 |
| Glade samlarar i fri dressur. Foto: Linn K. Hagenlund. |
Sommaren 2010, då eg var uppteken med å svinge håven og setje opp malaisefellene mine, blei det arrangert ein spanande konkurranse ved Louisiana State Arthropod Museum. Deltakarane i konkurransen var som meg travelt opptekne med å samla insekt, men det var visse skilnadar. Der eg kunne boltra meg i ein stor jungel ein heil sommar og berre plukka ut små utvalde
godbitar måtte amerikanarane halda seg på campus og setja saman ei så brei samling insekt som over hovudet mogleg - på 24 timar.
Samlinga sitt omfang blei målt i familiar - det vil seie grupper av slekter som står kvarandre nærare evolusjonært enn dei gjer til andre slekter. Sommarfuglmygg (Psychodidae) er ei slik gruppe; marihøner (Coccinellidae), stankelbein (Tipulidae), stikkemygg (Culicidae) og vassløparar (Gerridae) er andre. Det er vilkårleg kva for ei gruppe som blir vald til å vera ein "familie", det einaste som krevjast er at familien er eit høgare nivå enn ei "slekt" (dvs. ein familie inneheldt slekter) og eit lågare enn ein "orden" (ein orden inneheldt familiar). Alle deltagarane i det entomologiske maratonet i Louisiana klarte å samla, preparera, bestemma og setja merkelapp på over 60 familiar, og vinnaren runda 100.
 |
| frå wikipedia. |
Dette høyrest både lærerikt, morosamt og utfordrande ut. I tillegg til å få mykje stilig materiale å potensielt jobba vidare med eller senda til kollaboratørar ville eg ha fått meir breidd i kunnskapane mine - foreløpig kan eg lite om anna enn Diptera, men slik ein konkurranse ville tvunge meg til å læra meir om andre grupper òg. Eg skammar meg t.d. over mitt låge kunnskapsnivå på Coleoptera og Hymenoptera.
Nokon som er med på å arrangera noko slikt i Noreg?