Viser innlegg med etiketten Vertebrata. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vertebrata. Vis alle innlegg

tirsdag 1. februar 2011

Spermophilus: Slangejegarar med grove namn

Europeisk sisel, Spermophilus citellus (L., 1766)
Ekorn (familien Sciuridae) er stilige dyr, som eg allereie har vore inne på. Med dagens innlegg startar eg ein ganske sporadisk serie om mangfaldet deira, kor eg går gjennom ekornfamilien klad for klad etter innfallsmetoden. Den første ekorngruppa eg vil presentera kallast normalt siselar på norsk, men vert vitskapleg omtala ved slektsnamnet Spermophilus

Om dette høyrast i overkant grovt ut, kan eg trøysta dykk med at det i utgongspunktet nok ikkje var meint slik - sisteleddet philus tyder riktignok "ven/elskar" på gresk, men sperma er i denne samanhengen brukt i tydinga "frø". Med andre ord snakkar me her om fødeval heller enn om seksuelle preferansar.

Spermophilus var lenge med sine over 40 artar mellom dei større pattedyrslektene. Nyare forsking har derimot vist at mange av dei tradisjonelle Spermophilus-artane var nærare i slekt med præriehundar Cynomys og murmeldyr Marmota; og slekta har difor vorte delt opp i totalt ni slekter. Slik zoologar definerar Spermophilus i dag tel slekta 14 artar; alle frå Eurasia (Steppan et al. 2004, Helgen et al. 2009).

Ictidomys tridecemlineatus (Mitchill, 1821)
Spermophilus-gruppa av slekter er ikkje berre mangfaldig når det gjeld artsrikdom - ho viser òg betydeleg variasjon når det gjeld habitatval. Riktignok er alle artane bakkelevande, men ein kan finna artar frå høg-Arktis til Mellom-Amerika; frå knusktørre ørkenar til våte præriesumpar. Nokre av artane er viktige nøkkelartar i økosystema dei lever i: Urocitellus canus (Merriam, 1898) er t.d. eit nyttedyr for mange av plantane i habitatet sitt i Nordvest-USA. Hola ekornet grev er nemleg viktige for å få luft ned i jordsmonnet (Russell Cole & Wilson 2009).

Ekorn er som regel rekna som planteetarar, men trass i namnet er det ikkje berre frø dei et i Spermophilus-gruppa. U. canus et mykje skot, knoppar og grøne blad, men er òg ein ivrig konsument av sikadar og andre insekt (Russell Cole & Wilson). Ictidomys tridecemlineatus (Mitchill, 1821) har vorte observert i det han jakta på og åt ein slange (Wistrand 1972).

Referansar:
Helgen, K.M., Russell Cole, F., Helgen, L.E. & Wilson, D.E. 2009. Generic revision in the Holarctic ground squirrel genus Spermophilus. Journal of Mammalogy, 90, 290-305.
Russell Cole, F. & Wilson, D.E. 2009. Urocitellus canus (Rodentia: Sciuridae). Mammalian Species, 834, 1-8.
Steppan, S.J., Storz, B.L. & Hoffmann, R.S. 2004. Nuclear DNA phylogeny of the squirrels (Mammalia: Rodentia) and the evolution of arboreality from c-myc and RAG1. Molecular phylogenetics and evolution, 30, 703-719
Wistrand, H.E. 1972. Predation on a snake by Spermophilus tridecemlineatus. American Midland Naturalist, 88, 511

søndag 5. september 2010

Vekesdyret: Rhampholeon boulengeri Steindachner, 1911

Rhampholeon boulengeri Steindachner, 1911
Rhampholeon er ei slekt med små kameleonar som for det meste lever mellom daudt lauv i skogbotn. Gruppa omfattar til no 14 beskrivne artar, dei fleste av dei i Aust-Afrika (Mariaux & Tilbury 2006). Dei fleste artane i slekta har særs lokale utbreiingar, noko som sannsynlegvis har med fortidig habitatfragmentering å gjera - ein ser for seg at skogar har delt seg i to og skild bestandar frå kvarandre og ført til at dei har fått evolvera i ulike retningar (Matthee et al. 2004). Molekylære klokkar fortel oss at desse artsdaningane skjedde i tre hovudperiodar: for 18-19, 11-13 og 6-7 millionar år sidan; noko som kan koplast både til daning av riftdalane (store Afrikanske dalføre dana mellom tektoniske platar) og til fortidige klimaendringar (Mathee et al. 2004).

R. boulengeri Steindachner, 1911 er ein skoglevande art som er funnen i Kenya, Uganda, Rwanda, Burundi og den Demokratiske Republikken Kongo (Spawls et al. 2004). Dei lever av leddyr i skogbotnen, og jaktar gjennom å ligga i bakhald og venta på at byttet skal koma nært nok. Om natta klatrar dei opp i vegetasjonen for å sova trygt (Spawls et al. 2004). Arten er særskild interessant som den einaste kameleonen det er rapportert om partenogenese frå, altså at hoer reproduserar aseksuelt og får klonalt avkom frå ubefrukta egg (Hall 1970). Desse opplysningane byggjer derimot berre på observerte kjønnstilhøve - at det i ei samling av 63 dyr frå DR Kongo berre fanst hoer - og vert difor av mange rekna som usikre (Kearney et al. 2009).

I følgje Spawls et al. (2004) er det ikkje kjend Rhampholeon-artar frå Budongo tidlegare. Derimot er R. boulengeri kjend frå mange andre skogar både sør og aust for dette området, så funnet er likevel ikkje overraskande.

Referansar:
Hall, W.P. 1970. Three probable cases of Parthenogenesis in Lizards (Agamidae, Chamaeleontidae, Gekkonidae). Experientia, 26, 1271-1273

Kearney, M., Fujita, M.K & Ridenour, J. 2009. Lost Sex in the Reptiles: Constraints and Correlations. Ss. 447-474 i Schön, I, Martens, K. & van Dijk, P. (red.) Lost Sex: The Evolutionary Biology of Parthenogenesis. New York: Springer
Mariaux, J. & Tilbury, C.R. 2006. The Pygmy Chameleons of the Eastern Arc Range (Tanzania). Evolutionary relationships and the description of three new species of Rhampholeon (Sauria: Chamaeleonidae). Herpetological Journal, 16, 315-331.
Matthee, C. A., Tilbury, C. R. & Townsend, T. 2004. A phylogenetic review of the African leaf chameleons: genus Rhampholeon (Chamaeleonidae): the role of vicariance and climate change in speciation. Proceedings of the Royal Society of London. Series B: Biological Sciences, 271, 1967-1975
Spawls, S., Howell, K., Drewes, R. & Ashe, J. 2004. A field guide to the Reptiles of East Africa. London: A&C Black. 543 ss.

lørdag 28. august 2010

Vekesdyret: Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788)

Vanleg vortesvin, Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788). Foto: Meg.

Eg har igjen tilgong til breibandsinternett og tidsskriftdatabasar, så eg tek opp att tradisjonen med å presentera vekesdyr. Denne veka skal me til pattedyra si vidunderlege verd og kika på det vanlege vortesvinet, Phacochoerus africanus (Gmelin, 1788). Biletet er teke i Murchison Falls National Park, som ligg ved breidda av Nilen og er rekna mellom dei beste stadane å sjå storvilt i Afrika.

Det afrikanske kontinentet husar fem ulike svineartar i slektene Hylochoerus, Potamochoerus og Phacochoerus (Grubb 1993). Dei to første slektene omfattar tre artar som alle er utprega skogsdyr, medan vortesvina i Phacochoerus trivst best i öppna landskap. Mest sannsynleg utgjer dei afrikanske svina ei monofyletisk gruppe, som er nærare i slekt med kvarandre enn med dei europeiske og asiatiske svina i slekta Sus. Dei bisarre hjortesvina frå Sulawesi i Indonesia (Babyrousa spp. - sjå Darren Naish si framifrå artikkelserie) står noko fjernare (Gui-Sheng et al. 2006).

Av dei to vortesvin-artane i Afrika er P. africanus (Gmelin, 1788) den vidast utbreidde. Ørkenvortesvinet P. aethiopicus (Pallas, 1776) finst berre i Somalia og Kenya, men fram til ca 1860 fanst det òg bestandar av denne arten i Sør-Afrika (Grubb 1993). Dei to artane har vore reproduktivt atskilte i om lag 4.5 millionar år, og kan m.a. skiljast på at P. aethiopicus er mindre og manglar funksjonelle fortenner (Grubb 1993, Randi et al. 2002).

Det vanlege vortesvinet P. africanus er ein grasetar i regntida og lever av røter, laukar og rotknoller i tørketida (Estes 1992). Bortsett frå hannane, som lever åleine, er dei sosiale dyr som oftast er å finna i små familiegrupper styrt av ei dominant ho (Vercammen & Mason 1993). Dei er dagaktive, og søv om natta i gamle hi frå jordsvin Orycteropus afer (Pallas, 1766) som ei tilpassing mot rovdyr (White & Cameron 2009).

Referansar:
Estes, R. 1992. The behavior guide to African mammals, including hoofed mammals, carnivores, primates. Berkeley: University of California Press. 611 sider

Grubb, P. 1993. The Afrotropical suids, Phacochoerus, Hylochoerus and Potamochoerus - taxonomy and description. S. 41-43 i Oliver, W.L.R. (red.): Pigs, Peccaries and Hippos Status Survey and Action Plan. Gland: IUCN/SSC Pigs and Peccaries Specialist Group and IUCN/SSC Hippos Specialist Group

Gui-Sheng, W, Jun-Feng, P. & Ya-Ping, Z. 2006. Molecular phylogeny and phylogeography of Suidae. Zoological Research, 27 (2), 197-201

Randi, E., Dhuart, J.P., Lucchini, V. & Aman, R. 2002. Evidence of two genetically deeply divergent species of warthog, Phacochoerus africanus and P. aethiopicus (Artiodactyla: Suiformes) in East Africa. Mammalian Biology, 67 (2), 91-96

Vercammen, P. & Mason, D.R. 1993. The Warthogs (Phacochoerus africanus and P. aethiopicus). S. 120-133 i Oliver, W.L.R. (red.): Pigs, Peccaries and Hippos Status Survey and Action Plan. Gland: IUCN/SSC Pigs and Peccaries Specialist Group and IUCN/SSC Hippos Specialist Group

White, A.M & Cameron, E.Z. 2009. Communal nesting is unrelated to burrow availability in the common warthog. Animal Behaviour, 77, ss. 87-94

tirsdag 6. juli 2010

Vekesdyret: Papio anubis


Internettilgong er litt av ein bøyg i Uganda. Difor kjem vekesdyret for førre veke først i dag. Eg kan ikkje anna enn å beklaga primat-sentrismen som har prega bloggen i det siste, men sjølv om eg ser mykje spanande her er det ganske avgrensa kva eg både kan ta gode bilete av og skriva fornuftige ting om. 

Bavianar - slekta Papio - er ei lita gruppe afrikanske apar som lever i relativt ope landskap. Dei vert som regel klassifisert anten som fem ulike artar eller ein art med mange variantar, avhengig av kva slags artsomgrep ein føretrekk (Zinner et al. 2009). Den vidast utbreidde forma er olivenbavianen, Papio anubis (Lesson, 1827), som førekjem i 25 ulike land, inkludert Uganda (Cawton Lang 2006).

Det er ganske stort overlapp mellom bavianane og menneska sitt kosthald, sannsynlegvis sidan me begge er primatar som evolverte i savannemiljø i løpet av dei siste fire millionar åra (Zinner et al. 2009). Dei lokale baviangruppene ved feltstasjonen her i Budongo er difor viktige konkurrentar for føde - skadedyr som nyttar ein kvar mogleik dei får til å plyndra matforsyningane våre. Me er såleis veldig påpasselege med å legga slåer for dørene her - sjølv om bavianar kan opna lukka dører, har dei foreløpig ikkje den teknologiske innsikta til å opna ein enkel lås.

Referansar:

Cawton Lang, K.A. (2006). Primate Factsheets: Olive baboon (Papio anubis) Taxonomy, Morphology, & Ecology . Tilgjengeleg frå http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/olive_baboon. Vitja 3. juli 2010
Zinner, D., Groeneweld, L.F., Keller, C & Roos, C. (2009). Mitochondrial phylogeography of baboons (Papio spp.) – Indication for introgressive hybridization? BMC Evolutionary Biology, 9, 93

onsdag 23. juni 2010

Vekesdyret: Cercopithecus aethiops eller Chlorocebus spp

Cercopithecus aethiops (L., 1958) eller Chlorocebus sp.?

 No som eg er i Uganda kan "vekesdyret"-spalta by på problem. For det første er mesteparten av faunaen her ny for meg - det er vanskeleg å finna ut kva dyra på bileta heiter (om dei i det heile teke har namn). Ei skral internettlinje og manglande tilgong til dei store tidsskriftdatabasane gjer det dessutan vanskelegare for meg å følgja min vante skrivestil med veldokumenterte påstandar og påfølgande feit referanseliste. Dette vil ha konsekvensar - t.d. vert det nok presentert langt fleire vertebratar.

Vekesdyret denne veka er ei vervetape eller grønmarekatt; savanne-levande marekattar (tribus Cercopithecini) som finst over mesteparten av Afrika utanom ørkenar og dei store regnskogane. Tradisjonelt er desse dyra kjende som Cercopithecus aethiops (L., 1758), men det kan godt vera ei overforenkling å rekna dei som berre ein einskild art (Cawton Lang 2006). For tida vert dei oftast klassifisert som minst seks artar i slekta Chlorocebus Gray, 1870 (Wilson & Reeder 2005); kor Ch. tantalus og Ch. pygeruthrus finst i Uganda. Det er ganske klart at gruppa treng vidare revisjon, og kanskje kan omfatta fleire ubeskrivne artar og underartar (Cawton Lang 2006, Enstam & Isbell 2007).

Mange bestandar av fleire ulike Chlorocebus-artar har vorte godt studerte, og dei synest å vera særs tilpassingsdyktige dyr (Kavanagh 1980). Dei er altetarar som har både frukt, blad, blomar, knoppar, små virvellause dyr og egg på menyen (Struhsaker 1967, Enstam & Isbell 2007), og kan vera skadedyr i landbruket gjennom at flokkar plyndrar plantasjar og hagar (Saj et al. 2001). Det eksisterar ein del variasjonar i levesett mellom ulike populasjonar; t.d. i gruppestorleik, tidsbruk, territoriestorleik og liknande (Struhsaker 1967, Willems & Hill 2009). Desse variasjonane kan vera kopla til geografi - ulike miljøtilhøve førar til ulik åtferdsrespons (Willems & Hill 2009) - eller dei kan visa seg som individuelle skilnadar mellom populasjonar i same område (Struhsaker 1967). Etter det eg veit er det ikkje gjort komparative studium om dei ulike artane har ulik åtferd - minn meg på at eg må leita etter dette når eg får tilgong på gode biblioteksressursar igjen.

Ei ape i vindauget
Det var tidlegare ein heil flokk av vervetaper på campus på Makere-universitetet. Sidan dei stal mat og trakasserte born, vart det satt ut gift, og dei aller fleste døydde. Eksemplaret på biletet er ein einskild hann som overlevde - ifølgje kjøkkenpersonalet fordi han alltid inspiserar maten nøye før han et. Eg hadde stor moro av måten han tigga på - det byrja med overdriven geisping, og då ikkje det bar frukt såg han seg nøydd til å blotta sin djupt raude, erigerte apepenis. Mitt følge for dagen hadde på si side moro av meg.

I morgon på denne tida er eg i Budongo.

Referansar:
Cawton Lang, K. A. (2006) Primate Factsheets: Vervet (Chlorocebus) Taxonomy, Morphology and Ecology. Tilgjengeleg frå http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/vervet. Vitja 22. juni 2010

Enstam, K.L. & Isbell, L.A. (2007). The Guenons (Genus Cercopithecus) and Their Allies. s. 252-274 i Campbell, C.J., Fuentes, A., MacKinnon, K.C., Panger, M. & Bearder, S.K. (red.) Primates in perspective. Oxford: Oxford University Press
Kavanagh, M. (1980). Invasion of the Forest by an African Savannah Monkey: Behavioural Adaptations. Behaviour, 73 (3/4), 238-260
Saj, T.L., Sicotte, P & Paterson, J.D. (2001). The conflict between vervet monkeys and farmers at the forest edge in Entebbe, Uganda. African Journal of Ecology, 39, 195-199
Struhsaker, T.T. (1967) Ecology of vervet monkeys (Cercopithecus aethiops) in the Masai-Amboseli game reserve, Kenya. Ecology, 48, 891-904
Willems, E.P. & Hill, R.A. (2009). A critical assessment of two species distribution models: a case study of the vervet monkey (Cercopithecus aethiops). Journal of Biogeography, 36, 2300-2312