 |
| Eg har ingenting imot feministisk filosofi, og det har tydelegvis ikkje Clogmia albipunctata heller. |
(Modifisert frå masteroppgåva mi)
Dei aller fleste samlingar eg har gjort av sommarfuglmygg har vore sørgeleg dominerte av hokjønn. Eg seier sørgeleg ikkje fordi eg er misogynist, men fordi morfologi-basert identifisering er langt enklare når ein har med hannar å gjera enn når ein berre har tilgong på hoer.
Eit kjønnstilhøve er vanlegvis om lag 50/50, i alle fall i teorien. Dette har med å gjera at det kjønnet som er i mindretal som regel har ein selektiv fordel - dersom det t.d. er eit fleirtal av hoer i ein bestand vil det vera evolusjonært gunstig å produsera fleire hannar, og vice versa. Såleis vil kjønnstilhøvet halda seg rundt 1:1 - ein såkalla Fisheriansk kjønnsrate (Fisher 1930 sitert i Hamilton 1967).
Så var det dette med teori og praksis. I Budongo-samlinga mi er kjønnstilhøva konsistent skeivfordelte - av 546 eksemplar totalt er berre 120 hannar. Nøyaktig kor stort fleirtal hoene er i varierar, men berre unnataksvis kjem prosentdelen hannar opp mot 50%.
Skeive kjønnsfordelingar er vanlege i samlingar av mange slags insekt, og kan slå ut begge vegar. Innanfor Psychodidae er fenomenet særs vanleg og kan sjåast både i tropane og i tempererte strøk (Svensson, 2009, Wolf et al., 1988, Wagner, 1979, Wagner, 1980), og både i klekkefeller, (Wolf et al., 1988, Wagner, 1979, 1980), malaisefeller (Svensson, 2009, pers.obs.) og lysfeller (Louis Boumans, unpubl.).
 |
| Psychoda satchelli Quate, 1955 gjer seg klar til å reise kjerringa - bokstaveleg talt. |
Det har vorte foreslått fleire ulike forklaringar på dei skeivfordelte kjønnsfordelingane. Wagner (1980) meinte at fangstmetoden hadde mykje å seie - hoer blei i større grad tiltrukke felledesignet hans enn det hannar blei. Sannsynlegvis har dette noko for seg i einskildhøve, men sidan ein ser det same fenomenet i så mange forskjellige felletypar er det neppe ein god generell forklaring. Andre moglege løysingar kan ligga i artane sine livshistoriske tilpassingar - nokre artar er t.d. heilt eller delvis partenogenetiske, m.a. dei ganske vanlege artane Psychoda lativentris, Ps. alternata, Ps. phalaenoides og Ps. albipennis (dette vil seie at dei produserar avkom gjennom aseksuell reproduksjon). Det kan òg vera ein del av forklaringa at hoene normalt lever fleire dagar lengre enn hannar og såleis har betre tid på seg til å gå i feller (Wagner, 1980)...
Ein evolusjonær faktor som ofte førar til skeivfordelte kjønnstilhøve er låg genutveksling mellom populasjonar og såleis låg konkurranse mellom hannar (Hamilton, 1967). Dette er særleg vanleg hjå parasittiske insekt, nokre midd og ikkje minst barkebiller som formeirar seg ved ekstrem innavl - søskenparing. Sidan ein hann er i stand til å befrukta egga til i teorien eit uendeleg tal på hoer, er det ingen vits i å produsera meir enn ein hann dersom hannane ikkje kjem til å møta konkurranse. Hamilton (1967) fann eit visst empirisk belegg for at kjønnsratar hjå parasittiske insekt jamna seg ut når fleire hoer la egg på same vert.
 |
| Radius på sirkelen representerar totalt tal på individ. Kryssa er gjennomsnittsverdiar for vegetasjonstypane. |
Dette er særs interessant teoretisk, men sannsynlegvis inga god forklaring for dei fleste Psychodidane. I det minste hannar av slekta Psychoda er særs dyktige til å koma seg frå stad til stad, sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det når ein ser dei fly. Data frå felteksperiment med bola-edderkoppar (Mastophora spp.) tilseier at desse hannane sporar opp moglege partnarar ved å lukta etter feromonar: ungdyr av bolaedderkoppar brukar særs effektive, artsspesifikke kjemiske signal til å tiltrekka seg Psychoda, og kvar Mastophora-art er spesialisert på kvar sin Psychoda-art (Yeargan & Quate, 1996).
Sist, men ikkje minst, er det mange insektgrupper som er sårbare for infeksjonar med ei bakterie som heiter Wolbachia. Denne slekta er godt studert i mange ulike insektgrupper, og er vist å kunne forstyrra utvikling av hannar og føra til partenogenese (jomfrufødsel) i mange ulike vertsartar (Werren, 1997). Det er ikkje kjend Wolbachia frå Psychoda eller andre vanlege sommarfuglmygg, men ein kjenner mange høve frå sandmygg Phlebotominae (Ono et al., 2001, Matsumoto et al., 2008). Hadde eg hatt tid og råd kunne eg ganske enkelt ha sett etter Wolbachia-DNA i Psychodidae-prøvane mine, men det har eg diverre ikkje.
Fleire mini-utdrag kan dukka opp når du minst ventar det.
Referansar:
Hamilton, W. D. (1967) Extraordinary Sex Ratios. Science, 156, 477-488.
Matsumoto, K., Izri, A., Dumon, H., Raoult, D. & Parola, P. (2008) First detection of Wolbachia spp., including a new genotype, in sand flies collected in Marseille, France. Journal of Medical Entomology, 45, 466-469.
Ono, M., Braig, H. R., Munstermann, L. E., Ferro, C. & O'Neill, S. L. (2001) Wolbachia infections of phlebotomine sand flies (Diptera : Psychodidae). Journal of Medical Entomology, 38, 237-241.
Svensson, B. W. (2009) Fjärilsmyggfaunan i ett hagmarksområde och en ladugård i östra Blekinges skogsland. Med en översikt av familjen Psychodidae:s morfologi, systematik och utforskande, samt särskilt de svenska Psychoda s.l. -arternas biologi. Entomologisk Tidskrift, 130, 185-206.
Wagner, R. (1979) Psychodidenstudien im Schlitzerland. - Schlitzer produktionsbiologische Studien (26). Archiv für Hydrobiologie Supplement, 57, 38-88.
Wagner, R. (1980) Lunzer Psychodiden (Diptera, Nematocera). Schlitzer produktionsbiologische Studien (21). Limnologica (Berlin), 12, 109-119.
Werren, J. H. (1997) Biology of Wolbachia. Annual Review of Entomology, 42, 587-609.
Wolf, M., Matthias, U. & Roldan, P. (1988) Estudio del desarrollo de los insectos acuaticos, su emergencia y ecologia en tres ecosistemas diferentes en el departamento de Antioquia. Actualidades Biologicas (Medellin), 17, 2-27.
Yeargan, K. V. & Quate, L. W. (1996) Juvenile Bolas spiders attract Psychodid flies. Oecologia, 106 (2), 266-271.