lørdag 7. april 2012

Småstoff om stankelbein

Tipula (Tipula) paludosa Meigen, 1830. Frå wikimedia commons.
Den største gruppa av tovenger målt i beskrivne artar er stankelbeina, overfamilie Tipuloidea: I følgje Oosterbroek (2012) er det kjend 15 345 artar fordelt på rundt 680 slekter. 242 artar er kjend frå Noreg, men mange artar står sannsynlegvis att å finna før me har nokon vidare oversikt - i Sverige har dei 356 (Oosterbroek 2012).

Klassifikasjonen av stankelbein har variert ein del mellom ulike forfattarar. Dei fleste europeiske forfattarar (t.d. Oosterbroek 2012) reknar dei som fire ulike familiar: Tipulidae, Limoniidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Amerikanske entomologar har på si side tradisjonelt rekna desse gruppene som ulike underfamiliar av Tipulidae; og har såleis omtala dei med "-inae" som ending i staden for "idae".

Tipulidae sensu stricto (i smal forstand) omfattar nokre av dei største kjende tovengene og vert kjenneteikna av at framdelen av hovudet er forlenga til ei snute. Vidare er det ytste leddet av palpane avlangt og sylinderforma, og antennene har normalt 13 segment (Oosterbroek 2006). Denne familien omfattar over 4000 artar på verdsbasis og 94 i Noreg (Oosterbroek 2012), og er den gruppa stankelbein som har vorte best undersøkt her i landet (Hofsvang 1992).

Larve av Cylindrotomidae-arten Phalacrocera replicata (L. 1758). Frå wikimedia commons.
Cylindrotomidae er mest karakteristisk på larvestadiet, der kroppen er dekt av kjøtaktige utvekstar (Peterson et al. 2010). Som vaksne kan ein kjenna dei på ei tregreina R-åre og på at hannen sitt forplantingsorgan er delt i tre. Ein kjenner til tre norske artar, i slektene Cylindrotoma og Phalacrocera (Oosterbroek 2010).

Dicranoptycha fuscescens (Schummel, 1829) er ikkjs så skummel som namnet skulle tilseie. Frå wikipedia.
Dei langt fleste stankelbein høyrer til familien Limoniidae, eller småstankelbein. Her er det kjend over 10 000 artar på verdsbasis; 127 av desse i Noreg (Oosterbroek 2012). Sidan så mange som 207 er kjend frå Sverige og 197 er funne i Finland, burde det vera nok å gjera for flittige faunistikarar i tida framover. Familien manglar klare fellestrekk som skil dei frå dei andre tre familiane, sjølv om nokre trekk har vorte foreslått som moglege apomorfiar (Petersen et al. 2010).

Pedicia rivosa (L., 1758) - ein storvakst og relativt vanleg art som er lett å kjenne att på dei mørkt farga vengene. Frå wikipedia.
Den siste av dei fire stankelbeingruppene, Pediciidae, har tradisjonelt vore rekna som ein del av Limoniidae. Dei skil seg derimot frå desse ved å ha hår mellom fasettane på augo sine, i tillegg til detaljar i vengemønsteret (Oosterbroek 2006). Det var tsjekkaren Starý (1992) som først kom fram til at gruppa burde vera ei eiga familie; noko som støttast av molekylære data (Petersen et al. 2010). Frå Noreg er det kjend 18 artar; om lag like mange som i Sverige og i Finland.

Stankelbeina sin fylogeni, modifisert frå Petersen et al. (2010).
Det nyaste nye i Tipuloidea er Petersen et al. (2010) sin hypotese om evolusjon basert på eit kombinert datasett av både morfologiske og molekylære data frå to ulike gen. Desse forfattarane foreslo ein klassifikasjon der gruppa delast i to familiar: Pediciidae og Tipulidae, basert på at Pediciidae havna som søstergruppe til heile resten av Tipulidae. Den tradisjonelle familien Limoniidae viste seg å vera parafyletisk - i staden for at småstankelbeina utgjer ei sjølvstendig monofyletisk gruppe dukkar både Cylindrotomidae og Tipulidae opp innanfor denne gruppa. Siste ord er derimot ikkje sagt - dei morfologi-baserte stankelbeinsystematikarane brukar framleis dei fire familiane eg har skildra her, og før slektskapet innanfor Limoniidae er forstått betre vil det nok neppe skje store endringar i den klassifikasjonen som er i bruk.

Eg satsar på å presentera nokre stankelbein-artar i nærare detalj i ikkje altfor fjern framtid.


Referansar:

Hofsvang, T. (1992). A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser. B., 39, 77-79
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing 
Oosterbroek, P. (2012). Catalogue of the Craneflies of the World (Diptera, Tipuloidea: Pediciidae, Limoniidae, Cylindrotomidae, Tipulidae). Tilgjengeleg frå http://nlbif.eti.uva.nl/ccw/index.php 
Petersen,  M.J., Bertone, M.A., Wiegmann, B.M. & Courtney, G.W. Phylogenetic synthesis of morphological and molecular data reveals new insights into the higher-level classification of Tipuloidea (Diptera). Systematic Entomology, 35 (3), 526-545 
Starý J. (1992). Phylogeny and classification of Tipulomorpha, with special emphasis on the family Limoniidae. Acta Zoologica Cracoviensia, 35, 11-36.

torsdag 2. februar 2012

Vekesdyret: Psychoda grisescens Tonnoir, 1922

Kjønnsorganet til hannen av Psychoda grisescens Tonnoir, 1922
Eg har eit liberalt vekeomgrep.

Psychoda grisescens Tonnoir, 1922 er ein relativt vanleg art som finst vidt utbreidd i heile Europa. Han er ikkje mellom dei enklaste Psychoda-artane å ta, då dei artsspesifikke karakterane er vanskelege å skildra utan særs teknisk språk. Nokre kjenneteikn er at aedeagus har ein paramer som kurvar elegant over distiphallus; den subgenitale plata er U-forma og hårlaus, hypandrium er tilnærma rektangulært og ofte med små tenner på sidene.

Det har vore ein del diskusjon kring kor mykje variasjon som er til stades i P. grisescens. Withers (1988) meinte t.d. at Psychoda pusilla Tonnoir, 1922 berre er ein atypisk morf der sanseorgana på antennene har ei ekstra grein. Eg reknar desse to som eigne artar basert på Ježek (2007), men synst godt nokon kunne beskriva typematerialet av pusilla på nytt. Dette skal finnest ved naturhistorisk museum i Wien.

Meir interessant variasjon, som i litan grad har vore diskutert i litteraturen, kan finnest i retninga dei asymmetriske genitaliane peikar. Alle eksemplar eg har sett, både som illustrasjonar i litteraturen og som eksemplar i samlingar, har hatt parameren peikande til høgre (parameren er den strukturen som krøllar seg opp rundt "hovudskaftet" om lag midt på biletet). Louis Boumans har derimot fotografert eit dyr frå Nederland der denne strukturen peikar til venstre - sjå bilete her. Asymmetri som går i begge retningar er òg observert i slekta Tonnoiriella (Withers 1997). Det kunne vore interessant å vita litt om den genetiske bakgrunnen for desse "keiv-hendte" hannane, og om det òg finst "keiv-hendte" hoer...

Referansar:
Ježek, J. 2007. New Records of Moth Flies (Diptera, Psychodidae) from Poland with description of Apsycha gen.nov. Acta Zoologica Universitatis Comenianae, 47, 145-160.
Withers, P. 1988. Revisionary notes on British species of Psychoda Latreille (Diptera, Psychodidae) including new synonyms and a species new to science. British Journal of Entomology and Natural History, 1, 69-76.
Withers, P. 1997. Tonnoiriella disneyi sp. n. and Threticus balkaneoalpinus, new to Britain (Diptera, Psychodidae). Dipterists Digest, 4, 61-64.