Viser innlegg med etiketten overblikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten overblikk. Vis alle innlegg

fredag 28. juni 2013

Dinosaurstudium: Å studera det ein ikkje finn fossil av

Hovudskalle av Tyrannosaurus rex, frå Wikipedia
Tyrannosaurus rex Osborn, 1905 er ein av dei mest ikoniske predatorane i jordas historie. Dyret var langt frå det største rovdyret mellom dei tradisjonelle dinosaurane, men ingen andre forhistoriske "skrekk-øgler" har hatt medietekke nok til å koma i nærleiken av Tyrannosaurus sin plass i populærkulturen. Kanskje er dette på grunn av eit uvanleg elegant namn, kanskje er det fordi arten er kjend frå fleire relativt komplette skjelett, kanskje er det fordi arten blei beskriven samtidig som populærkulturen byrja fatta interesse for dinosaurar. Eg er ikkje dinosaursosiolog, men eg vil gjetta på at det mest sannsynleg er ein kombinasjon av fleire faktorar.

Til tross for den enorme interessa det er for dinosaurar er det lite ein veit konkret om dei utanom dei harde paleontologiske fakta: desse knoklane ser slik og slik ut og er funne i bergartar som ser slik og slik ut. Sidan moderne geologi er ein sofistikert vitskap er det mykje ein kan lesa ganske ukontroversielt av dette - avsetnadane kan daterast med stor presisjon, og systematiske paleontologar kan rekonstruera dyr basert på avanserte morfologiske analyser av knoklane og fylogenetiske samanlikningar med andre organismar i no- og fortid.

Likevel er det mange felt ein berre kan spekulera om. Morfologi er relativt greitt å rekonstruera fordi det baserar seg på harde fakta - forsteina fysiske knoklar ein kan måla og vega. Om ein interesserar seg for fleire ting enn sjølve morfologien vert det derimot noko vanskelegare, sjølv om det framleis ikkje er umogleg. Likevel vert grenser stadig flytta også her, og mykje som lenge berre var vill gjetting kan i dag studerast med etterprøvbare, vitskaplege metodar. Eit døme på dette er dinosaur-farge - Zhang et al. (2010) fann nyleg rester av pigmentklassa melanosomar i fossile fjær frå kinesiske rovdinosaurar, og kunne rekonstruera at t.d. Sinosauropteryx Ji & Ji, 1996 hadde ein stripete hale med tonar av kastanjebrun og raud.

Spekulativ paringsstilling for Tyrannosaurus rex. Frå Wikipedia.
Òg for Tyrannosaurus finnest det gode døme på studium av åtferd, ein eigenskap som eigentleg ikkje let seg fossilisera. Det har lenge vore debattert om arten var ein aktiv jegar eller om han primært levde av åtsel (t.d. Erickson et al. 1996; Ruxton & Houston 2003). Dette kan ein ikkje godt finna ut av ved å gå ut og sjå på korleis individ av arten brukar tida si, men ein kan bruka ulike metodar for å finna ut om han var i stand til begge delar. Erickson et al. (1996) såg på dinosaurbein med tannmerker frå Tyrannosaurus og brukte desse til å estimera kor kraftig bittet var; ut frå logikken om at jakt krev kraftigare bitt enn det å eta allereie daudt kjøt. Dei fann at bittet var på mellom 6000 og 13600 Newton, det vil seie om lag like kraftig som ein velvaksen alligator... Andre datakjelder som kan kasta lys over dette spørsmålet er m.a. studium av biomekanikken til knoklar inne i hovudet, paleoøkosystemproduktivitet, sliteskadar på tenner o.a.

Mange ting må ein likevel framleis berre spekulera seg fram til. Dei beste spekulasjonane er dei som botnar i fylogenetiske forskingsfunn - ein gjer gjetningar basert på dei best tilgjengelege rekonstruksjonane av slektskapet til organismane ein studerar. Det er avgrensa kor langt ein kan nå med slike gjetningar, men ikkje så avgrensa at det ikkje er interessant.

Basert på ei lang rekke morfologiske og etter kvart òg genetiske karakterar veit ein i dag med stort sannsyn at dei næraste nolevande slektningane til dinosaurane er fuglar - faktisk gjev ikkje omgrepet "dinosaur" meining frå ein biosystematisk ståstad dersom ein ikkje reknar fuglane som dinosaurar, sidan forfedrane til fuglane var dinosaurar. På engelsk skil ein mellom "dinosaurs" og "non-avialian dinosaurs" - dinosaur-omgrepet omfattar fuglar og må spesifiserast som "dinosaurar-som-ikkje-er-fuglar" når ein meiner dyra som i dagligtale vert kalla dinosaurar. Eg vil, for å gjera det enkelt, skilja mellom "dinosaurar" for forhistoriske skrekkøgler og "Dinosauria" for gruppa som omfattar dei forhistoriske skrekkøglene og etterkomarane deira fuglane.

Forenkla fylogenetisk tre for Dinosauria og krokodillar. Bilete frå Wikipedia, ellers heimesnekra.
Den nolevande organismegruppa som ligg nærast denne Dinosauria-kladen er etter alt å døme krokodillane, som har tilsvarande skjelstruktur (hugs at fuglar har skjel på klørne) og fleire indre anatomiske karakterar til felles som dei ikkje delar med andre organismegrupper. Dette tyder på at krokodillar og dinosaurar inkludert fuglar har hatt ein felles stamfar dei ikkje delar med nokon andre organismegrupper på jorda i dag - dei er søstergrupper. Eigenskapar som er like hjå fuglar og krokodillar kan ein stort sett gå ut frå at er arva frå denne felles stamfaren. Dette kallast fylogenetisk parantes, eller "phylogenetic bracketing" på engelsk.

Kva er det du seier, vil du ha døme på praktisk bruk av parantes? Del to av denne serien skal handla om dei ytre hann-kjønnsorgana til dinosaurane, belyst med detaljstudium av krokodillane og fuglane sine fallosar. Følg med!

Referansar:
ERICKSON, G. M., VANKIRK, S. D., SU, J. T., LEVENSTON, M. E., CALER, W. E. & CARTER, D. R. 1996. Bite-force estimation for Tyrannosaurus rex from tooth-marked bones. Nature, 382, 706-708.
RUXTON, G. D. & HOUSTON, D. C. 2003. Could Tyrannosaurus rex have been a scavenger rather than a predator? An energetics approach. Proceedings of the Royal Society B-Biological Sciences, 270, 731-733.
ZHANG, F. C., KEARNS, S. L., ORR, P. J., BENTON, M. J., ZHOU, Z. H., JOHNSON, D., XU, X. & WANG, X. L. 2010. Fossilized melanosomes and the colour of Cretaceous dinosaurs and birds. Nature, 463, 1075-1078.

lørdag 7. april 2012

Småstoff om stankelbein

Tipula (Tipula) paludosa Meigen, 1830. Frå wikimedia commons.
Den største gruppa av tovenger målt i beskrivne artar er stankelbeina, overfamilie Tipuloidea: I følgje Oosterbroek (2012) er det kjend 15 345 artar fordelt på rundt 680 slekter. 242 artar er kjend frå Noreg, men mange artar står sannsynlegvis att å finna før me har nokon vidare oversikt - i Sverige har dei 356 (Oosterbroek 2012).

Klassifikasjonen av stankelbein har variert ein del mellom ulike forfattarar. Dei fleste europeiske forfattarar (t.d. Oosterbroek 2012) reknar dei som fire ulike familiar: Tipulidae, Limoniidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Amerikanske entomologar har på si side tradisjonelt rekna desse gruppene som ulike underfamiliar av Tipulidae; og har såleis omtala dei med "-inae" som ending i staden for "idae".

Tipulidae sensu stricto (i smal forstand) omfattar nokre av dei største kjende tovengene og vert kjenneteikna av at framdelen av hovudet er forlenga til ei snute. Vidare er det ytste leddet av palpane avlangt og sylinderforma, og antennene har normalt 13 segment (Oosterbroek 2006). Denne familien omfattar over 4000 artar på verdsbasis og 94 i Noreg (Oosterbroek 2012), og er den gruppa stankelbein som har vorte best undersøkt her i landet (Hofsvang 1992).

Larve av Cylindrotomidae-arten Phalacrocera replicata (L. 1758). Frå wikimedia commons.
Cylindrotomidae er mest karakteristisk på larvestadiet, der kroppen er dekt av kjøtaktige utvekstar (Peterson et al. 2010). Som vaksne kan ein kjenna dei på ei tregreina R-åre og på at hannen sitt forplantingsorgan er delt i tre. Ein kjenner til tre norske artar, i slektene Cylindrotoma og Phalacrocera (Oosterbroek 2010).

Dicranoptycha fuscescens (Schummel, 1829) er ikkjs så skummel som namnet skulle tilseie. Frå wikipedia.
Dei langt fleste stankelbein høyrer til familien Limoniidae, eller småstankelbein. Her er det kjend over 10 000 artar på verdsbasis; 127 av desse i Noreg (Oosterbroek 2012). Sidan så mange som 207 er kjend frå Sverige og 197 er funne i Finland, burde det vera nok å gjera for flittige faunistikarar i tida framover. Familien manglar klare fellestrekk som skil dei frå dei andre tre familiane, sjølv om nokre trekk har vorte foreslått som moglege apomorfiar (Petersen et al. 2010).

Pedicia rivosa (L., 1758) - ein storvakst og relativt vanleg art som er lett å kjenne att på dei mørkt farga vengene. Frå wikipedia.
Den siste av dei fire stankelbeingruppene, Pediciidae, har tradisjonelt vore rekna som ein del av Limoniidae. Dei skil seg derimot frå desse ved å ha hår mellom fasettane på augo sine, i tillegg til detaljar i vengemønsteret (Oosterbroek 2006). Det var tsjekkaren Starý (1992) som først kom fram til at gruppa burde vera ei eiga familie; noko som støttast av molekylære data (Petersen et al. 2010). Frå Noreg er det kjend 18 artar; om lag like mange som i Sverige og i Finland.

Stankelbeina sin fylogeni, modifisert frå Petersen et al. (2010).
Det nyaste nye i Tipuloidea er Petersen et al. (2010) sin hypotese om evolusjon basert på eit kombinert datasett av både morfologiske og molekylære data frå to ulike gen. Desse forfattarane foreslo ein klassifikasjon der gruppa delast i to familiar: Pediciidae og Tipulidae, basert på at Pediciidae havna som søstergruppe til heile resten av Tipulidae. Den tradisjonelle familien Limoniidae viste seg å vera parafyletisk - i staden for at småstankelbeina utgjer ei sjølvstendig monofyletisk gruppe dukkar både Cylindrotomidae og Tipulidae opp innanfor denne gruppa. Siste ord er derimot ikkje sagt - dei morfologi-baserte stankelbeinsystematikarane brukar framleis dei fire familiane eg har skildra her, og før slektskapet innanfor Limoniidae er forstått betre vil det nok neppe skje store endringar i den klassifikasjonen som er i bruk.

Eg satsar på å presentera nokre stankelbein-artar i nærare detalj i ikkje altfor fjern framtid.


Referansar:

Hofsvang, T. (1992). A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser. B., 39, 77-79
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing 
Oosterbroek, P. (2012). Catalogue of the Craneflies of the World (Diptera, Tipuloidea: Pediciidae, Limoniidae, Cylindrotomidae, Tipulidae). Tilgjengeleg frå http://nlbif.eti.uva.nl/ccw/index.php 
Petersen,  M.J., Bertone, M.A., Wiegmann, B.M. & Courtney, G.W. Phylogenetic synthesis of morphological and molecular data reveals new insights into the higher-level classification of Tipuloidea (Diptera). Systematic Entomology, 35 (3), 526-545 
Starý J. (1992). Phylogeny and classification of Tipulomorpha, with special emphasis on the family Limoniidae. Acta Zoologica Cracoviensia, 35, 11-36.

mandag 8. august 2011

Sommarfuglmyggen og dei skeivfordelte kjønnsratane

 Eg har ingenting imot feministisk filosofi, og det har tydelegvis ikkje Clogmia albipunctata heller.
(Modifisert frå masteroppgåva mi)

Dei aller fleste samlingar eg har gjort av sommarfuglmygg har vore sørgeleg dominerte av hokjønn. Eg seier sørgeleg ikkje fordi eg er misogynist, men fordi morfologi-basert identifisering er langt enklare når ein har med hannar å gjera enn når ein berre har tilgong på hoer.
Eit kjønnstilhøve er vanlegvis om lag 50/50, i alle fall i teorien. Dette har med å gjera at det kjønnet som er i mindretal som regel har ein selektiv fordel - dersom det t.d. er eit fleirtal av hoer i ein bestand vil det vera evolusjonært gunstig å produsera fleire hannar, og vice versa. Såleis vil kjønnstilhøvet halda seg rundt 1:1 - ein såkalla Fisheriansk kjønnsrate (Fisher 1930 sitert i Hamilton 1967).
Så var det dette med teori og praksis. I Budongo-samlinga mi er kjønnstilhøva konsistent skeivfordelte - av 546 eksemplar totalt er berre 120 hannar. Nøyaktig kor stort fleirtal hoene er i varierar, men berre unnataksvis kjem prosentdelen hannar opp mot 50%.
Skeive kjønnsfordelingar er vanlege i samlingar av mange slags insekt, og kan slå ut begge vegar. Innanfor Psychodidae er fenomenet særs vanleg og kan sjåast både i tropane og i tempererte strøk (Svensson, 2009, Wolf et al., 1988, Wagner, 1979, Wagner, 1980), og både i klekkefeller, (Wolf et al., 1988, Wagner, 1979, 1980), malaisefeller (Svensson, 2009, pers.obs.) og lysfeller (Louis Boumans, unpubl.).


Psychoda satchelli Quate, 1955 gjer seg klar til å reise kjerringa - bokstaveleg talt.
Det har vorte foreslått fleire ulike forklaringar på dei skeivfordelte kjønnsfordelingane. Wagner (1980) meinte at fangstmetoden hadde mykje å seie - hoer blei i større grad tiltrukke felledesignet hans enn det hannar blei. Sannsynlegvis har dette noko for seg i einskildhøve, men sidan ein ser det same fenomenet i så mange forskjellige felletypar er det neppe ein god generell forklaring. Andre moglege løysingar kan ligga i artane sine livshistoriske tilpassingar - nokre artar er t.d. heilt eller delvis partenogenetiske, m.a. dei ganske vanlege artane Psychoda lativentris, Ps. alternata, Ps. phalaenoides og Ps. albipennis (dette vil seie at dei produserar avkom gjennom aseksuell reproduksjon). Det kan òg vera ein del av forklaringa at hoene normalt lever fleire dagar lengre enn hannar og såleis har betre tid på seg til å gå i feller (Wagner, 1980)...
Ein evolusjonær faktor som ofte førar til skeivfordelte kjønnstilhøve er låg genutveksling mellom populasjonar og såleis låg konkurranse mellom hannar (Hamilton, 1967). Dette er særleg vanleg hjå parasittiske insekt, nokre midd og ikkje minst barkebiller som formeirar seg ved ekstrem innavl - søskenparing. Sidan ein hann er i stand til å befrukta egga til i teorien eit uendeleg tal på hoer, er det ingen vits i å produsera meir enn ein hann dersom hannane ikkje kjem til å møta konkurranse. Hamilton (1967) fann eit visst empirisk belegg for at kjønnsratar hjå parasittiske insekt jamna seg ut når fleire hoer la egg på same vert.
Radius på sirkelen representerar totalt tal på individ. Kryssa er gjennomsnittsverdiar for vegetasjonstypane.
Dette er særs interessant teoretisk, men sannsynlegvis inga god forklaring for dei fleste Psychodidane. I det minste hannar av slekta Psychoda er særs dyktige til å koma seg frå stad til stad, sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det når ein ser dei fly. Data frå felteksperiment med bola-edderkoppar (Mastophora spp.) tilseier at desse hannane sporar opp moglege partnarar ved å lukta etter feromonar: ungdyr av bolaedderkoppar brukar særs effektive, artsspesifikke kjemiske signal til å tiltrekka seg Psychoda, og kvar Mastophora-art er spesialisert på kvar sin Psychoda-art (Yeargan & Quate, 1996).
Sist, men ikkje minst, er det mange insektgrupper som er sårbare for infeksjonar med ei bakterie som heiter Wolbachia. Denne slekta er godt studert i mange ulike insektgrupper, og er vist å kunne forstyrra utvikling av hannar og føra til partenogenese (jomfrufødsel) i mange ulike vertsartar (Werren, 1997). Det er ikkje kjend Wolbachia frå Psychoda eller andre vanlege sommarfuglmygg, men ein kjenner mange høve frå sandmygg Phlebotominae (Ono et al., 2001, Matsumoto et al., 2008). Hadde eg hatt tid og råd kunne eg ganske enkelt ha sett etter Wolbachia-DNA i Psychodidae-prøvane mine, men det har eg diverre ikkje.

Fleire mini-utdrag kan dukka opp når du minst ventar det.

Referansar:
Hamilton, W. D. (1967) Extraordinary Sex Ratios. Science, 156, 477-488.
Matsumoto, K., Izri, A., Dumon, H., Raoult, D. & Parola, P. (2008) First detection of Wolbachia spp., including a new genotype, in sand flies collected in Marseille, France. Journal of Medical Entomology, 45, 466-469.
Ono, M., Braig, H. R., Munstermann, L. E., Ferro, C. & O'Neill, S. L. (2001) Wolbachia infections of phlebotomine sand flies (Diptera : Psychodidae). Journal of Medical Entomology, 38, 237-241.
Svensson, B. W. (2009) Fjärilsmyggfaunan i ett hagmarksområde och en ladugård i östra Blekinges skogsland. Med en översikt av familjen Psychodidae:s morfologi, systematik och utforskande, samt särskilt de svenska Psychoda s.l. -arternas biologi. Entomologisk Tidskrift, 130, 185-206.
Wagner, R. (1979) Psychodidenstudien im Schlitzerland. - Schlitzer produktionsbiologische Studien (26). Archiv für Hydrobiologie Supplement, 57, 38-88.
Wagner, R. (1980) Lunzer Psychodiden (Diptera, Nematocera). Schlitzer produktionsbiologische Studien (21). Limnologica (Berlin), 12, 109-119.
Werren, J. H. (1997) Biology of Wolbachia. Annual Review of Entomology, 42, 587-609.
Wolf, M., Matthias, U. & Roldan, P. (1988) Estudio del desarrollo de los insectos acuaticos, su emergencia y ecologia en tres ecosistemas diferentes en el departamento de Antioquia. Actualidades Biologicas (Medellin), 17, 2-27.
Yeargan, K. V. & Quate, L. W. (1996) Juvenile Bolas spiders attract Psychodid flies. Oecologia, 106 (2), 266-271.

søndag 23. januar 2011

Dårleg taksonomi og god protokoll: Nye namn i Astraptes fulgerator-komplekset

Larver i Astraptes fulgerator-komplekset. Frå Hebert et al. 2004
OBS! Denne teksten er tungt inspirert av Biodiversity in Focus!
Fleire av dei eldste spørsmåla i biologi dreier seg om sjølve konseptet "art". Er ein art plantar eller dyr ei reell eining i naturen eller berre ein fornuftig klassifikasjon? Viss artar er reelle fenomen, korleis definerar ein dei? Kva slags skilnadar må til for at ein bestand skal vera ein eigen art framfor berre nok ein bestand av ein nærståande art?

Eg kjem ikkje til å svara på nokre av desse spørsmåla med det første - dei er viktige spørsmål å tenkje over for ein biolog, men har ingen klare ukontroversielle svar. Eg skal i staden ta for meg språket som vert brukt når ein omtalar artar innanfor biologien; vitskaplege artsnamn eller "latinske namn".

Eit vitskapleg namn i zoologi som er skrive fullt ut består av eit slektsnamn, eit artsepitet, eit eller fleire forfattarnamn og eit årstal. Slektsnamnet vert skrive i kursiv med stor forbokstav og står for ei gruppe artar som helst skal vera nærare i slekt med kvarandre enn med artar i andre slekter. Artsnamnet er ein unik "merkelapp" på den einskilde arten innanfor slekta, og vert skrive i kursiv med litan forbokstav. Forfattaren til arten er den personen eller dei personane som først gav han namn, og årstalet indikerar kva for år dette skjedde i. Dersom forsking visar at arten høyrer til i ei anna slekt enn den forfattarane først beskreiv han i, set ein parantes rundt forfattarnamnet og årstalet.


Når ein skriv om artane elles brukar ein gjerne forkorta versjonar av det fulle namnet, som regel berre slektsnamn og artsnamn: Homo sapiens i staden for Homo sapiens Linné, 1758. Viss ein har endå mindre plass, kan ein forkorta slektsnamnet: T. rex i staden for Tyrannosaurus rex Osborn, 1905. Ein annan måte å spara plass på, som eg personleg mislikar sterkt, er å kutta ut artsepitetet fullstendig: Mange skriv til dømes Drosophila når dei meiner Drosophila melanogaster Meigen, 1830 (dette er særleg feil fordi denne bananfluga som genetikarane jobbar så mykje med eigentleg bør vera i ei heilt anna slekt, nemleg Sophophora).

Eit vitskapleg namn er biologien sin måte å legga fram hypotesen om at eit sett organismar høyrer saman i ein art. Her kan eg sjølvsagt trekka fram den delvis filosofiske debatten om korleis ein definerar omgrepet "art", men det er ikkje naudsynt for poenget: Når ein set eit vitskapleg namn på eit individ er det ein hypotese om at 1) Individet høyrer til den same arten som typen (originaleksemplaret av arten, som definerar namnet), og 2) arten er distinkt ulik frå artar med andre namn. Det er sjølvsagt mogleg å framsetje desse hypotesane på andre måtar, men som regel blir ikkje dette gjort. Den vitskaplege konvensjonen er at ein brukar vitskaplege namn.

Astraptes boreas Brower, 2010; ei av Brower sine nye artar i Astraptes fulgerator-komplekset. Frå Brower 2010
"Som regel" skal her lesast som "ikkje alltid". I den moderne biologiske røynda hender det nemleg at forskarar ikkje gjev skikkelege namn til hypotesane sine. Det mest kjende dømet på dette er eit studium Hebert et al. (2004) gjorde med sommarfuglar i Costa Rica. Under eit prosjekt for å finna ut kva for plantar åmene til sommarfugl-arten Astraptes fulgerator Walch, 1775 la forskargruppa merke til at larvar som såg litt ulike ut ofte òg var å finna på ulike plantar. Då dei såg på skilnadar i det mitokondrielle genet cox1 fann dei at dei ulike larvane såg ut til å stamma frå ulike delpopulasjonar som ikkje hadde noko med kvarandre å gjera - etter mange artskonsept kunne dette tolkast som eigne artar!

Det var òg dette Hebert et al. (2004) meinte. Mitokondrielt DNA går berre i arv frå mor til avkommet, og sjølve cox1-genet muterar ikkje så ofte. Dersom ei gruppe organismar som ser ut til å vera av same art viser seg å ha to ulike sekvensar av cox1 er det mest sannsynleg at det har gått mange generasjonar sidan den muterte varianten oppsto og dei to sekvensane skilde lag. Dette tyder ikkje alltid at dei to organismegruppene høyrer til ulike populasjonar som ikkje blandar seg med kvarandre, men det kan vera ein god peikepinn. Om ein i tillegg kan byggja opp under cox1-skilnadane med andre skilnadar, t.d. i morfologi, åtferd eller geografisk utbreiing, har ein ein god hypotese om artsstatus.

Hebert et al. (2004) sin artikkel blei lesen av ein vid lesarkrins, og vart særs vidgjeten for sin påstand om at dei fann 10 artar der forskarar tidlegare hadde trudd det berre var ein. Derimot gjorde dei ikkje heimeleksene sine skikkeleg - ingen av artshypotesane blei framstilt som vitskaplege namn, men i staden som katalognummer eller andre kodar (t.d. "FABOV", "MYST", "HIHAMP"). Dette var fordi hypotesane dei la fram dreide seg om element 2) av det vitskaplege namnet - at "artane" var distinkt ulike andre artar. Element 1), hypotesen om at individa høyrde til ein kjend art, blei ikkje utforska - det er ingen som veit kva for ein av Hebert et al. sine cox1-artar type-eksemplaret til Astraptes fulgerator høyrer til i.

Det gjekk seks år. Ingen av forskarane i Hebert sitt team såg ut til å gjera noko for å utforska hypotesane sine vidare. Dei vidt bejubla "nye sommarfuglartane" blei ikkje knytt verken til etablerte namn eller nye namn før seint i fjor. Andrew Brower, som ikkje var knytt til den opphavlege studia og aldri hadde sett eksemplar av nokon av artane, skreiv ein kort artikkel i Systematics and Biodiversity der han gav formelle vitskaplege namn til alle ti hypotesane til Hebert (Brower 2010). Eit døme på ei av artsbeskrivingane [mi omsetjing]:

Astraptes procrastinator, n.sp.
Typelokalitet: Costa Rica, Alajuela Prov. Area de Conservacion Guanacaste, Sector Santa Rosa, Cafetal, 10.85827° N, 85.61089° W, 280 m.
Diagnose: Arten kan skiljast frå andre medlemmar av Astraptes fulgerator-komplekset ved hjelp av følgande karakterkombinasjon i DNA-strekkoden [cox1]: 52C; 109T; 649T.
Holotype [typeeksemplar]: Eksemplar 93-SRNP-7060, lagra ved Universitetet i Pennsylvania
Merknad: Denne arten tilsvarar [...] "FABOV" i Hebert et al. (2004)
Etymologi: Namnet speglar på den lange tida det tok frå arten vart oppdaga til han vart beskriven [procrastinator tyder somlekopp, bloggar.anm.].
Astraptes anaphus (Cramer, 1777), ein Astraptes-art som ikkje høyrer til i fulgerator-komplekset. Frå wikipedia.
Denne artsbeskrivinga er ikkje typisk for artsbeskrivingar generelt, men gjev eit godt bilete av grunntonen i Brower (2010). Normalt ville ei slik beskriving gjere greie for det som er kjend av morfologiske og økologiske kjenneteikn ved arten. Regelverket som styrer zoologiske namn, ICZN, krev derimot berre at ein gjev ei "diagnose" som fortel korleis arten kan skiljast frå andre artar. I høvet Astraptes procrastinator Brower, 2010 er desse kjenneteikna basar i cox1-sekvensen som vart brukt i Hebert et al: plass 52 i sekvensen er ein C, medan plass 109 og plass 649 er T-ar.

Som tilhengar av heilskapleg taksonomi meiner eg dette er dårlege artar som treng meir forsking. Forhåpentlegvis vil ein ekspert på sommarfuglar i ikkje så altfor fjern framtid låna det som finst av typeeksemplar og bruka dei saman med ferskfanga materiale til å revidera artskomplekset. Det trengs både studium av fleire gensekvensar og detaljstudium av morfologi for å få klarheit i kva for artar som tålar å bli gått etter i sømane, kva for ein av dei som er den verkelege Astraptes fulgerator og kva for nokre som må synonymiserast med kvarandre.

Likevel synst eg ikkje det er Andrew Brower som er skurken her. Det einaste han gjorde var å standardisera Hebert et al. (2004) sine hypotesar til det språket slike hypotesar oftast blir framsett i. Om hypotesane er gode eller ikkje, er eit anna spørsmål - Brower har i ein tidlegare analyse (2006) demonstrert at mange av Hebert et al. (2004) sine artar ikkje ein gong er eintydige ut frå cox1! Det Brower har gjort no er å visa i klartekst for andre biologar kva hypotesane til Hebert et al. faktisk går ut på.



Referansar:
Brower, A.V.Z. 2006. Problems with DNA barcodes for species delimitation: 'ten species' of Astraptes fulgerator reassessed (Lepidoptera: Hesperiidae). Systematics and Biodiversity, 4, 127–13 10.1017/S147720000500191X
Brower, A.V.Z. 2010. Alleviating the taxonomic impediment of DNA barcoding and setting a bad precedent: names for ten species of ‘Astraptes fulgerator’ (Lepidoptera: Hesperiidae: Eudaminae) with DNA-based diagnoses. Systematics and Biodiversity, 8: 485 – 491. 10.1080/14772000.2010.534512
Hebert,  P.D.N., Penton, E.H., Burns, J.M., Janzen, D.H. & Hallwachs, W.T. 2004. Ten species in one: DNA barcoding reveals cryptic species in the semitropical skipper butterfly Astraptes fulgerator. Proceedings of the National Academy of Sciences, 101, 14812-14817 10.1073/pnas.0406166101

fredag 21. januar 2011

Mysing i fortida gjennom gylne vindauge

Ein nydeleg bevart edderkopp i rav. Frå wikipedia.
Noko av det vakraste som finst av fossilt materiale er rav, og då særleg rav som inneheldt insekt eller andre dyr. Gjennom det gullaktige, gjennomsiktige materialet kan ein sjå attende i tid - små augneblinksbilete frå kvardagen i skogen i tidlegare tider. Anten ein er interessert i systematikk, evolusjon eller fortidsøkologi kan raven tena som eit vindauge til den største av alle leverandørar av innsikt - tida.
Rav er fossil kvae eller harpiks; som vert skild ut av mange bartre og nokre blømande plantar. Dette er molekyl som består av lange karbonkjeder med oksygen og hydrogen, og har vorte tolka både som ein forsvarsmekanisme mot insektangrep og som utskiljing av skadelege avfallsprodukt. Under høgt trykk vert raven omdanna til enno lengre karbonkjeder og vert difor hardare.
Frå tid til annan set det seg fast dyr i kvaen, som både er seig og klissut. Dette skjer ofte nok til at det finst store mengder av såkalla ravfossil - ravklumpar som inneheldt dyr, plantar eller mikroorganismar; ofte særs godt bevarte.
Den fossile gekkoen Yantarogekko balticus Bauer, Böhme & Weitschat, 2005 er kjend frå individ i baltisk rav, altså ca 54 millionar år gamalt. Bilete lånt frå Bauer et al. (2005)
Rav dukkar ikkje opp kvar som helst - for å finna rav må ein til ein plass der det på eit eller anna tidspunkt har eksistert ein skog av eit treslag som har produsert kvae. Store og kjende avsetjingar er kjend m.a. frå Østersjøområdet og den Dominikanske republikken; det finst òg rav i m.a. Mexico, Aust-USA, Søraust-Asia, nord- og sentral-Afrika, Spania og Frankrike. Det ein reknar med er den største og mest kjende av avsetjingane er såkalla baltisk rav, som stammar frå 41-47 millionar år gamle Sciadopytis-skogar i det som i dag er Østersjøen (Wolfe et al 2009). Den eldste raven med insekt i er funne i Midtausten og kallast libanesisk rav - denne er 125-135 millionar år gamal og inneheldt m.a. fleire spanande sommarfuglmygg (Azar & Nel 2003).
Snutebille (Coleoptera: Brentidae) frå baltisk rav. Frå wikipedia.
Organismane ein finn i rav er knytt til landskapet dei levde i, og varierar sjølvsagt frå avsetjing til avsetjing. Poinar & Poinar (1999) undersøkte 3017 klumpar med dominikansk rav med organismar i seg og fann at ca 26 % av dei inneheldt maur. Andre dominerande grupper var gallmygg (Diptera: Cecidomyiidae; 6.5 %), støvlus (Psocodea, 5,7%) og snyltekvefsar (ymse Hymenoptera, 5,6%). Stundom dukkar det òg opp noko større dyr, t.d. froskar og gekkoar, men desse er særs sjeldsynte og havnar ofte i private samlingar. Eg har mindre av eit problem; sommarfuglmygg er vanlege dyr i fleire av dei store ravavsetjingane og forekom i 3,2% av Poinar & Poinar (1999) sine klumpar...
Sidan så mange av dyra i raven er så godt bevarte, har det vorte gjort fleire forsøk på å studera dei på same måte som ein studerar meir moderne dyr. For morfologiske studium beskreiv Azar (1997) ein måte å løyse opp sjølve raven så dyra i han kunne monterast på same måte som ferskt innsamla materiale. Det har òg blitt gjort mange forsøk på å ekstrahera DNA frå dyr i rav; diverre har enno ingen gjeve etterprøvbare resultat (Austin et al. 1997). Vitskapen utviklar derimot stadig nye teknikkar for utvinning av eldgamalt DNA, medan alle viktige publiserte forsøk på ekstraksjon frå rav er meir enn ti år gamle (Hebsgaard et al. 2005). Det er difor framleis lov å håpa på at me ein gong vil kunne få DNA-sekvensar frå ravfaunaen.
Frå wikipedia
Og nettopp dette med DNA frå rav tek oss med inn i populærkulturen. Dette var, som mange av dykk sikkert veit, eit grunnpremiss i romanen og storfilmen Jurassic Park. Her utvann forskarar dinosaur-DNA frå mageinnhaldet til stikkemygg i rav og brukte det til å klona forhistoriske skrekkøglar til ei fornøyingspark. Viss me for nokre få sekund let som det er mogleg å bygga komplekse vertebratar av fragmenterte DNA-sekvensar, er dette unekteleg eit godt utgongspunkt for science fiction. Derimot ville ein verkeleg Jurassic Park hatt ei ganske anna rolleliste på grunn av sviktande biogeografi og økologi. Fordi dei ikkje levde i rav-produserande skog ville det neppe blitt noko av Tyrannosaurus, Velociraptor, Triceratops, Apatosaurus, Stegosaurus eller nokon av dei andre kjendisdinosaurane. Kva for dinosaurar det hadde vore realistisk å ønska seg kan eg, om folk vil, koma tilbake til.




Referansar:
Austin, J.J., Ross, A.J., Smith, A.B., Fortey, R.A & Thomas, R.H. 1997. Problems of reproducibility - does geologically ancient DNA survive in amber-preserved insects? Proceedings of the Royal Society B, 264, 467-474
Azar, D. 1997. A new method for extracting plant and insect fossils from Lebanese amber. Paleontology, 40, 1027-1029
Azar, D. & Nel, A. 2003. Fossil Psychodoid Flies and their Relation to Parasitic Diseases. Memórias do Instituto Oswaldo Cruz, 98, 35-37
Bauer, A.M., Böhme, W. & Weitschat, W. 2005. An early Eocene gecko from baltic amber and its implications for the evolution of gecko adhesion. Journal of Zoology, 265, 327-332
Hebsgaard, M.B., Phillips, M.J. & Willerslev, E. 2005. Geologically ancient DNA: fact or artefact? Trends in Microbiology, 13, 212-220
Poinar, G.O. & Poinar, R. 1999. The Amber Forest: A Reconstruction of a Vanished World. Princeton: Princeton University Press
Wolfe, A.P., Tappert, R., Muehlenbachs, K., Boudreau, M., McKellar, R.C., Basinger, J.F. & Garrett, A. 2009. A new proposal concerning the botanical origin of baltic amber. Proceedings of the Royal Society B, 276, 3403-3412

torsdag 9. september 2010

Ein bjørneklem til biogeografi

Utbreiinga til dei ulike bjørneartane i verda (fam. Ursidae). Frå wikipedia
Artar sine utbreiingsområde er ikkje tilfeldige. Kor ein art finst og ikkje finst er avhengig både av miljøfaktorar som temperatur, jordsmonn og nedbør, biologiske interaksjonar med andre artar (t.d. konkurranse og predasjonstrykk) og ikkje minst tilfeldige historiske hendingar. Studiet av korleis desse faktorane skapar utbreiingsmønster, og korleis utbreiingsmønstra samsvarar hjå ulike artar, kallast biogeografi.

Ein biogeografisk problemstilling kan t.d. vera kvifor det ikkje finst isbjørnar i Antarktis. Klimaet er gunstig og byttetilgongen rik, men Knut og venene han glimrar altså likevel med sitt fråvêr. Forklaringa her er både enkel og opplagt - Antarktis ligg rett og slett for langt frå isbjørnen sitt nordlege leveområde til at arten har klart å spreie seg så langt sør.

Ein kan spørra seg vidare kvifor ikkje lokale bjørneartar frå langt sør i Afrika, Australia eller Sør-Amerika har evolvert til å fylla rolla som Ursus maritimus fyller i nordområda. Dette er marginalt meir interessant, men er nesten like lett å forklara som det førre spørsmålet dersom ein har grunnleggande kjennskap til faunaen på dei ulike kontinenta. Av verdas åtte bjørneartar (ifølgje Wilson & Reeder 2005) finst berre to sør for Ekvator, og ingen sør for steinbukken sin vendekrins. Det er altså ingen bjørnar som har kome seg langt nok sør til å kunne tilpassa seg antarktiske miljøtilhøve.

Dette argumentet er lett å føra og endå enklare å følga - resultata her kjem av seg sjølv så lenge ein har kunnskap om artsrikdom og utbreiing for gruppa ein studerar. Riktignok er ikkje dette tilfelle særleg ofte, då dei fleste organismar er dårlegare kjend enn bjørnar og framleis treng ein del forsking for å få fastsett slike grunnleggande fakta. Biogeografien er framleis ein sær disiplin i og med at han oftast vert praktisert av forskarar i andre felt - i regelen taksonomar og systematikarar som analyserar utbreiingane til organismegruppene dei er ekspertar på (sitert i Humphries & Parenti 1999).

Malayabjørn Helarctos malayanus, ein av to bjørneartar sør for Ekvator. Frå wikipedia
Her kjem me til biogeografien sitt paradoks. Vitskapsgreina er driven av særs enkle konsept og produserar berre unnataksvis overraskande resultat. Like fullt er faget intellektuelt stimulerande nok til å ha inspirert fleire av dei viktigaste paradigmeskifta i naturvitskapane: Hadde dei ikkje interessert seg for denne typen problemstillingar hadde neppe verken Darwin eller Wegener kome på sine teoriar om høvesvis evolusjon og platetektonikk (sjå McCarthy 2009).

Dømet eg har brukt i denne miniartikkelen er ein forenkla versjon av ei allereie enkel historie. Det finst mange meir spanande og utfordrande biogeografiske problemstillingar eg kunne ta opp: Korleis finst det apekattar i Sør-Amerika? Kvifor finst det alligatorar og spadestørar i Kina og Amerika, men ingen andre stadar? Kva gjer den sørlege sommarfuglmyggslekta Nemapalpus på Kanari-øyene?

Mykje av dette kjem eg tilbake til.

Referansar:
Humphries, C.J & Parent, L.R. (1999). Cladistic biogeography: interpreting patterns of plant and animal distributions. Oxford & New York: Oxford University Press.
McCarthy, D. (2009). Here be dragons : how the study of animal and plant distributions revolutionized our views of life and Earth. Oxford & New York: Oxford University Press
Wilon, D.E. & Reeder, D.M. (2005). Mammal Species of the World: A Taxonomic and Geographic Reference. Tredje utgåve. Tilgjengeleg frå http://www.press.jhu.edu (vitja 31.august 2010)

søndag 6. juni 2010

Frå entomologen sitt arsenal - viktige felletypar ved insektfangst

Det stereotype biletet av entomologen som ein eksentrikar som spring rundt i enga med ein håv er berre delvis sant. Det er sant at mesteparten av tida i felt ofte går med på å samla med håv, men det er ikkje alltid dette som skaffar dei mest interessante eksemplara eller opplysingane. Skal ein få gode standardiserte data (som jo er naudsynt for å gjera statistiske analyser på dataene) må ein som regel nytta ein passiv innsamlingsmetode, det vil seie feller.

Fallfelle med tak. Frå wikimedia commons
Kva slags felle entomologen vel seg kjem veldig an på kva slags dyr ho eller han er interessert i å studera. Araknologar og koleopterologar (edderkopp- og billesamlarar), som ofte interesserar seg mest for dyr som spring rundt på bakkenivå, sver for det meste til fallfeller. Dette kan enkelt forklarast som små glas (ofte med sprit) som ein grev ned til opninga ligg på bakkenivå. Teorien er at små bakkelevande insekt vil kunne falla ned i, og gje forskaren eit overblikk over kva slags aktivitet som skjer på bakkenivå i det lokale miljøet. I praksis er det derimot fleire faktorar som spelar inn - t.d. om ein brukar tak eller ikkje, kva slags avlivingsmedium ein brukar i fella, diameteren på glasa o.l. (Koivula et al. 2003). Felletypen er likevel nyttig i faunistisk arbeid så lenge ein standardiserar felledesignet i kvart einskild studium.

Lysfelle, frå wikimedia commons.
Sidan eg jobbar helst med flygande insekt, er ikkje fallfeller vidare nyttige for mine føremål. Det finst derimot fleire ulike felletypar som er bygd for å trekka til seg flygande dyr, anten fordi dyra aktivt oppsøker fella eller fordi fella er plassert godt i høve til rutene dyra flyg etter. Eit døme på ei felle som aktivt vert oppsøkt er lysfella, som utnytter det at mange insekt flyg mot lys. Det eksisterar fleire teoriar for kvifor insekta gjer nettopp dette, men ei forklaring ein ofte høyrer er at insekta naturleg navigerar ut frå stjernene og at kunstig lys forstyrrer denne åtferda. Lys er effektivt for mange insektgrupper, men vert særleg brukt i innsamling av sommarfuglar og møll (Lepidoptera), vårfluger (Trichoptera) og tovenger (Diptera).

Malaisetelt i bruk på Hawaii. Frå wikimedia commons
Sjølv om eg har teke mange spanande artar av både Empididae og Psychodidae i lysfelle er nok likevel favorittmetoden min til innsamling malaiseteltet. Denne fella vart oppfunnen på 1920-talet av den svenske insektsamlaren Renè Malaise, som etter ein lang dag i felt oppdaga at han hadde fanga fleire insekt i teltet sitt enn i håven (Raper 2009). Fella kan oppsummerast som ei modifisert utgåve av eit gamaldags telt som skrår oppover til eit samleglas med avlivingsvæske. Når insekta treff teltduken, flyg dei oppover som om dette var ein hindring i naturen. Dette felledesignet er særs utbreidd, særleg mellom hymenopteristar og dipteristar - insektforskarar som studerar årevenger (Hymenoptera) og tovenger (Diptera). Metoden er særleg nyttig til å dokumentera sjeldnare dyr, og kan ofte lukkast i å fanga artar som ein normalt ikkje finn med andre metodar (Triplethorn & Johnson 2005).

For mine føremål er det nok malaisefella som er nyttigast, sidan eg ikkje har tilgong til nokon påliteleg straumkjelde der eg skal arbeida i Uganda. Når eg reiser kjem feltkofferten min difor til å innehalda fire malaisefeller av Townes-designet (Townes 1972). Andre innsamlingsmetodar vil òg bli brukt, meir om dette seinare.

Referansar:
Koivula, M., Kotze, D.J., Hiisivuori, L. & Rita, H. (2003). Pitfall trap efficiency: do trap size, collecting fluid and vegetation structure matter? Entomologica Fennica 14 (1): 1-14
Raper, C. (2009). Malaise Trapping. Artikkel tilgjengeleg frå http://chrisraper.org.uk/blog/?page_id=96. (vitja 6. juni 2010)
Townes, H.K. (1972). A light-weight Malaise trap. Entomological News, 83, 239-247
Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (2005). Collecting, Preserving and Studying Insects. S. 745-778 i Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (red.): Borror and deLong's Introduction to the Study of Insects. Belmont: Thompson Learning

torsdag 3. juni 2010

Sommarfuglmygg - kva er det?

Hovudinteressa mi som forskar dreier seg om artsrikdom og systematikk innanfor sommarfuglmygg (Diptera: Psychodidae). Desse vakre dyra er små lodne mygg som på grunn av dei hårute vengene overfladisk kan minna om små møll. Familien finst utbreidd på alle kontinent, og det er kjend nærare 2500 beskrivne artar. Det reelle artstalet kan derimot vera opp mot ti gongar så høgt (Wagner & Ibañez-Bernal 2009).
Bilete til venstre frå wikipedia

Familien har enno ikkje vorte systematisk kartlagt i Noreg, kor det til no er registrert totalt 27 artar (Håland & Andersen 1996, Andersen & Amundsen 1997). I tillegg kjem det ein del artar som er kjende frå upubliserte funn.

Vaksne sommarfuglmygg flyg dårleg, og vert difor sjeldan funne langt frå levemiljøet til larvene sine. Dei fleste artane har larvestadia sine i ferskvatn eller i særs fuktig jord, mose o.l.; ein del vanlege artar lever i sopp eller kumøkk. Det er kjend både særs økologisk spesialiserte artar og generalistar som kan leva i mange ulike slags miljø, og det økologiske mangfaldet i gruppa har gjort at dei har vorte foreslått som indikatorartar (Wagner 1979).

Den sikraste måten å artsbestemma sommarfuglmygg på er å studera mikroskop-preparat av hannen sine genitaliar. Andre gode karakterar finnest på munndelane, antennene og vengene. Særskild for familien er vengeskjela som gjev dyra den møll-liknande utsjånaden sin, og ikkje minst askoidane. Dette er særeigne, tråd-forma organ som sit på antenneledda hjå dei fleste artane og truleg nyttast til å lukta med.

Det finst mange grunnar til å jobba med nettopp sommarfuglmygg. Det økologiske mangfaldet dei ulike artane viser tyder på at artsrikdomen innanfor gruppa kan fungera som eit mål på økologisk kompleksitet - jo fleire ulike habitat det finst i eit område, jo fleire ulike slags sommarfuglmygg kan ein rekna med å finna. Vidare er det eit poeng for meg å jobba med ei dårleg undersøkt gruppe for å bidra til å utvida spekteret av organismar som er undersøkt økologisk med gode vitskaplege metodar. Mykje økologisk kunnskap om artsrikdom er basert på nokre få indikatorgrupper, og å studera taksa utanfor desse gruppene kan bidra til å gjera tolkingar av naturlege prosessar meir fullstendige (Wilson et al. 2007). Hovudargumentet til at eg har vald meg nettopp Psychodidae som masterdyret mitt er nok likevel estetisk - dette er vakre dyr!

Referansar:
Andersen, T. & Amundsen, E. (1997). The Siebke Collection of Norwegian Moth Flies (Diptera: Psychodidae). Fauna Norvegica Ser. B., 44, 91-93
Håland, Ø. & Andersen, T. (1996). Psychodidae - Sommerfuglmygg. Pp. 191-193 i Aagard, K. & Dolmen, D. (eds.): Limnofauna Norvegica - Katalog over norsk ferskvannsfauna. Trondheim: Tapir Akademisk forlag
Wagner, R. (1979). Psychodiden (Diptera) als Gewässerindikatoren. Mittelungen der DGaaE, 1, 67-71
Wagner, R. & Ibañez-Bernal, S. (2009). Psychodidae (sand flies, and moth flies or owl flies). Pp. 319-335 i Brown, B.V., Borkent, A., Cumming, J.M., Wood, D. M., Woodley, N.E. & Zumbado, M.A. (eds.): Manual of Central American Diptera. Volume 1. Ottawa: NRC Research Press
Wilson, J.R.U., Proches, S., Braschler, B., Dixon, E.S. & Richardson, D.M. (2007). The (bio)diversity of science reflects the interests of society. Frontiers in Ecology and the Environment, 5, 409-414

mandag 24. mai 2010

Livet på ein dårleg kjend planet


Jorda er i det store og det heile ein dårleg kjend planet. Trass i at meir eller mindre flittige forskarar har kartlagt og beskrive artar av dyr, plantar, sopp og mikrobar i hundrevis av år, er me framleis langt frå ein full oversikt. Forskarar som jobbar med å laga overslag over kor mange artar me har på jorda klarar ikkje ein gong einast om kor mange nullar det skal vera etter svaret – det einaste det eksisterer semje om er at me er langt frå ein full katalog over eksisterande artar. Dei mest optimistiske estimata no om dagen reknar med at vitskapen har beskrive om lag ein femtedel av artsmangfaldet på kloten med dei ca ein million artane som har fått vitskaplege namn.
Bilete ovanfor til høgre frå wikipedia.

Dette er dårlege greier. Forskarar har per i dag betre forståing av stjernehimmelen enn dei har av livet me alle er ein del av. Særleg sørgeleg er dette i ei tid der det biologiske mangfaldet er så sterkt under press – i følgje Pimm et al. (1995) er det sannsynleg at artar i dag døyr ut 100 til 1000 gongar så fort som under ”naturlege” tilhøve. Dei aller fleste utryddingane skjer som følgje av øydelegging av habitat (til dømes avskoging); ein del skjer òg gjennom innførte artar eller som følgje av menneskeskapte klimaendringar (Sala et al. 2000).

Utryddingane er akkompagnerte av eit alvorleg tap av artskunnskap, den såkalla taksonomikrisa. Sjølv om me er klare over at dei fleste artane på jorda framleis er ubeskrivne, har talet på nye artsbeskrivingar gått kraftig ned dei siste 30 åra (sjå t.d. Packer et al. 2009). Dette har mykje å gjera med aldring og manglande rekruttering mellom taksonomar – dei biologane som primært jobbar med å skilja, klassifisera og namnsetja artar. Vonde tunger snakkar om taksonomien sin død; noko som sjølvsagt er i overkant pessimistisk. Likevel er det snakk om reelle problem; for nokre organismegrupper finst det ikkje lenger ekspertar, og ein må difor starta på nytt frå byrjinga om ein skal ta opp att studiet av dei.

Det er først og fremst mellom insekt, mark og midd ein finn dei ubeskrivne dyreartane. Sjølv i relativt godt kjende område som Skandinavia (kor folk har drive med høgkvalitets-forsking på biomangfald sidan 1750-talet) vert det framleis beskrive nye artar innanfor desse gruppene (t.d. Sæther 2004, Wallin et al. 2009, Fjellberg 2009, 2010). Det store fleirtalet av ukjende artar er nok derimot å finna i dei tropiske regnskogane: dei komplekse økosystema her gjev rom for særs artsrike dyre- og plantesamfunn, kor eit fleirtal av artane framleis ventar på å bli beskrivne. Av dei beskrivne artane er det vidare berre ytst få som er godt nok kjende til at ein kan uttala seg om deira rolle i økosystema, miljøkrav, verneverdi og –status, potensiell økonomisk nytte-/skadeverdi eller generelle levevis.
Biletet ovanfor til venstre teke av Karsten Sund, Naturhistorisk Museum i Oslo, frå www.forskning.no. Arten Leiopus linnei er vidt utbreidd i Europa, men vart først beskriven i 2009.

Det har vorte foreslått fleire moglege tiltak for å løysa taksonomikrisa. Nokre av dei sentrerar rundt meir dataorienterte løysingar (Wheeler et al. 2004), medan andre meiner det er meir bruk av DNA-baserte metodar som må til (t.d. Tautz et al. 2002, Hebert et al. 2003). Det beste botemiddelet mot problemet ”for lite taksonomi” er nok likevel å sørga for at meir taksonomisk arbeid vert gjort – å faktisk interessera seg for og jobba med taksonomiske problemstillingar.

Her kjem eg inn i biletet. Sommaren 2010 fèr eg til Budongoskogen i Uganda for å samla på insekt. Det viktigaste målet for ekspedisjonen er å samla gode eksemplar til bruk i taksonomisk forsking, men eg skal òg undersøka fleire økologiske parametrar for å bli betre kjend med levesettet til dyra. Gjennom ein dryg månad skal eg bruka godt etterprøvde, effektive innsamlingsteknikkar for å bygga opp ei god samling av dyr eg sidan vil undersøka for å betra vitskapen sin kjennskap til det mangfaldige livet ein finn på denne dårleg utforska planeten.

Eg skal med andre ord skriva eit nytt vers til Dyrene i Afrika.

Dersom alt går etter planen vil denne bloggen tena som open reisedagbok. Her kjem eg til å rapportera frå både feltarbeidet så vel som arbeid som må gjerast på førehand og i etterkant. Eg vil òg levera bakgrunnsstoff og generelle (men oftast biologiske) observasjonar eg gjer meg undervegs.

God lesning!

Referansar:
Fjellberg, A. (2009). Xenyllodes psammo sp. n. and Halisotoma arenicola sp. n. Two new Norwegian species of psammophilic Collembola (Odontellidae, Isotomidae). Norwegian Journal of Entomology, 56, 131–139.
Fjellberg, A. (2010). Paraxenylla norvegica sp. nov., the most northern species of the genus (Collembola, Hypogastruridae). Zootaxa, 2384, 65-68
Hebert, P.D.N., Cywinska, A., Ball, S.L., & de Waard, J. R. (2003). Biological identifications through DNA barcodes. Proceedings of the Royal Society of London (B), 270, 313-321
Packer, L., Grixti, J.C., Roughley, R.E. & Hanner, R. (2009). The status of taxonomy in Canada and the impact of DNA barcoding. Canadian Journal of Zoology 87, 1097-1110
Pimm, S.L., Russel, G.J., Gittleman, J.L. & Brooks, T.M. (1995). The Future of Biodiversity. Science, 269, 347-350
Sala, O.E., Chapin, F.S., Armesto, J.J., Berlow, E., Bloomfield, J., Dirzo, R., et al. (2000). Global biodiversity scenarios for the year 2100. Science, 287, 1770-1774
Sæther, O.A. (2004). Three new species of Orthocladius subgenus Eudactylocladius (Diptera: Chironomidae) from Norway. Zootaxa, 508, 1-12
Tautz, D., Arctander, P., Minelli, A., Thomas, R.H. & Vogler, A.P. (2002). A plea for DNA taxonomy. Trends in Ecology and Evolution, 18, 70-74
Wallin, H., Nylander, U. & Kvamme, T. (2009). Two sibling species of Leiopus Audinet-Serville, 1835 (Coleoptera: Cerambycidae) from Europe: L. nebulosus (Linnaeus, 1758) and L. linnei sp. nov. Zootaxa, 2010, 31-45
Wheeler, Q.D., Raven, P.H., & Wilson, E.O. (2004). Taxonomy: Impediment or Expediment? Science, 303, 285