tirsdag 29. juni 2010

Om Budongo og nokre av lokalitetane eg vitjar her

Eg jobbar for tida i Budongo-skogen nord-vest i Uganda. Her er internettilgongen endå dårlegare enn i Kampala, men det er mange fleire artar av både insekt, fuglar og primatar ein kan sjå på. Etter det eg har blitt fortald finst det og mange amfibium og krypdyr her, men utanom dei talrike husgekkoane har eg enno ikkje fått sjå noko til dei.

I dag var eg ute i felt i skogen og sette ut fellene mine. Eg har med meg totalt fire Malaisetelt, som eg plasserte på fire ulike lokalitetar i tre ulike habitat. Bileta viser dei tre første lokalitetane - fukt internt i kameraet gjorde bileta frå den fjerde (men mest interessante) lokaliteten for dårlege for publikasjon. Eg vonar å få sett opp feller på ca 12-16 lokalitetar totalt.

På denne lokaliteten var det frykteleg mange buskar, slyngplanter og urtevegetasjon, til dels med skarpe piggar.
Den andre lokaliteten ligg tett attmed den grågrøne grumsute Sonso-elva, i mogen blandingsskog. Til venstre i biletet kan de skimta assistenten min, Alfeko. Han er godt kjend med skogen, og er i stand til å artsbestemma dei fleste trea og fuglane me finn på vegen. I tillegg framstår han som intelligent, noko som neppe er nokon ulempe.
Når skogen får veksa lenge nok, vert han i følgje Eggeling (1947) sjåande slik ut. Konkurranse med dei dominante artane, som treslaget Cynometra alexandrei, gjer at mange av dei mindre artane ikkje klarar seg lenger og døyr ut lokalt. Dette gjer skogbotnen ganske open, som de tydeleg kan sjå på biletet her. Dei to øvste bileta er frå tidlegare suksesjonsstadium og er både meir artsrike og meir vanskelege å ta seg fram i.

Kor mykje bra fangst det vert i kvar felle finn eg ut når eg samlar dei inn att på torsdag. I mellomtida skal eg samla manuelt, nyta leirlivet og avfotografera karismatiske kreatur eg møter på min veg.

Referanse:
Eggeling, W.J. (1947). Observations on the ecology of the Budongo rainforest, Uganda. Journal of Ecology, 34

onsdag 23. juni 2010

Vekesdyret: Cercopithecus aethiops eller Chlorocebus spp

Cercopithecus aethiops (L., 1958) eller Chlorocebus sp.?

 No som eg er i Uganda kan "vekesdyret"-spalta by på problem. For det første er mesteparten av faunaen her ny for meg - det er vanskeleg å finna ut kva dyra på bileta heiter (om dei i det heile teke har namn). Ei skral internettlinje og manglande tilgong til dei store tidsskriftdatabasane gjer det dessutan vanskelegare for meg å følgja min vante skrivestil med veldokumenterte påstandar og påfølgande feit referanseliste. Dette vil ha konsekvensar - t.d. vert det nok presentert langt fleire vertebratar.

Vekesdyret denne veka er ei vervetape eller grønmarekatt; savanne-levande marekattar (tribus Cercopithecini) som finst over mesteparten av Afrika utanom ørkenar og dei store regnskogane. Tradisjonelt er desse dyra kjende som Cercopithecus aethiops (L., 1758), men det kan godt vera ei overforenkling å rekna dei som berre ein einskild art (Cawton Lang 2006). For tida vert dei oftast klassifisert som minst seks artar i slekta Chlorocebus Gray, 1870 (Wilson & Reeder 2005); kor Ch. tantalus og Ch. pygeruthrus finst i Uganda. Det er ganske klart at gruppa treng vidare revisjon, og kanskje kan omfatta fleire ubeskrivne artar og underartar (Cawton Lang 2006, Enstam & Isbell 2007).

Mange bestandar av fleire ulike Chlorocebus-artar har vorte godt studerte, og dei synest å vera særs tilpassingsdyktige dyr (Kavanagh 1980). Dei er altetarar som har både frukt, blad, blomar, knoppar, små virvellause dyr og egg på menyen (Struhsaker 1967, Enstam & Isbell 2007), og kan vera skadedyr i landbruket gjennom at flokkar plyndrar plantasjar og hagar (Saj et al. 2001). Det eksisterar ein del variasjonar i levesett mellom ulike populasjonar; t.d. i gruppestorleik, tidsbruk, territoriestorleik og liknande (Struhsaker 1967, Willems & Hill 2009). Desse variasjonane kan vera kopla til geografi - ulike miljøtilhøve førar til ulik åtferdsrespons (Willems & Hill 2009) - eller dei kan visa seg som individuelle skilnadar mellom populasjonar i same område (Struhsaker 1967). Etter det eg veit er det ikkje gjort komparative studium om dei ulike artane har ulik åtferd - minn meg på at eg må leita etter dette når eg får tilgong på gode biblioteksressursar igjen.

Ei ape i vindauget
Det var tidlegare ein heil flokk av vervetaper på campus på Makere-universitetet. Sidan dei stal mat og trakasserte born, vart det satt ut gift, og dei aller fleste døydde. Eksemplaret på biletet er ein einskild hann som overlevde - ifølgje kjøkkenpersonalet fordi han alltid inspiserar maten nøye før han et. Eg hadde stor moro av måten han tigga på - det byrja med overdriven geisping, og då ikkje det bar frukt såg han seg nøydd til å blotta sin djupt raude, erigerte apepenis. Mitt følge for dagen hadde på si side moro av meg.

I morgon på denne tida er eg i Budongo.

Referansar:
Cawton Lang, K. A. (2006) Primate Factsheets: Vervet (Chlorocebus) Taxonomy, Morphology and Ecology. Tilgjengeleg frå http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/vervet. Vitja 22. juni 2010

Enstam, K.L. & Isbell, L.A. (2007). The Guenons (Genus Cercopithecus) and Their Allies. s. 252-274 i Campbell, C.J., Fuentes, A., MacKinnon, K.C., Panger, M. & Bearder, S.K. (red.) Primates in perspective. Oxford: Oxford University Press
Kavanagh, M. (1980). Invasion of the Forest by an African Savannah Monkey: Behavioural Adaptations. Behaviour, 73 (3/4), 238-260
Saj, T.L., Sicotte, P & Paterson, J.D. (2001). The conflict between vervet monkeys and farmers at the forest edge in Entebbe, Uganda. African Journal of Ecology, 39, 195-199
Struhsaker, T.T. (1967) Ecology of vervet monkeys (Cercopithecus aethiops) in the Masai-Amboseli game reserve, Kenya. Ecology, 48, 891-904
Willems, E.P. & Hill, R.A. (2009). A critical assessment of two species distribution models: a case study of the vervet monkey (Cercopithecus aethiops). Journal of Biogeography, 36, 2300-2312

mandag 21. juni 2010

Makere University, Kampala - Fotosafari på campus

Sjølv om eg ikkje fèr ut i felt før på torsdag, har eg allereie gjort meg nokre faunistiske undersøkingar. Dette har sjølvsagt vore reint kvalitative studium med avgrensa kvalitet, såkalla opportunistic sampling - eg har gått omkring, sveipa med håven og teke vare på særleg interessante dyr. På denne måten har eg fått eit visst inntrykk av faunaen på campus ved Makere-universitetet.

Dei følgjande fotoa gjev eit lite inntrykk av kva eg har fordrive tida med dei siste par dagane. For dei som saknar bilete av folkeliv, gatestemning og liknande kan eg opplysa om at eg òg har opplevd dette - derimot er eg ikkje modig nok til å ta med kamera ut frå campus.


Noko av det første eg la merke til var dei allestadsnærverande marabustorkane Leptoptilos crumeniferus Lesson, 1831. Dette er store fuglar med særs karakteristiske utsjånadar (Tore Skoglund hadde sikkert kalla dei stygge), og dei finst overalt rundt i byen i Kampala. På campus finst dei både på tak og i tre, og opptrer ikkje ulikt duer i Bergen. Eg synst elles det er rart at Freia-konsernet har vald å la seg representera av ein organisme som lever av hushaldsavfall og sjølvdaude dyr.

 På nokre store blad under eit tre, ikkje langt unna ein komposthaug, fann eg denne glinsande svarte og blå Psychodidae-arten. Han utmerker seg som den første Psychodiden eg har funne i Afrika som eg ikkje klarte å bestemma til slekt ut frå habitus og habitat - dei dyra eg har funne før har alle vore Clogmia albipunctata og Psychoda (sensu lato) spp. Dyret er sjølvsagt samla.


lørdag 19. juni 2010

Makere guest house

Dei første få dagane bur eg på eit lite pensjonat ved Makere-universitetet i Kampala. Her har dei gode sengar, overraskande god kaffi og mange flotte Lepidoptera og Orthoptera. Derimot synst eg det er i overkant mange stikkemygg og litt for få andre Diptera - Culicider har ikkje mange kule sider.

Eg har òg teke ein del bilete. Bèr over med dårleg kvalitet på nokre av dei; eg er framleis i startgropa som makrofotograf.

Første kveld

Eg er på plass i Uganda, innlosjert på studentvandrarheimen Makere Guest House. I vindauga sit det knelarar, digre møll og ditto grashopper, husgekkoar kravlar rundt på veggane og ute flyg det digre marabustorkar. Clogmia albipunctata finst det her òg.

Internettilgongen her er ustabil, men meir utfyllande beskrivingar (med eigne fotos) vil følga på.

tirsdag 15. juni 2010

Vekesdyret: Neria cibaria

Neria cibaria (L., 1961). Frå Kahanpää 2006
Neria cibaria (L., 1961) høyrer til stankelbeinflugene, familien Micropezidae, og er mellom dei vanlegaste norske artane i gruppa (Greve & Nielsen 1991). Arten er utbreidd i heile Europa frå Portugal til Nordland; i Noreg og Finland flyg han i juni og juli (Greve & Nilsen 1991, Ozerov 2004, Kahanpää 2006).

Ein kan skilje N. cibaria frå andre norske micropezidar på at hovudet er rundt, palpane er korte, antennebørsta er mørk ved rota og mesonotum ("ryggen") ikkje gjev noko vidare gjenskin (Andersson 1989). I tillegg er det sjølvsagt mange gode artsspesifikke trekk på genitaliane - sjå Andersson 1989 for ei framifrå teikning.

Stankelbeinfluger er generelt spinkle fluger med lange bein og smale venger. Ein del artar har evolvert til å likna maur, sannsynlegvis sidan dei då vert utsett for færre predatorar (Wheeler 1924, Eberhard 1999). Larvene utvikler seg i daudt plantemateriale, gamal møk eller i sopp (Oosterbroek 2006). Paringsdansen til dei vaksne er livlig skildra i Wheeler (1924)

Referansar:
Andersson, H. (1989). Taxonomic notes on Fennoscandian Micropezidae. Notulae Entomologicae, 69, 153-162
Eberhard, W.G. (1999). Mortal mimicry in the fly, Plocoscelus sp. (Diptera, Micropezidae). Biotropica, 31, 535
Greve, L. & Nielsen, T.R. (1991). A survey of the family Micropezidae in Norway. Fauna Norvegica Ser. B., 38, 77-87
Kahanpää, J. (2006). Micropezid flies in Finland (Diptera: Micropezidae). Tilgjengeleg frå http://www.elisanet.fi/~d625473/diptera/micropezidae/ 
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Ozerov, A.L. (2004). Micropezidae. I Fauna Europaea Web Service, tilgjengeleg frå www.faunaeur.org 
Wheeler, W.M. (1924). Courtship of the calobatas. Journal of Heredity, 15, 485-495

mandag 14. juni 2010

Lesetips

Drosophila (s. str.) replata Wollaston, 1858, frå wikimedia commons
Drosophilider er små til mellomstore fluger som hovudsakleg lever av gjær. Dei fleste forbinder familien med laboratorieforsøksdyret Drosophila (Sophophora) melanogaster Meigen, 1830, men det er mykje meir ved familien enn dette. Sjå den australske araknologen Christopher Taylor sin framifrå blogg, Catalogue of organisms for utdjuping.

søndag 13. juni 2010

Vekesdyret: Clogmia albipunctata

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) i Ghent, Belgia. Foto frå wikimedia commons.

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) er mellom dei vanlegaste illustrasjonsfotoa i nyare publikasjonar om sommarfuglmygg. Det finst fleire grunnar til dette, mellom anna at dyret i motsetnad til dei fleste andre psychodidar ved mange høve let seg bestemma til art berre ut frå fotografi. Vidare gjer arten seg godt på bilete, er særs vidt utbreidd og er ikkje minst vanleg i dei same habitata som det makrofotografar er.

I mange publikasjonar vert det hevda at arten er kosmotropisk, det vil seie at han finst i tropiske strøk over heile verda. I seinare tid har ein derimot funne arten stadig lenger nordover, med funn i Tyskland (Werner 1997), Belgia (Boumans et al. 2009) og Nederland (Boumans 2009). Det er enno ikkje kjend funn frå Skandinavia eller dei britiske øyer, men det er nok berre eit spørsmål om tid før invasjonen når hit òg. Alle sikkert bestemte funn i samlinga mi til no kjem frå Kroatia.

C. albipunctata lever opphavleg i grunt, næringsrikt vatn; til dømes i vassfylte hol i tre. I Europa er arten først og fremst ein innandørs-art som helst lever i baderom, på kjøkken og liknande. På sjukehus kan han føra til problem - ved dårlege hygieniske tilhøve kan larvane til og med infisera sår, såkalla myasis (Tu et al. 2007). Dette høyrer heldigvis til unnataka - normalt er ikkje desse myggane skadedyr.

Dersom nokre av mine lesarar (viss eg har nokon) finn sommarfuglmygg på baderomma sine, vil eg gjerne sjå bilete og helst motta eksemplar i sprit.

Referansar:
Boumans, L. (2009). De WC-motmug Clogmia albipunctata, een opvallend maar onopgemerkt element van onze fauna (Diptera: Psychodidae). Nederlandse Faunistische Medelingen, 30, 1-10.
Boumans, L., Zimmer, J.-Y. & Verheggen, F. (2009). First records of the 'bathroom mothmidge' Clogmia albipunctata, a conspicuous element of the Belgian fauna that went unnoticed (Diptera: Psychodidae). Phegea, 37, 153-160.
Tu, W. C., Chen, H. C., Chen, K. M., Tang, L. C. & Lai, S. C. 2007. Intestinal myasis caused by larvae of Telmatoscopus albipunctatus in a Taiwanese man. Journal of Clinical Gastroenterology, 41, 400-402.
Werner, D. (1997). Studies on some moth flies (Diptera: Psychodidae) with the first record of Clogmia albipunctata in central Europe. Entomological News, 108, 273-282.

lørdag 12. juni 2010

Entomologar i populærkulturen 1: Professor Crawley

Professor Crawley skjellar ut akademiske kolleger. Frå theTVaddict.com
The Big Bang Theory er ein relativt morosam amerikansk situasjonskomedie med nerdekultur og akademia som viktige tema. Serien følgjer fysikarane Leonard Hofstadter og Sheldon Cooper (som begge er frykteleg unge til å ha faste forskingsstillingar), og er difor vanlegvis ikkje spesifikt retta mot oss biologar; derimot finst det unnatak i einskildepisodar. I The Jimini Conjecture, den andre episoden i den tredje sesongen, kjem Cooper og hans kollega Howard Wolowitz i diskusjon om artsidentiteten til ein siriss som har lurt seg inn i leiligheita til førstnemnde, og dei oppsøker difor universitetets avdeling for entomologi.

Rommet dei entrar er eit mørkt menasjeri, som bortsett frå alt rotet har lite til felles med laboratoriane eg praktiserar i. Protagonistane møtar her den sinte instituttleiaren professor Crawley, portrettert av Lewis Black. Denne sinte mannen er prega av fagleg arroganse og meir eller mindre rettvis harme mot universitetsleiinga.

Det kjem fort fram at den entomologiske avdelinga er nedleggingstruga, og når eg høyrer professoren snakka skjønar eg kvifor. Karakterens einaste bragd som forskar er oppdaginga av ein einskild art gjødselbille, som han har kalla opp etter seg sjølv. For å få til dette måtte han dessutan bruka heile seks månadar på Borneo - eit tidsrom som kunne gjeve han artar å beskriva gjennom ei heil karriere dersom han hadde brukt det riktig. Å få så dårleg fangst på så god tid på ei slik spanande øy vitnar om usedvanleg dårleg forskingshandtverk.

Toppen av kransekaka er likevel påstanden hans om at han er i stand til å identifisera kvart einaste insekt og edderkoppdyr i heile verda. Viss han med dette meiner artsbestemming fèr han anten med løgn eller ekstrem hybris, og den dundrande inkompetansen hans på Borneo vert enno vanskelegare å forstå.

Professor Crawley er openberrt ein sjarlatan som ikkje har noko på ein seriøs forskingsinstitusjon å gjera.

fredag 11. juni 2010

Kulefluger er kule fluger

Acroceridae-arten Cyrtus gibbus (Fabricius 1794), Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info

 Kulefluger er det norske namnet på tovengefamilien Acroceridae; ei veldig karakteristisk gruppe fluger med små hovud og pukkelrygg. Det er kjend om lag 520 artar frå 51 slekter på verdsbasis, men gruppa er framleis ganske dårleg kjend i dei fleste regionar (Gillung & Carvalho 2009). I Europa er det funne 33 artar, kor Ogcodes pallipes Latreille, 1811 og Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er kjende frå Noreg (Ellingsen & Greve 1984, Nartshuk 2004).

Larvar av kulefluger er parasittar på juvenile edderkoppar. Dei fleste artane ser ut til å kunne parasittera mange ulike edderkoppartar, sjølv om det nok kan eksistera spesialisering på familienivå eller høgare - kulefluger i underfamilien Panopinae er t.d. berre kjend frå Mygalomorfe edderkoppar (t.d. tarantellar) medan Acrocerinae og Philopotinae parasitterar Araenomorphae (Winterton et al. 2007).

Arten Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er utbreidd i store delar av Europa, inkludert Noreg. Her frå Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info
Dei fire ulike larvestadia er ganske ulike, og oppførar seg òg ulikt. Første stadium er frittlevande og oppsøker aktivt ein vert å veksa opp i. Hjå dei fleste artane kryp larva seg inn gjennom boklungene til edderkoppen, kor andre og tredje larvestadium vert gjennomlevd. I det fjerde og siste stadiet vert den stakkars verten eten opp innanifrå før han til slutt døyr - dette skjer imidlertid først etter at han har vorte manipulert til å spinna eit beskyttande silkenett som kulefluga kan forpuppa seg i (Larrivèe & Borkent 2009).

Vaksne kulefluger vert sjeldan funne, verken i felt eller i feller, men kan stundom vera lokalt vanlege (Oosterbroek 2006). Mange av artane svermar på bakketoppar, og vert frå tid til annan tekne i store mengder der. Ein del artar kan òg finnest på blomar, der dei drikk nektar og/eller formeirar seg. Det ser ut til at planteslaget er viktig for dei einskilde flugeartane, då mange artar ser ut til å foretrekka somme blomar framfor andre: Den nordamerikanske arten Eulonchus sapphirinus Osten Sacken, 1877 føretrekk stankstorkenebb Geranium robertianum (Borkent & Schlinger 2008), medan den afrikanske arten Psilodera valida (Wiedemann, 1830) er kjend som pollinator av Gladiolus brevifolius og Bulbine falvosa (Goldblatt et al. 1997).

Referansar:
Borkent, C.J.  & Schlinger, E.I. (2008). Flower-visiting and mating behaviour of Eulonchus sapphirinus (Diptera: Acroceridae). Canadian Entomologist, 140, 250-256
Ellingsen, G.E. & Greve, L. (1984). The acrocerid flies of Norway (Dipt., Acroceridae). Fauna Norvegica Ser. B. 31, 20-22
Gillung, J.P. & de Carvalho, C.J.B. (2009). Acroceridae (Diptera): a pictorial key and diagnosis of the Brazilian genera. Zootaxa, 2175, 29-41
Goldblatt, P., Manning, J.C. & Bernhardt, P. (1997). Notes on the Pollination of Gladiolus brevifolius (Iridaceae) by Bees (Anthophoridae) and Bee Mimicking Flies (Psilodera: Acroceridae). Journal of the Kansas Entomological Society, 70, 297-304
Larrivèe, M & Borkent, C.J. (2009). New spider host associations for three acrocerid fly species (Diptera, Acroceridae). Journal of Arachnology, 37, 241-242
Nartshuk, E.P. (2004). Acroceridae. Fauna Europaea web service 2.2, tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Winterton, S.L., Wiegmann, B.M. & Schlinger, E.I. (2007). Phylogeny and Bayesian divergence time estimations of small-headed flies (Diptera: Acroceridae) using multiple molecular markers. Molecular Phylogenetics and Evolution 43 (3), 808-832

søndag 6. juni 2010

Frå entomologen sitt arsenal - viktige felletypar ved insektfangst

Det stereotype biletet av entomologen som ein eksentrikar som spring rundt i enga med ein håv er berre delvis sant. Det er sant at mesteparten av tida i felt ofte går med på å samla med håv, men det er ikkje alltid dette som skaffar dei mest interessante eksemplara eller opplysingane. Skal ein få gode standardiserte data (som jo er naudsynt for å gjera statistiske analyser på dataene) må ein som regel nytta ein passiv innsamlingsmetode, det vil seie feller.

Fallfelle med tak. Frå wikimedia commons
Kva slags felle entomologen vel seg kjem veldig an på kva slags dyr ho eller han er interessert i å studera. Araknologar og koleopterologar (edderkopp- og billesamlarar), som ofte interesserar seg mest for dyr som spring rundt på bakkenivå, sver for det meste til fallfeller. Dette kan enkelt forklarast som små glas (ofte med sprit) som ein grev ned til opninga ligg på bakkenivå. Teorien er at små bakkelevande insekt vil kunne falla ned i, og gje forskaren eit overblikk over kva slags aktivitet som skjer på bakkenivå i det lokale miljøet. I praksis er det derimot fleire faktorar som spelar inn - t.d. om ein brukar tak eller ikkje, kva slags avlivingsmedium ein brukar i fella, diameteren på glasa o.l. (Koivula et al. 2003). Felletypen er likevel nyttig i faunistisk arbeid så lenge ein standardiserar felledesignet i kvart einskild studium.

Lysfelle, frå wikimedia commons.
Sidan eg jobbar helst med flygande insekt, er ikkje fallfeller vidare nyttige for mine føremål. Det finst derimot fleire ulike felletypar som er bygd for å trekka til seg flygande dyr, anten fordi dyra aktivt oppsøker fella eller fordi fella er plassert godt i høve til rutene dyra flyg etter. Eit døme på ei felle som aktivt vert oppsøkt er lysfella, som utnytter det at mange insekt flyg mot lys. Det eksisterar fleire teoriar for kvifor insekta gjer nettopp dette, men ei forklaring ein ofte høyrer er at insekta naturleg navigerar ut frå stjernene og at kunstig lys forstyrrer denne åtferda. Lys er effektivt for mange insektgrupper, men vert særleg brukt i innsamling av sommarfuglar og møll (Lepidoptera), vårfluger (Trichoptera) og tovenger (Diptera).

Malaisetelt i bruk på Hawaii. Frå wikimedia commons
Sjølv om eg har teke mange spanande artar av både Empididae og Psychodidae i lysfelle er nok likevel favorittmetoden min til innsamling malaiseteltet. Denne fella vart oppfunnen på 1920-talet av den svenske insektsamlaren Renè Malaise, som etter ein lang dag i felt oppdaga at han hadde fanga fleire insekt i teltet sitt enn i håven (Raper 2009). Fella kan oppsummerast som ei modifisert utgåve av eit gamaldags telt som skrår oppover til eit samleglas med avlivingsvæske. Når insekta treff teltduken, flyg dei oppover som om dette var ein hindring i naturen. Dette felledesignet er særs utbreidd, særleg mellom hymenopteristar og dipteristar - insektforskarar som studerar årevenger (Hymenoptera) og tovenger (Diptera). Metoden er særleg nyttig til å dokumentera sjeldnare dyr, og kan ofte lukkast i å fanga artar som ein normalt ikkje finn med andre metodar (Triplethorn & Johnson 2005).

For mine føremål er det nok malaisefella som er nyttigast, sidan eg ikkje har tilgong til nokon påliteleg straumkjelde der eg skal arbeida i Uganda. Når eg reiser kjem feltkofferten min difor til å innehalda fire malaisefeller av Townes-designet (Townes 1972). Andre innsamlingsmetodar vil òg bli brukt, meir om dette seinare.

Referansar:
Koivula, M., Kotze, D.J., Hiisivuori, L. & Rita, H. (2003). Pitfall trap efficiency: do trap size, collecting fluid and vegetation structure matter? Entomologica Fennica 14 (1): 1-14
Raper, C. (2009). Malaise Trapping. Artikkel tilgjengeleg frå http://chrisraper.org.uk/blog/?page_id=96. (vitja 6. juni 2010)
Townes, H.K. (1972). A light-weight Malaise trap. Entomological News, 83, 239-247
Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (2005). Collecting, Preserving and Studying Insects. S. 745-778 i Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (red.): Borror and deLong's Introduction to the Study of Insects. Belmont: Thompson Learning

lørdag 5. juni 2010

Vekesdyret: Empis tessellata

Hann av Empis tessellata Fabricius, 1794. Foto: Gunnar Kvifte

Empis (Euempis) tessellata Fabricius, 1794 er ein stor art dansefluge som er vanleg i Europa nord til Nordland og sør til Middelhavskysten. I Skandinavia flyg dei frå mai til august, med flest eksemplar funne i juni og byrjinga av juli (Chvála 1994). Det avbilda eksemplaret vart funne på Arboretet på Milde den 27. mai i år, og er ein hann. Dersom nokon meiner bakkroppen ser ut til å vera i ein unaturleg vinkel, kjem dette av at han delvis braut av under bestemminga.
 
E. tessellata lever som vaksen stort sett av nektar, sannsynlegvis er dette ein av grunnane til at dei har slike lange snablar. Dyra vitjar mange ulike slags blomar, men særleg skjermplanter som hundekjeks Anthriscus sylvestris. Larva lever i jord- og strølaget, og et helst andre insektlarver (Hobby & Smith 1962).
 
Som mange andre artar i familien Empididae har E. tessellata ein interessant kurtise. Hannane dansar svermar – flygande dansegrupper som flyg over buskar og tre for å trekka til seg hoer. For å para seg krevjer ho som regel eit byttedyr hannen har fanga i forkant; storleiken på dette byttet er sannsynlegvis viktig for kor lenge hannen får lov til å halda på med ei einskild ho (Cumming 1994). E. tessellata fangar bytte som er like stort som seg sjølv eller noko større, men som oftast er det mindre tovenger som står på menyen. I følgje Parmenter (1951) er det vanlegaste byttet hårmyggen Bibio marci L.

Referansar:
Chvála, M. (1994). The Empidoidea (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. III. Genus Empis. Fauna Entomologica Scandinavica, 29, 1-187.
Cumming, J.M. (1994). Sexual selection and the evolution of dance fly mating systems (Diptera: Empididae: Empidinae). Canadian Entomologist, 126, 907-920
Hobby, B.M. & Smith, K.G.V. (1961) The bionomics of Empis tessellata F. (Dipt., Empididae). Entomologist's Monthly Magazine, 97, 2-10
Parmenter, L. (1951). Notes on the genus Empis (Dipt., Empididae) in Britain. Entomologist's Monthly Magazine, 87, 41-44

torsdag 3. juni 2010

Sommarfuglmygg - kva er det?

Hovudinteressa mi som forskar dreier seg om artsrikdom og systematikk innanfor sommarfuglmygg (Diptera: Psychodidae). Desse vakre dyra er små lodne mygg som på grunn av dei hårute vengene overfladisk kan minna om små møll. Familien finst utbreidd på alle kontinent, og det er kjend nærare 2500 beskrivne artar. Det reelle artstalet kan derimot vera opp mot ti gongar så høgt (Wagner & Ibañez-Bernal 2009).
Bilete til venstre frå wikipedia

Familien har enno ikkje vorte systematisk kartlagt i Noreg, kor det til no er registrert totalt 27 artar (Håland & Andersen 1996, Andersen & Amundsen 1997). I tillegg kjem det ein del artar som er kjende frå upubliserte funn.

Vaksne sommarfuglmygg flyg dårleg, og vert difor sjeldan funne langt frå levemiljøet til larvene sine. Dei fleste artane har larvestadia sine i ferskvatn eller i særs fuktig jord, mose o.l.; ein del vanlege artar lever i sopp eller kumøkk. Det er kjend både særs økologisk spesialiserte artar og generalistar som kan leva i mange ulike slags miljø, og det økologiske mangfaldet i gruppa har gjort at dei har vorte foreslått som indikatorartar (Wagner 1979).

Den sikraste måten å artsbestemma sommarfuglmygg på er å studera mikroskop-preparat av hannen sine genitaliar. Andre gode karakterar finnest på munndelane, antennene og vengene. Særskild for familien er vengeskjela som gjev dyra den møll-liknande utsjånaden sin, og ikkje minst askoidane. Dette er særeigne, tråd-forma organ som sit på antenneledda hjå dei fleste artane og truleg nyttast til å lukta med.

Det finst mange grunnar til å jobba med nettopp sommarfuglmygg. Det økologiske mangfaldet dei ulike artane viser tyder på at artsrikdomen innanfor gruppa kan fungera som eit mål på økologisk kompleksitet - jo fleire ulike habitat det finst i eit område, jo fleire ulike slags sommarfuglmygg kan ein rekna med å finna. Vidare er det eit poeng for meg å jobba med ei dårleg undersøkt gruppe for å bidra til å utvida spekteret av organismar som er undersøkt økologisk med gode vitskaplege metodar. Mykje økologisk kunnskap om artsrikdom er basert på nokre få indikatorgrupper, og å studera taksa utanfor desse gruppene kan bidra til å gjera tolkingar av naturlege prosessar meir fullstendige (Wilson et al. 2007). Hovudargumentet til at eg har vald meg nettopp Psychodidae som masterdyret mitt er nok likevel estetisk - dette er vakre dyr!

Referansar:
Andersen, T. & Amundsen, E. (1997). The Siebke Collection of Norwegian Moth Flies (Diptera: Psychodidae). Fauna Norvegica Ser. B., 44, 91-93
Håland, Ø. & Andersen, T. (1996). Psychodidae - Sommerfuglmygg. Pp. 191-193 i Aagard, K. & Dolmen, D. (eds.): Limnofauna Norvegica - Katalog over norsk ferskvannsfauna. Trondheim: Tapir Akademisk forlag
Wagner, R. (1979). Psychodiden (Diptera) als Gewässerindikatoren. Mittelungen der DGaaE, 1, 67-71
Wagner, R. & Ibañez-Bernal, S. (2009). Psychodidae (sand flies, and moth flies or owl flies). Pp. 319-335 i Brown, B.V., Borkent, A., Cumming, J.M., Wood, D. M., Woodley, N.E. & Zumbado, M.A. (eds.): Manual of Central American Diptera. Volume 1. Ottawa: NRC Research Press
Wilson, J.R.U., Proches, S., Braschler, B., Dixon, E.S. & Richardson, D.M. (2007). The (bio)diversity of science reflects the interests of society. Frontiers in Ecology and the Environment, 5, 409-414