Viser innlegg med etiketten Syrphidae. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syrphidae. Vis alle innlegg

søndag 19. september 2010

Vekesdyret: Episyrphus balteatus

Episyrphus balteatus (de Geer, 1776) frå Valestrandsfossen, Osterøy.

Målt i popularitet høyrer blomeflugene - Diptera:Syrphidae - til mellom dei mest karismatiske flugefamiliane. Sidan fargemønstra gjerne viser gode artskarakteristikkar er mange av artane relativt enkle å bestemma; sjå t.d. dei utmerka praktverka om gruppa i Nationalnyckeln. Mellom dei mest karakteristiske artane i vår fauna høyrer den dobbeltbanda blomefluga Episyrphus balteatus (de Geer, 1776); som er lett å kjenna att på dei doble svarte tverrstripane på kvart bakkroppssegment.

E. balteatus er vidt utbreidd og er funne i dei fleste europeiske land (Speight 2004). Mange bestandar, særleg i den nordlege delen av utbreiingsområdet, er trekk-insekt som vekslar mellom ein generasjon i Nord og ein i Sør- til Sentraleuropa. Hoer som parrar seg lenger sør i Europa trekk til Norden tidleg i juni og legg egg her; larvane forpuppar seg og vert vaksne om lag ein månad seinare. Trekket sørover går føre seg i august og september, sjølv om nokre individ unnataksvis kan overvintra så langt nord som Danmark og Sør-Sverige (Bartsch et al. 2009).

Som så mange andre artar i underfamilien Syrphinae er E. balteatus ein effektiv predator på bladlus (Bargen et al. 1998). Tenhumberg & Poehling (1995) fann i laboratorieeksperiment at ei einskildlarve av arten et mellom 660 og 1140 individuelle bladlus i løpet av oppveksten sin; sjølv om dette nok er langt høgare enn under naturlege tilhøve gjev det ein peikepinn på kor viktige dei er i bladlusene sin populasjonsdynamikk.


Referansar:
Bargen, H., Saudhof, K. & Poehling, H.-M. 1998. Prey finding by larvae and adult females of Episyrphus balteatus. Entomologia Experimentalis et Applicata, 87, 245-254.
Bartsch, H., Binkiewicz, E., Rådén, A. & Nasibov, E. 2009 Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Tvåvingar: Blomflugor: Syrphidae: Syrphinae Uppsala: ArtDatabanken, SLU
Speight, M. 2004. Fauna Europaea: Syrphidae. Tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org [vitja 19.9 2010].
Tenhumberg, B. & Poehling, H.-M. 1995. Syrphids as natural enemies of cereal aphids in Germany: Aspects of their biology and efficacy (sic!) in different years and regions. Agriculture, Ecosystems and Environment, 52, 39-42