Sjølv om eg ikkje fèr ut i felt før på torsdag, har eg allereie gjort meg nokre faunistiske undersøkingar. Dette har sjølvsagt vore reint kvalitative studium med avgrensa kvalitet, såkalla opportunistic sampling - eg har gått omkring, sveipa med håven og teke vare på særleg interessante dyr. På denne måten har eg fått eit visst inntrykk av faunaen på campus ved Makere-universitetet.
Dei følgjande fotoa gjev eit lite inntrykk av kva eg har fordrive tida med dei siste par dagane. For dei som saknar bilete av folkeliv, gatestemning og liknande kan eg opplysa om at eg òg har opplevd dette - derimot er eg ikkje modig nok til å ta med kamera ut frå campus.
Noko av det første eg la merke til var dei allestadsnærverande marabustorkane
Leptoptilos crumeniferus Lesson, 1831. Dette er store fuglar med særs karakteristiske utsjånadar (Tore Skoglund hadde sikkert kalla dei stygge), og dei finst overalt rundt i byen i Kampala. På campus finst dei både på tak og i tre, og opptrer ikkje ulikt duer i Bergen. Eg synst elles det er rart at Freia-konsernet har vald å la seg representera av ein organisme som lever av hushaldsavfall og sjølvdaude dyr.
På nokre store blad under eit tre, ikkje langt unna ein komposthaug, fann eg denne glinsande svarte og blå Psychodidae-arten. Han utmerker seg som den første Psychodiden eg har funne i Afrika som eg ikkje klarte å bestemma til slekt ut frå habitus og habitat - dei dyra eg har funne før har alle vore
Clogmia albipunctata og
Psychoda (sensu lato) spp. Dyret er sjølvsagt samla.