampholeon boulengeri Steindachner, 1911

Rhampholeon boulengeri Steindachner, 1911
Rhampholeon er ei slekt med små kameleonar som for det meste lever mellom daudt lauv i skogbotn. Gruppa omfattar til no 14 beskrivne artar, dei fleste av dei i Aust-Afrika (Mariaux & Tilbury 2006). Dei fleste artane i slekta har særs lokale utbreiingar, noko som sannsynlegvis har med fortidig habitatfragmentering å gjera - ein ser for seg at skogar har delt seg i to og skild bestandar frå kvarandre og ført til at dei har fått evolvera i ulike retningar (Matthee et al. 2004). Molekylære klokkar fortel oss at desse artsdaningane skjedde i tre hovudperiodar: for 18-19, 11-13 og 6-7 millionar år sidan; noko som kan koplast både til daning av riftdalane (store Afrikanske dalføre dana mellom tektoniske platar) og til fortidige klimaendringar (Mathee et al. 2004).

R. boulengeri Steindachner, 1911 er ein skoglevande art som er funnen i Kenya, Uganda, Rwanda, Burundi og den Demokratiske Republikken Kongo (Spawls et al. 2004). Dei lever av leddyr i skogbotnen, og jaktar gjennom å ligga i bakhald og venta på at byttet skal koma nært nok. Om natta klatrar dei opp i vegetasjonen for å sova trygt (Spawls et al. 2004). Arten er særskild interessant som den einaste kameleonen det er rapportert om partenogenese frå, altså at hoer reproduserar aseksuelt og får klonalt avkom frå ubefrukta egg (Hall 1970). Desse opplysningane byggjer derimot berre på observerte kjønnstilhøve - at det i ei samling av 63 dyr frå DR Kongo berre fanst hoer - og vert difor av mange rekna som usikre (Kearney et al. 2009).

I følgje Spawls et al. (2004) er det ikkje kjend Rhampholeon-artar frå Budongo tidlegare. Derimot er R. boulengeri kjend frå mange andre skogar både sør og aust for dette området, så funnet er likevel ikkje overraskande.

Referansar:
Hall, W.P. 1970. Three probable cases of Parthenogenesis in Lizards (Agamidae, Chamaeleontidae, Gekkonidae). Experientia, 26, 1271-1273

Kearney, M., Fujita, M.K & Ridenour, J. 2009. Lost Sex in the Reptiles: Constraints and Correlations. Ss. 447-474 i Schön, I, Martens, K. & van Dijk, P. (red.) Lost Sex: The Evolutionary Biology of Parthenogenesis. New York: Springer
Mariaux, J. & Tilbury, C.R. 2006. The Pygmy Chameleons of the Eastern Arc Range (Tanzania). Evolutionary relationships and the description of three new species of Rhampholeon (Sauria: Chamaeleonidae). Herpetological Journal, 16, 315-331.
Matthee, C. A., Tilbury, C. R. & Townsend, T. 2004. A phylogenetic review of the African leaf chameleons: genus Rhampholeon (Chamaeleonidae): the role of vicariance and climate change in speciation. Proceedings of the Royal Society of London. Series B: Biological Sciences, 271, 1967-1975
Spawls, S., Howell, K., Drewes, R. & Ashe, J. 2004. A field guide to the Reptiles of East Africa. London: A&C Black. 543 ss.

lørdag 28. august 2010

Vekesdyret: Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788)

Vanleg vortesvin, Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788). Foto: Meg.

Eg har igjen tilgong til breibandsinternett og tidsskriftdatabasar, så eg tek opp att tradisjonen med å presentera vekesdyr. Denne veka skal me til pattedyra si vidunderlege verd og kika på det vanlege vortesvinet, Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788). Biletet er teke i Murchison Falls National Park, som ligg ved breidda av Nilen og er rekna mellom dei beste stadane å sjå storvilt i Afrika.

Det afrikanske kontinentet husar fem ulike svineartar i slektene Hylochoerus, Potamochoerus og Phacochoerus (Grubb 1993). Dei to første slektene omfattar tre artar som alle er utprega skogsdyr, medan vortesvina i Phacochoerus trivst best i öppna landskap. Mest sannsynleg utgjer dei afrikanske svina ei monofyletisk gruppe, som er nærare i slekt med kvarandre enn med dei europeiske og asiatiske svina i slekta Sus. Dei bisarre hjortesvina frå Sulawesi i Indonesia (Babyrousa spp. - sjå Darren Naish si framifrå artikkelserie) står noko fjernare (Gui-Sheng et al. 2006).

Av dei to vortesvin-artane i Afrika er P. africanus (Gmelin, 1788) den vidast utbreidde. Ørkenvortesvinet P. aethiopicus (Pallas, 1776) finst berre i Somalia og Kenya, men fram til ca 1860 fanst det òg bestandar av denne arten i Sør-Afrika (Grubb 1993). Dei to artane har vore reproduktivt atskilte i om lag 4.5 millionar år, og kan m.a. skiljast på at P. aethiopicus er mindre og manglar funksjonelle fortenner (Grubb 1993, Randi et al. 2002).

Det vanlege vortesvinet P. africanus er ein grasetar i regntida og lever av røter, laukar og rotknoller i tørketida (Estes 1992). Bortsett frå hannane, som lever åleine, er dei sosiale dyr som oftast er å finna i små familiegrupper styrt av ei dominant ho (Vercammen & Mason 1993). Dei er dagaktive, og søv om natta i gamle hi frå jordsvin Orycteropus afer (Pallas, 1766) som ei tilpassing mot rovdyr (White & Cameron 2009).

Referansar:
Estes, R. 1992. The behavior guide to African mammals, including hoofed mammals, carnivores, primates. Berkeley: University of California Press. 611 sider

Grubb, P. 1993. The Afrotropical suids, Phacochoerus, Hylochoerus and Potamochoerus - taxonomy and description. S. 41-43 i Oliver, W.L.R. (red.): Pigs, Peccaries and Hippos Status Survey and Action Plan. Gland: IUCN/SSC Pigs and Peccaries Specialist Group and IUCN/SSC Hippos Specialist Group

Gui-Sheng, W, Jun-Feng, P. & Ya-Ping, Z. 2006. Molecular phylogeny and phylogeography of Suidae. Zoological Research, 27 (2), 197-201

Randi, E., Dhuart, J.P., Lucchini, V. & Aman, R. 2002. Evidence of two genetically deeply divergent species of warthog, Phacochoerus africanus and P. aethiopicus (Artiodactyla: Suiformes) in East Africa. Mammalian Biology, 67 (2), 91-96

Vercammen, P. & Mason, D.R. 1993. The Warthogs (Phacochoerus africanus and P. aethiopicus). S. 120-133 i Oliver, W.L.R. (red.): Pigs, Peccaries and Hippos Status Survey and Action Plan. Gland: IUCN/SSC Pigs and Peccaries Specialist Group and IUCN/SSC Hippos Specialist Group

White, A.M & Cameron, E.Z. 2009. Communal nesting is unrelated to burrow availability in the common warthog. Animal Behaviour, 77, ss. 87-94

lørdag 31. juli 2010

Pseudovestleg luksusliv + ymse leirlivsbilete

Mange bloggarar byrjar bra, med lange serier av innsiktsfulle artiklar og innlegg og ein god personleg stil, før dei forsvinn heilt og berre oppdaterast særs sporadisk. Slike sporadiske oppdateringar manifesterar seg som regel i form av orsakingar; bloggaren skriv om kor lei seg han/ho er for ikkje å oppdatera oftare. Dette er ei felle eg ikkje har lyst til å gå i, men dagens første innlegg er i grenseland.

Saka er den at internettilgongen i Budongoskogen er suboptimal, og at både research til innlegg og opplasting av bilete såleis tek frykteleg lang tid. Førre innlegg vart skrive på ein internettkafe i Masindi, og var ei tolmodsprøve av dimensjonar. Stoda etter at eg no har somla vekk minnepinnen min er desto verre, så eg valde å avstå frå oppdateringar i staden for å levera suboptimalt.

Denne helga er eg derimot i Kampala - hovudstaden i landet. Her finst det straumtilgong heile døgeret, innlagt vatn, trådlaust breiband og restaurantar med belgisk øl. Det er mogleg å leva nesten som ein vestleg europear igjen; og eg nyt det i fulle drag. Eg skjøttar såleis mine sjølvpålagte bloggpliktar betre enn eg gjer i felt.

Dette markerar eg først ved å visa dykk nokre bilete eg har teke i felt dei siste par-tre vekene.
Eg trur dette dyret er ein afrikansk sivette, Civettictis civetta (Schreber, 1776). Stikk i strid med kva mange trur er dei ikkje kattedyr, men er nærare i slekt med genetter og fossaer (kjend frå storfilmen Madagaskar), mangustar og hyenar.

Kameleon. Eg har fleire bilete, men dei sparar eg til eg eventuelt har ei sikker artsbestemming.
Det finst minst fire artar Psychodidar på feltstasjonen - Clogmia albipunctata (Williston, 1893), Psychoda spp. og ein art eg trur høyrer til i slekta Brunettia. Dette er så vidt eg kan sjå C. albipunctata.
I tillegg til Psychodidae samlar eg òg andre dyr. Dette er eit tusenbein i gruppa Polydesmida; ei gruppe Per Djursvoll ved Bergen Museum er ekspert på.
Svartkvit kolobus, Colobus guereza

Hunting high and low

Pretty fly for a white guy
Denne gule gugga er sannsynlegvis slimsopp, men ikkje siter meg på det.
Denne sjimpansen slappar av og gjev meg mogleik til å avfotografera hans samankrølla vesle sjimpansepenis.

tirsdag 6. juli 2010

Vekesdyret: Papio anubis


Internettilgong er litt av ein bøyg i Uganda. Difor kjem vekesdyret for førre veke først i dag. Eg kan ikkje anna enn å beklaga primat-sentrismen som har prega bloggen i det siste, men sjølv om eg ser mykje spanande her er det ganske avgrensa kva eg både kan ta gode bilete av og skriva fornuftige ting om. 

Bavianar - slekta Papio - er ei lita gruppe afrikanske apar som lever i relativt ope landskap. Dei vert som regel klassifisert anten som fem ulike artar eller ein art med mange variantar, avhengig av kva slags artsomgrep ein føretrekk (Zinner et al. 2009). Den vidast utbreidde forma er olivenbavianen, Papio anubis (Lesson, 1827), som førekjem i 25 ulike land, inkludert Uganda (Cawton Lang 2006).

Det er ganske stort overlapp mellom bavianane og menneska sitt kosthald, sannsynlegvis sidan me begge er primatar som evolverte i savannemiljø i løpet av dei siste fire millionar åra (Zinner et al. 2009). Dei lokale baviangruppene ved feltstasjonen her i Budongo er difor viktige konkurrentar for føde - skadedyr som nyttar ein kvar mogleik dei får til å plyndra matforsyningane våre. Me er såleis veldig påpasselege med å legga slåer for dørene her - sjølv om bavianar kan opna lukka dører, har dei foreløpig ikkje den teknologiske innsikta til å opna ein enkel lås.

Referansar:

Cawton Lang, K.A. (2006). Primate Factsheets: Olive baboon (Papio anubis) Taxonomy, Morphology, & Ecology . Tilgjengeleg frå http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/olive_baboon. Vitja 3. juli 2010
Zinner, D., Groeneweld, L.F., Keller, C & Roos, C. (2009). Mitochondrial phylogeography of baboons (Papio spp.) – Indication for introgressive hybridization? BMC Evolutionary Biology, 9, 93

tirsdag 29. juni 2010

Om Budongo og nokre av lokalitetane eg vitjar her

Eg jobbar for tida i Budongo-skogen nord-vest i Uganda. Her er internettilgongen endå dårlegare enn i Kampala, men det er mange fleire artar av både insekt, fuglar og primatar ein kan sjå på. Etter det eg har blitt fortald finst det og mange amfibium og krypdyr her, men utanom dei talrike husgekkoane har eg enno ikkje fått sjå noko til dei.

I dag var eg ute i felt i skogen og sette ut fellene mine. Eg har med meg totalt fire Malaisetelt, som eg plasserte på fire ulike lokalitetar i tre ulike habitat. Bileta viser dei tre første lokalitetane - fukt internt i kameraet gjorde bileta frå den fjerde (men mest interessante) lokaliteten for dårlege for publikasjon. Eg vonar å få sett opp feller på ca 12-16 lokalitetar totalt.

På denne lokaliteten var det frykteleg mange buskar, slyngplanter og urtevegetasjon, til dels med skarpe piggar.
Den andre lokaliteten ligg tett attmed den grågrøne grumsute Sonso-elva, i mogen blandingsskog. Til venstre i biletet kan de skimta assistenten min, Alfeko. Han er godt kjend med skogen, og er i stand til å artsbestemma dei fleste trea og fuglane me finn på vegen. I tillegg framstår han som intelligent, noko som neppe er nokon ulempe.
Når skogen får veksa lenge nok, vert han i følgje Eggeling (1947) sjåande slik ut. Konkurranse med dei dominante artane, som treslaget Cynometra alexandrei, gjer at mange av dei mindre artane ikkje klarar seg lenger og døyr ut lokalt. Dette gjer skogbotnen ganske open, som de tydeleg kan sjå på biletet her. Dei to øvste bileta er frå tidlegare suksesjonsstadium og er både meir artsrike og meir vanskelege å ta seg fram i.

Kor mykje bra fangst det vert i kvar felle finn eg ut når eg samlar dei inn att på torsdag. I mellomtida skal eg samla manuelt, nyta leirlivet og avfotografera karismatiske kreatur eg møter på min veg.

Referanse:
Eggeling, W.J. (1947). Observations on the ecology of the Budongo rainforest, Uganda. Journal of Ecology, 34

onsdag 23. juni 2010

Vekesdyret: Cercopithecus aethiops eller Chlorocebus spp

Cercopithecus aethiops (L., 1958) eller Chlorocebus sp.?

 No som eg er i Uganda kan "vekesdyret"-spalta by på problem. For det første er mesteparten av faunaen her ny for meg - det er vanskeleg å finna ut kva dyra på bileta heiter (om dei i det heile teke har namn). Ei skral internettlinje og manglande tilgong til dei store tidsskriftdatabasane gjer det dessutan vanskelegare for meg å følgja min vante skrivestil med veldokumenterte påstandar og påfølgande feit referanseliste. Dette vil ha konsekvensar - t.d. vert det nok presentert langt fleire vertebratar.

Vekesdyret denne veka er ei vervetape eller grønmarekatt; savanne-levande marekattar (tribus Cercopithecini) som finst over mesteparten av Afrika utanom ørkenar og dei store regnskogane. Tradisjonelt er desse dyra kjende som Cercopithecus aethiops (L., 1758), men det kan godt vera ei overforenkling å rekna dei som berre ein einskild art (Cawton Lang 2006). For tida vert dei oftast klassifisert som minst seks artar i slekta Chlorocebus Gray, 1870 (Wilson & Reeder 2005); kor Ch. tantalus og Ch. pygeruthrus finst i Uganda. Det er ganske klart at gruppa treng vidare revisjon, og kanskje kan omfatta fleire ubeskrivne artar og underartar (Cawton Lang 2006, Enstam & Isbell 2007).

Mange bestandar av fleire ulike Chlorocebus-artar har vorte godt studerte, og dei synest å vera særs tilpassingsdyktige dyr (Kavanagh 1980). Dei er altetarar som har både frukt, blad, blomar, knoppar, små virvellause dyr og egg på menyen (Struhsaker 1967, Enstam & Isbell 2007), og kan vera skadedyr i landbruket gjennom at flokkar plyndrar plantasjar og hagar (Saj et al. 2001). Det eksisterar ein del variasjonar i levesett mellom ulike populasjonar; t.d. i gruppestorleik, tidsbruk, territoriestorleik og liknande (Struhsaker 1967, Willems & Hill 2009). Desse variasjonane kan vera kopla til geografi - ulike miljøtilhøve førar til ulik åtferdsrespons (Willems & Hill 2009) - eller dei kan visa seg som individuelle skilnadar mellom populasjonar i same område (Struhsaker 1967). Etter det eg veit er det ikkje gjort komparative studium om dei ulike artane har ulik åtferd - minn meg på at eg må leita etter dette når eg får tilgong på gode biblioteksressursar igjen.

Ei ape i vindauget
Det var tidlegare ein heil flokk av vervetaper på campus på Makere-universitetet. Sidan dei stal mat og trakasserte born, vart det satt ut gift, og dei aller fleste døydde. Eksemplaret på biletet er ein einskild hann som overlevde - ifølgje kjøkkenpersonalet fordi han alltid inspiserar maten nøye før han et. Eg hadde stor moro av måten han tigga på - det byrja med overdriven geisping, og då ikkje det bar frukt såg han seg nøydd til å blotta sin djupt raude, erigerte apepenis. Mitt følge for dagen hadde på si side moro av meg.

I morgon på denne tida er eg i Budongo.

Referansar:
Cawton Lang, K. A. (2006) Primate Factsheets: Vervet (Chlorocebus) Taxonomy, Morphology and Ecology. Tilgjengeleg frå http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/vervet. Vitja 22. juni 2010

Enstam, K.L. & Isbell, L.A. (2007). The Guenons (Genus Cercopithecus) and Their Allies. s. 252-274 i Campbell, C.J., Fuentes, A., MacKinnon, K.C., Panger, M. & Bearder, S.K. (red.) Primates in perspective. Oxford: Oxford University Press
Kavanagh, M. (1980). Invasion of the Forest by an African Savannah Monkey: Behavioural Adaptations. Behaviour, 73 (3/4), 238-260
Saj, T.L., Sicotte, P & Paterson, J.D. (2001). The conflict between vervet monkeys and farmers at the forest edge in Entebbe, Uganda. African Journal of Ecology, 39, 195-199
Struhsaker, T.T. (1967) Ecology of vervet monkeys (Cercopithecus aethiops) in the Masai-Amboseli game reserve, Kenya. Ecology, 48, 891-904
Willems, E.P. & Hill, R.A. (2009). A critical assessment of two species distribution models: a case study of the vervet monkey (Cercopithecus aethiops). Journal of Biogeography, 36, 2300-2312

mandag 21. juni 2010

Makere University, Kampala - Fotosafari på campus

Sjølv om eg ikkje fèr ut i felt før på torsdag, har eg allereie gjort meg nokre faunistiske undersøkingar. Dette har sjølvsagt vore reint kvalitative studium med avgrensa kvalitet, såkalla opportunistic sampling - eg har gått omkring, sveipa med håven og teke vare på særleg interessante dyr. På denne måten har eg fått eit visst inntrykk av faunaen på campus ved Makere-universitetet.

Dei følgjande fotoa gjev eit lite inntrykk av kva eg har fordrive tida med dei siste par dagane. For dei som saknar bilete av folkeliv, gatestemning og liknande kan eg opplysa om at eg òg har opplevd dette - derimot er eg ikkje modig nok til å ta med kamera ut frå campus.


Noko av det første eg la merke til var dei allestadsnærverande marabustorkane Leptoptilos crumeniferus Lesson, 1831. Dette er store fuglar med særs karakteristiske utsjånadar (Tore Skoglund hadde sikkert kalla dei stygge), og dei finst overalt rundt i byen i Kampala. På campus finst dei både på tak og i tre, og opptrer ikkje ulikt duer i Bergen. Eg synst elles det er rart at Freia-konsernet har vald å la seg representera av ein organisme som lever av hushaldsavfall og sjølvdaude dyr.

 På nokre store blad under eit tre, ikkje langt unna ein komposthaug, fann eg denne glinsande svarte og blå Psychodidae-arten. Han utmerker seg som den første Psychodiden eg har funne i Afrika som eg ikkje klarte å bestemma til slekt ut frå habitus og habitat - dei dyra eg har funne før har alle vore Clogmia albipunctata og Psychoda (sensu lato) spp. Dyret er sjølvsagt samla.


lørdag 19. juni 2010

Makere guest house

Dei første få dagane bur eg på eit lite pensjonat ved Makere-universitetet i Kampala. Her har dei gode sengar, overraskande god kaffi og mange flotte Lepidoptera og Orthoptera. Derimot synst eg det er i overkant mange stikkemygg og litt for få andre Diptera - Culicider har ikkje mange kule sider.

Eg har òg teke ein del bilete. Bèr over med dårleg kvalitet på nokre av dei; eg er framleis i startgropa som makrofotograf.

Første kveld

Eg er på plass i Uganda, innlosjert på studentvandrarheimen Makere Guest House. I vindauga sit det knelarar, digre møll og ditto grashopper, husgekkoar kravlar rundt på veggane og ute flyg det digre marabustorkar. Clogmia albipunctata finst det her òg.

Internettilgongen her er ustabil, men meir utfyllande beskrivingar (med eigne fotos) vil følga på.

tirsdag 15. juni 2010

Vekesdyret: Neria cibaria

Neria cibaria (L., 1961). Frå Kahanpää 2006
Neria cibaria (L., 1961) høyrer til stankelbeinflugene, familien Micropezidae, og er mellom dei vanlegaste norske artane i gruppa (Greve & Nielsen 1991). Arten er utbreidd i heile Europa frå Portugal til Nordland; i Noreg og Finland flyg han i juni og juli (Greve & Nilsen 1991, Ozerov 2004, Kahanpää 2006).

Ein kan skilje N. cibaria frå andre norske micropezidar på at hovudet er rundt, palpane er korte, antennebørsta er mørk ved rota og mesonotum ("ryggen") ikkje gjev noko vidare gjenskin (Andersson 1989). I tillegg er det sjølvsagt mange gode artsspesifikke trekk på genitaliane - sjå Andersson 1989 for ei framifrå teikning.

Stankelbeinfluger er generelt spinkle fluger med lange bein og smale venger. Ein del artar har evolvert til å likna maur, sannsynlegvis sidan dei då vert utsett for færre predatorar (Wheeler 1924, Eberhard 1999). Larvene utvikler seg i daudt plantemateriale, gamal møk eller i sopp (Oosterbroek 2006). Paringsdansen til dei vaksne er livlig skildra i Wheeler (1924)

Referansar:
Andersson, H. (1989). Taxonomic notes on Fennoscandian Micropezidae. Notulae Entomologicae, 69, 153-162
Eberhard, W.G. (1999). Mortal mimicry in the fly, Plocoscelus sp. (Diptera, Micropezidae). Biotropica, 31, 535
Greve, L. & Nielsen, T.R. (1991). A survey of the family Micropezidae in Norway. Fauna Norvegica Ser. B., 38, 77-87
Kahanpää, J. (2006). Micropezid flies in Finland (Diptera: Micropezidae). Tilgjengeleg frå http://www.elisanet.fi/~d625473/diptera/micropezidae/ 
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Ozerov, A.L. (2004). Micropezidae. I Fauna Europaea Web Service, tilgjengeleg frå www.faunaeur.org 
Wheeler, W.M. (1924). Courtship of the calobatas. Journal of Heredity, 15, 485-495

mandag 14. juni 2010

Lesetips

Drosophila (s. str.) replata Wollaston, 1858, frå wikimedia commons
Drosophilider er små til mellomstore fluger som hovudsakleg lever av gjær. Dei fleste forbinder familien med laboratorieforsøksdyret Drosophila (Sophophora) melanogaster Meigen, 1830, men det er mykje meir ved familien enn dette. Sjå den australske araknologen Christopher Taylor sin framifrå blogg, Catalogue of organisms for utdjuping.

søndag 13. juni 2010

Vekesdyret: Clogmia albipunctata

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) i Ghent, Belgia. Foto frå wikimedia commons.

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) er mellom dei vanlegaste illustrasjonsfotoa i nyare publikasjonar om sommarfuglmygg. Det finst fleire grunnar til dette, mellom anna at dyret i motsetnad til dei fleste andre psychodidar ved mange høve let seg bestemma til art berre ut frå fotografi. Vidare gjer arten seg godt på bilete, er særs vidt utbreidd og er ikkje minst vanleg i dei same habitata som det makrofotografar er.

I mange publikasjonar vert det hevda at arten er kosmotropisk, det vil seie at han finst i tropiske strøk over heile verda. I seinare tid har ein derimot funne arten stadig lenger nordover, med funn i Tyskland (Werner 1997), Belgia (Boumans et al. 2009) og Nederland (Boumans 2009). Det er enno ikkje kjend funn frå Skandinavia eller dei britiske øyer, men det er nok berre eit spørsmål om tid før invasjonen når hit òg. Alle sikkert bestemte funn i samlinga mi til no kjem frå Kroatia.

C. albipunctata lever opphavleg i grunt, næringsrikt vatn; til dømes i vassfylte hol i tre. I Europa er arten først og fremst ein innandørs-art som helst lever i baderom, på kjøkken og liknande. På sjukehus kan han føra til problem - ved dårlege hygieniske tilhøve kan larvane til og med infisera sår, såkalla myasis (Tu et al. 2007). Dette høyrer heldigvis til unnataka - normalt er ikkje desse myggane skadedyr.

Dersom nokre av mine lesarar (viss eg har nokon) finn sommarfuglmygg på baderomma sine, vil eg gjerne sjå bilete og helst motta eksemplar i sprit.

Referansar:
Boumans, L. (2009). De WC-motmug Clogmia albipunctata, een opvallend maar onopgemerkt element van onze fauna (Diptera: Psychodidae). Nederlandse Faunistische Medelingen, 30, 1-10.
Boumans, L., Zimmer, J.-Y. & Verheggen, F. (2009). First records of the 'bathroom mothmidge' Clogmia albipunctata, a conspicuous element of the Belgian fauna that went unnoticed (Diptera: Psychodidae). Phegea, 37, 153-160.
Tu, W. C., Chen, H. C., Chen, K. M., Tang, L. C. & Lai, S. C. 2007. Intestinal myasis caused by larvae of Telmatoscopus albipunctatus in a Taiwanese man. Journal of Clinical Gastroenterology, 41, 400-402.
Werner, D. (1997). Studies on some moth flies (Diptera: Psychodidae) with the first record of Clogmia albipunctata in central Europe. Entomological News, 108, 273-282.

lørdag 12. juni 2010

Entomologar i populærkulturen 1: Professor Crawley

Professor Crawley skjellar ut akademiske kolleger. Frå theTVaddict.com
The Big Bang Theory er ein relativt morosam amerikansk situasjonskomedie med nerdekultur og akademia som viktige tema. Serien følgjer fysikarane Leonard Hofstadter og Sheldon Cooper (som begge er frykteleg unge til å ha faste forskingsstillingar), og er difor vanlegvis ikkje spesifikt retta mot oss biologar; derimot finst det unnatak i einskildepisodar. I The Jimini Conjecture, den andre episoden i den tredje sesongen, kjem Cooper og hans kollega Howard Wolowitz i diskusjon om artsidentiteten til ein siriss som har lurt seg inn i leiligheita til førstnemnde, og dei oppsøker difor universitetets avdeling for entomologi.

Rommet dei entrar er eit mørkt menasjeri, som bortsett frå alt rotet har lite til felles med laboratoriane eg praktiserar i. Protagonistane møtar her den sinte instituttleiaren professor Crawley, portrettert av Lewis Black. Denne sinte mannen er prega av fagleg arroganse og meir eller mindre rettvis harme mot universitetsleiinga.

Det kjem fort fram at den entomologiske avdelinga er nedleggingstruga, og når eg høyrer professoren snakka skjønar eg kvifor. Karakterens einaste bragd som forskar er oppdaginga av ein einskild art gjødselbille, som han har kalla opp etter seg sjølv. For å få til dette måtte han dessutan bruka heile seks månadar på Borneo - eit tidsrom som kunne gjeve han artar å beskriva gjennom ei heil karriere dersom han hadde brukt det riktig. Å få så dårleg fangst på så god tid på ei slik spanande øy vitnar om usedvanleg dårleg forskingshandtverk.

Toppen av kransekaka er likevel påstanden hans om at han er i stand til å identifisera kvart einaste insekt og edderkoppdyr i heile verda. Viss han med dette meiner artsbestemming fèr han anten med løgn eller ekstrem hybris, og den dundrande inkompetansen hans på Borneo vert enno vanskelegare å forstå.

Professor Crawley er openberrt ein sjarlatan som ikkje har noko på ein seriøs forskingsinstitusjon å gjera.

fredag 11. juni 2010

Kulefluger er kule fluger

Acroceridae-arten Cyrtus gibbus (Fabricius 1794), Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info

 Kulefluger er det norske namnet på tovengefamilien Acroceridae; ei veldig karakteristisk gruppe fluger med små hovud og pukkelrygg. Det er kjend om lag 520 artar frå 51 slekter på verdsbasis, men gruppa er framleis ganske dårleg kjend i dei fleste regionar (Gillung & Carvalho 2009). I Europa er det funne 33 artar, kor Ogcodes pallipes Latreille, 1811 og Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er kjende frå Noreg (Ellingsen & Greve 1984, Nartshuk 2004).

Larvar av kulefluger er parasittar på juvenile edderkoppar. Dei fleste artane ser ut til å kunne parasittera mange ulike edderkoppartar, sjølv om det nok kan eksistera spesialisering på familienivå eller høgare - kulefluger i underfamilien Panopinae er t.d. berre kjend frå Mygalomorfe edderkoppar (t.d. tarantellar) medan Acrocerinae og Philopotinae parasitterar Araenomorphae (Winterton et al. 2007).

Arten Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er utbreidd i store delar av Europa, inkludert Noreg. Her frå Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info
Dei fire ulike larvestadia er ganske ulike, og oppførar seg òg ulikt. Første stadium er frittlevande og oppsøker aktivt ein vert å veksa opp i. Hjå dei fleste artane kryp larva seg inn gjennom boklungene til edderkoppen, kor andre og tredje larvestadium vert gjennomlevd. I det fjerde og siste stadiet vert den stakkars verten eten opp innanifrå før han til slutt døyr - dette skjer imidlertid først etter at han har vorte manipulert til å spinna eit beskyttande silkenett som kulefluga kan forpuppa seg i (Larrivèe & Borkent 2009).

Vaksne kulefluger vert sjeldan funne, verken i felt eller i feller, men kan stundom vera lokalt vanlege (Oosterbroek 2006). Mange av artane svermar på bakketoppar, og vert frå tid til annan tekne i store mengder der. Ein del artar kan òg finnest på blomar, der dei drikk nektar og/eller formeirar seg. Det ser ut til at planteslaget er viktig for dei einskilde flugeartane, då mange artar ser ut til å foretrekka somme blomar framfor andre: Den nordamerikanske arten Eulonchus sapphirinus Osten Sacken, 1877 føretrekk stankstorkenebb Geranium robertianum (Borkent & Schlinger 2008), medan den afrikanske arten Psilodera valida (Wiedemann, 1830) er kjend som pollinator av Gladiolus brevifolius og Bulbine falvosa (Goldblatt et al. 1997).

Referansar:
Borkent, C.J.  & Schlinger, E.I. (2008). Flower-visiting and mating behaviour of Eulonchus sapphirinus (Diptera: Acroceridae). Canadian Entomologist, 140, 250-256
Ellingsen, G.E. & Greve, L. (1984). The acrocerid flies of Norway (Dipt., Acroceridae). Fauna Norvegica Ser. B. 31, 20-22
Gillung, J.P. & de Carvalho, C.J.B. (2009). Acroceridae (Diptera): a pictorial key and diagnosis of the Brazilian genera. Zootaxa, 2175, 29-41
Goldblatt, P., Manning, J.C. & Bernhardt, P. (1997). Notes on the Pollination of Gladiolus brevifolius (Iridaceae) by Bees (Anthophoridae) and Bee Mimicking Flies (Psilodera: Acroceridae). Journal of the Kansas Entomological Society, 70, 297-304
Larrivèe, M & Borkent, C.J. (2009). New spider host associations for three acrocerid fly species (Diptera, Acroceridae). Journal of Arachnology, 37, 241-242
Nartshuk, E.P. (2004). Acroceridae. Fauna Europaea web service 2.2, tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Winterton, S.L., Wiegmann, B.M. & Schlinger, E.I. (2007). Phylogeny and Bayesian divergence time estimations of small-headed flies (Diptera: Acroceridae) using multiple molecular markers. Molecular Phylogenetics and Evolution 43 (3), 808-832

søndag 6. juni 2010

Frå entomologen sitt arsenal - viktige felletypar ved insektfangst

Det stereotype biletet av entomologen som ein eksentrikar som spring rundt i enga med ein håv er berre delvis sant. Det er sant at mesteparten av tida i felt ofte går med på å samla med håv, men det er ikkje alltid dette som skaffar dei mest interessante eksemplara eller opplysingane. Skal ein få gode standardiserte data (som jo er naudsynt for å gjera statistiske analyser på dataene) må ein som regel nytta ein passiv innsamlingsmetode, det vil seie feller.

Fallfelle med tak. Frå wikimedia commons
Kva slags felle entomologen vel seg kjem veldig an på kva slags dyr ho eller han er interessert i å studera. Araknologar og koleopterologar (edderkopp- og billesamlarar), som ofte interesserar seg mest for dyr som spring rundt på bakkenivå, sver for det meste til fallfeller. Dette kan enkelt forklarast som små glas (ofte med sprit) som ein grev ned til opninga ligg på bakkenivå. Teorien er at små bakkelevande insekt vil kunne falla ned i, og gje forskaren eit overblikk over kva slags aktivitet som skjer på bakkenivå i det lokale miljøet. I praksis er det derimot fleire faktorar som spelar inn - t.d. om ein brukar tak eller ikkje, kva slags avlivingsmedium ein brukar i fella, diameteren på glasa o.l. (Koivula et al. 2003). Felletypen er likevel nyttig i faunistisk arbeid så lenge ein standardiserar felledesignet i kvart einskild studium.

Lysfelle, frå wikimedia commons.
Sidan eg jobbar helst med flygande insekt, er ikkje fallfeller vidare nyttige for mine føremål. Det finst derimot fleire ulike felletypar som er bygd for å trekka til seg flygande dyr, anten fordi dyra aktivt oppsøker fella eller fordi fella er plassert godt i høve til rutene dyra flyg etter. Eit døme på ei felle som aktivt vert oppsøkt er lysfella, som utnytter det at mange insekt flyg mot lys. Det eksisterar fleire teoriar for kvifor insekta gjer nettopp dette, men ei forklaring ein ofte høyrer er at insekta naturleg navigerar ut frå stjernene og at kunstig lys forstyrrer denne åtferda. Lys er effektivt for mange insektgrupper, men vert særleg brukt i innsamling av sommarfuglar og møll (Lepidoptera), vårfluger (Trichoptera) og tovenger (Diptera).

Malaisetelt i bruk på Hawaii. Frå wikimedia commons
Sjølv om eg har teke mange spanande artar av både Empididae og Psychodidae i lysfelle er nok likevel favorittmetoden min til innsamling malaiseteltet. Denne fella vart oppfunnen på 1920-talet av den svenske insektsamlaren Renè Malaise, som etter ein lang dag i felt oppdaga at han hadde fanga fleire insekt i teltet sitt enn i håven (Raper 2009). Fella kan oppsummerast som ei modifisert utgåve av eit gamaldags telt som skrår oppover til eit samleglas med avlivingsvæske. Når insekta treff teltduken, flyg dei oppover som om dette var ein hindring i naturen. Dette felledesignet er særs utbreidd, særleg mellom hymenopteristar og dipteristar - insektforskarar som studerar årevenger (Hymenoptera) og tovenger (Diptera). Metoden er særleg nyttig til å dokumentera sjeldnare dyr, og kan ofte lukkast i å fanga artar som ein normalt ikkje finn med andre metodar (Triplethorn & Johnson 2005).

For mine føremål er det nok malaisefella som er nyttigast, sidan eg ikkje har tilgong til nokon påliteleg straumkjelde der eg skal arbeida i Uganda. Når eg reiser kjem feltkofferten min difor til å innehalda fire malaisefeller av Townes-designet (Townes 1972). Andre innsamlingsmetodar vil òg bli brukt, meir om dette seinare.

Referansar:
Koivula, M., Kotze, D.J., Hiisivuori, L. & Rita, H. (2003). Pitfall trap efficiency: do trap size, collecting fluid and vegetation structure matter? Entomologica Fennica 14 (1): 1-14
Raper, C. (2009). Malaise Trapping. Artikkel tilgjengeleg frå http://chrisraper.org.uk/blog/?page_id=96. (vitja 6. juni 2010)
Townes, H.K. (1972). A light-weight Malaise trap. Entomological News, 83, 239-247
Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (2005). Collecting, Preserving and Studying Insects. S. 745-778 i Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (red.): Borror and deLong's Introduction to the Study of Insects. Belmont: Thompson Learning

lørdag 5. juni 2010

Vekesdyret: Empis tessellata

Hann av Empis tessellata Fabricius, 1794. Foto: Gunnar Kvifte

Empis (Euempis) tessellata Fabricius, 1794 er ein stor art dansefluge som er vanleg i Europa nord til Nordland og sør til Middelhavskysten. I Skandinavia flyg dei frå mai til august, med flest eksemplar funne i juni og byrjinga av juli (Chvála 1994). Det avbilda eksemplaret vart funne på Arboretet på Milde den 27. mai i år, og er ein hann. Dersom nokon meiner bakkroppen ser ut til å vera i ein unaturleg vinkel, kjem dette av at han delvis braut av under bestemminga.
 
E. tessellata lever som vaksen stort sett av nektar, sannsynlegvis er dette ein av grunnane til at dei har slike lange snablar. Dyra vitjar mange ulike slags blomar, men særleg skjermplanter som hundekjeks Anthriscus sylvestris. Larva lever i jord- og strølaget, og et helst andre insektlarver (Hobby & Smith 1962).
 
Som mange andre artar i familien Empididae har E. tessellata ein interessant kurtise. Hannane dansar svermar – flygande dansegrupper som flyg over buskar og tre for å trekka til seg hoer. For å para seg krevjer ho som regel eit byttedyr hannen har fanga i forkant; storleiken på dette byttet er sannsynlegvis viktig for kor lenge hannen får lov til å halda på med ei einskild ho (Cumming 1994). E. tessellata fangar bytte som er like stort som seg sjølv eller noko større, men som oftast er det mindre tovenger som står på menyen. I følgje Parmenter (1951) er det vanlegaste byttet hårmyggen Bibio marci L.

Referansar:
Chvála, M. (1994). The Empidoidea (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. III. Genus Empis. Fauna Entomologica Scandinavica, 29, 1-187.
Cumming, J.M. (1994). Sexual selection and the evolution of dance fly mating systems (Diptera: Empididae: Empidinae). Canadian Entomologist, 126, 907-920
Hobby, B.M. & Smith, K.G.V. (1961) The bionomics of Empis tessellata F. (Dipt., Empididae). Entomologist's Monthly Magazine, 97, 2-10
Parmenter, L. (1951). Notes on the genus Empis (Dipt., Empididae) in Britain. Entomologist's Monthly Magazine, 87, 41-44