Viser innlegg med etiketten Diptera. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diptera. Vis alle innlegg

lørdag 7. april 2012

Småstoff om stankelbein

Tipula (Tipula) paludosa Meigen, 1830. Frå wikimedia commons.
Den største gruppa av tovenger målt i beskrivne artar er stankelbeina, overfamilie Tipuloidea: I følgje Oosterbroek (2012) er det kjend 15 345 artar fordelt på rundt 680 slekter. 242 artar er kjend frå Noreg, men mange artar står sannsynlegvis att å finna før me har nokon vidare oversikt - i Sverige har dei 356 (Oosterbroek 2012).

Klassifikasjonen av stankelbein har variert ein del mellom ulike forfattarar. Dei fleste europeiske forfattarar (t.d. Oosterbroek 2012) reknar dei som fire ulike familiar: Tipulidae, Limoniidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Amerikanske entomologar har på si side tradisjonelt rekna desse gruppene som ulike underfamiliar av Tipulidae; og har såleis omtala dei med "-inae" som ending i staden for "idae".

Tipulidae sensu stricto (i smal forstand) omfattar nokre av dei største kjende tovengene og vert kjenneteikna av at framdelen av hovudet er forlenga til ei snute. Vidare er det ytste leddet av palpane avlangt og sylinderforma, og antennene har normalt 13 segment (Oosterbroek 2006). Denne familien omfattar over 4000 artar på verdsbasis og 94 i Noreg (Oosterbroek 2012), og er den gruppa stankelbein som har vorte best undersøkt her i landet (Hofsvang 1992).

Larve av Cylindrotomidae-arten Phalacrocera replicata (L. 1758). Frå wikimedia commons.
Cylindrotomidae er mest karakteristisk på larvestadiet, der kroppen er dekt av kjøtaktige utvekstar (Peterson et al. 2010). Som vaksne kan ein kjenna dei på ei tregreina R-åre og på at hannen sitt forplantingsorgan er delt i tre. Ein kjenner til tre norske artar, i slektene Cylindrotoma og Phalacrocera (Oosterbroek 2010).

Dicranoptycha fuscescens (Schummel, 1829) er ikkjs så skummel som namnet skulle tilseie. Frå wikipedia.
Dei langt fleste stankelbein høyrer til familien Limoniidae, eller småstankelbein. Her er det kjend over 10 000 artar på verdsbasis; 127 av desse i Noreg (Oosterbroek 2012). Sidan så mange som 207 er kjend frå Sverige og 197 er funne i Finland, burde det vera nok å gjera for flittige faunistikarar i tida framover. Familien manglar klare fellestrekk som skil dei frå dei andre tre familiane, sjølv om nokre trekk har vorte foreslått som moglege apomorfiar (Petersen et al. 2010).

Pedicia rivosa (L., 1758) - ein storvakst og relativt vanleg art som er lett å kjenne att på dei mørkt farga vengene. Frå wikipedia.
Den siste av dei fire stankelbeingruppene, Pediciidae, har tradisjonelt vore rekna som ein del av Limoniidae. Dei skil seg derimot frå desse ved å ha hår mellom fasettane på augo sine, i tillegg til detaljar i vengemønsteret (Oosterbroek 2006). Det var tsjekkaren Starý (1992) som først kom fram til at gruppa burde vera ei eiga familie; noko som støttast av molekylære data (Petersen et al. 2010). Frå Noreg er det kjend 18 artar; om lag like mange som i Sverige og i Finland.

Stankelbeina sin fylogeni, modifisert frå Petersen et al. (2010).
Det nyaste nye i Tipuloidea er Petersen et al. (2010) sin hypotese om evolusjon basert på eit kombinert datasett av både morfologiske og molekylære data frå to ulike gen. Desse forfattarane foreslo ein klassifikasjon der gruppa delast i to familiar: Pediciidae og Tipulidae, basert på at Pediciidae havna som søstergruppe til heile resten av Tipulidae. Den tradisjonelle familien Limoniidae viste seg å vera parafyletisk - i staden for at småstankelbeina utgjer ei sjølvstendig monofyletisk gruppe dukkar både Cylindrotomidae og Tipulidae opp innanfor denne gruppa. Siste ord er derimot ikkje sagt - dei morfologi-baserte stankelbeinsystematikarane brukar framleis dei fire familiane eg har skildra her, og før slektskapet innanfor Limoniidae er forstått betre vil det nok neppe skje store endringar i den klassifikasjonen som er i bruk.

Eg satsar på å presentera nokre stankelbein-artar i nærare detalj i ikkje altfor fjern framtid.


Referansar:

Hofsvang, T. (1992). A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser. B., 39, 77-79
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing 
Oosterbroek, P. (2012). Catalogue of the Craneflies of the World (Diptera, Tipuloidea: Pediciidae, Limoniidae, Cylindrotomidae, Tipulidae). Tilgjengeleg frå http://nlbif.eti.uva.nl/ccw/index.php 
Petersen,  M.J., Bertone, M.A., Wiegmann, B.M. & Courtney, G.W. Phylogenetic synthesis of morphological and molecular data reveals new insights into the higher-level classification of Tipuloidea (Diptera). Systematic Entomology, 35 (3), 526-545 
Starý J. (1992). Phylogeny and classification of Tipulomorpha, with special emphasis on the family Limoniidae. Acta Zoologica Cracoviensia, 35, 11-36.

torsdag 30. juni 2011

Vekesdyret: Setomima gloriosa (Tonnoir, 1939)

Hanngenitalia hjå Setomima gloriosa (Tonnoir, 1939).
Setomima gloriosa (Tonnoir, 1939) blei først beskriven basert på dyr samla i Kilembe, som ligg ved Rwenzori-fjella sørvest i Uganda (Tonnoir 1939). Arten vart av Tonnoir plassert i Brunettia, men sidan denne slekta var så dårleg definert fram til 1960-talet sa ikkje dette mykje om slektskapa til arten. Setomima var enno dårlegare definert på denne tida og blei ikkje teken seriøst som sjølvstendig biologisk eining før på 1960-talet (Duckhouse 1966).

S. gloriosa kan kjennast att m.a. på den U-forma bakkanten på undersidan av det tiande bakkroppssegmentet og på den asymmetriske ytre delen av kjønnsorganet; som ein ser på biletet er den høgre "penisen" mykje tjukkare og kraftigare enn den venstre (Duckhouse 1987). Som så mange andre afrikanske Setomima har arten vidare butte gonopodar, antenner av 16 korte og runde segment og cerci med to grupper av karakteristiske føletrådar - ein ytst og ein om lag midt på. Hjå S. gloriosa er sjølve cerciane forma som kyllinglår - dei ligg til høgre på biletet øvst.
Slik ser arten ut i det fri.

Mine eksemplar er tekne på campus ved Makerere-universitetet i Kampala, Uganda, der eg både samla og tok bilete av dei. Frå før er arten kjend frå to funn frå to ulike land. I tillegg til originalfunnet i Rwenzorifjella sør i Uganda er arten funnen 39 km sør for Walikale i den Demokratiske Republikken Kongo (tidlegare Zaire).

Då eg først innsåg at desse dyra høyrde til ein art som var beskriven frå før, blei eg særs entusiastisk og jubla så høgt det let seg gjera å jubla utan å forstyrra nokon. I samlingane mine frå Afrika har eg nemleg over 40 nye artar og berre rundt 3-4 som var kjende for vitskapen frå før.

Referansar:

Duckhouse, D. A. (1966) Psychodidae (Diptera, Nematocera) of Southern Australia: subfamily Psychodinae. Transactions of the Royal Entomological Society of London, 118, 153-220.
Duckhouse, D. A. (1987) A revision of Afrotropical Setomima, elucidation of their genealogical relationships and descriptions of other Afrotropical Psychodinae (Diptera: Psychodidae). Annals of the Natal Museum, 28, 231-282.
Tonnoir, A. L. (1939) Psychodidae. In: British Museum (Natural History): Ruwenzori Expedition 1934-5, 1 (4), 35-80.

onsdag 26. januar 2011

Vekesdyret: Lutzomyia longipalpis (Lutz & Neiva, 1912)

Lutzomyia longipalpis (Lutz & Neiva, 1912) syg blod. Frå wikipedia

I tillegg til dei lodne og harmlause små pelsdyra eg jobbar med finst det òg sommarfuglmygg som er økonomisk viktige. Sandmygg, underfamilien Phlebotominae, er gjenstand for stor forskingsinnsats i tropiske land sidan dei kan spreie fleire slags smitte; til dels av særs farlege sjukdomar.

Lutzomyia er ei Sør-Amerikansk slekt som omfattar om lag 400 artar i Sør-Amerika og sørlege delar av Nord-Amerika (Beati et al. 2004). Berre litt i overkant av 30 av artane er dokumenterte smitteberarar, men alle syg dei blod. Dei er naudvendige mellomvertar i livssyklusen til den parasittiske protozoen Leishmania, som forårsakar sjukdomen Leishmaniasis i fleire virveldyr. Ein forenkla versjon av denne livssyklusen er:

1) Lutzomyia stikk ein vert, og Leishmania kjem inn i blodomløpet til verten gjennom myggen sitt spytt
2) Immunsystemet til verten går til angrep på Leishmania ved å omslutta dei i makrofag-celler ("ete-celler", celler i blodet som tek opp framandlekamar).
3) Leishmania parasitterar makrofagane og formeirar seg. I denne prossessen kan han gjera stor skade på verten, delvis avhengig av kva for Leishmania-art det er.
4) Når vertsorganismen igjen vert biten av ein Lutzomyia bryt små Leishmania ut or makrofagane og slår seg til i tarmen til myggen. Her formeirar deg seg att, men utan å skade verten - avkommet skal nemleg ut i spyttet til myggen og la seg overføra til nye vertar.


Ein av vertane Leishmania kan gjera stor skade i er mennesket. Lutzomyia longipalpis er ein av mange sandmygg-artar som kan overføra denne parasitten til folk, sjølv om han ser ut til å foretrekka kveg og sauar (Morrison et al. 1993). Ubehandla leishmaniasis er opp til 100% døydeleg, og over 12 millionar menneske reknast å vera smitta med sjukdomen (WHO 2011).

Dei blodsugande sandmyggane i den gamle verda ber andre slags smitte og høyrer først og fremst til i slektene Phlebotomus og Sergentomyia. Eg har nokre sandmygg i prøvene mine frå Uganda, men sidan eg ikkje er heilt sikker på slektsklassifiseringa til sandmygg har eg ikkje sett så nøye på dei.

Referansar:
Beati, L., Cáceres, A.G., Lee, J.A. & Munstermann, L.E. 2003. Systematic relationships among LutzomyiaInternational Journal of Parasitology, 34, 225-234
Morrison, A.C., Ferro, C. & Tesh, R.B. 1993. Host preferences of the sand fly Lutzomyia longipalpis at an endemic focus of American Visceral Leishmaniasis in Colombia. American Journal of Tropical Medicine and Hygiene, 49, 68-75 sand flies (Diptera: Psychodidae) of Peru and Colombia based on the analysis of 12S and 28S ribosomal DNA sequences. 

WHO, 2011. Leishmaniasis. Tilgjengeleg frå http://www.who.int/leishmaniasis/en/index.html

fredag 31. desember 2010

2010: Året i Psychodidae-taksonomi

2010 er i ferd med å løpa ut, og kva er vel meir naturleg då enn å mimra over året som har gått. Mange si mimring er av typen "året i musikk", "året i film", "året i vitskap" etc.; men sidan eg vil ikkje påberopa meg autoritet på så store felt går eg noko smalare til verks. I det følgjande presenterar eg difor året som gjekk i Psychodidae-taksonomi; meir spesifikt innanfor underfamiliane Psychodinae, Sycoracinae og Trichomyiinae

Året var ikkje veldig produktivt på nybeskrivingsfronten; berre 21 nye taksa vart namngjevne. Dette inkluderar ei ny slekt og ei underslekt, 18 nye artar og eit erstattingsnamn. Ytterlegare 13 artar blei presentert i den 7. internasjonale kongressen for dipterologi (Cordeiro et al. 2010b), men desse er ikkje formelt beskrivne enno.

Mange av dei beskrivne nye artane i 2010 var frå USA. Gregory Curler, som nyleg tok doktorgrad ved universitetet i Tennessee, reviderte Stupkaiella Vaillant, 1973 og beskreiv òg artar i Trichomyia, Australopericoma og Threticus saman med J. K. Moulton (Curler & Moulton 2010a, 2010b). Desse publikasjonane utmerker seg ikkje berre med utførleg beskrivne og godt illustrerte vaksne hannar - dei er òg i mange høve assosiert med like velbeskrivne larvar og puppar. Greg Curler er ein mann for framtida.

Dei to nye slekts-gruppene Perakomyia Ježek, 2010 og Nototelmatoscopus (Josifekia) Ježek, 2010 er begge så langt berre kjend frå ein einskild art kvar; begge frå Malaysia. Perakomyia høyrer til mellom dei mange slektene som på sikt må skiljast ut or den gamle og dårleg definerte Telmatoscopus Eaton, 1904; om nye slektar skal beskrivast ut frå Ježek sitt vanlege detaljnivå vil det nok derimot ta mange år før me kan einast om ein god og stabil taksonomisk ordning på denne artsgruppa. Nototelmatoscopus (Jozifekia) omfattar ein art som openberrt høyrar til i Nototelmatoscopus Satchell, 1953, men som ikkje passar i nokon av underslektene Nototelmatoscopus sensu stricto eller Oscoreopus Ježek, 1989 (Ježek, 2010).

Den gamle kjempen Rüdiger Wagner bidrog med fire artar i år; to frå Tyskland i samarbeid med ikkje-spesialistar (Beran et al. 2010) og to karibiske artar klekt frå vassansamlingar i plantar av Ananasfamilien Bromeliaceae (Wagner & Hribar 2010, Wagner et al. 2010). Dei mest spanande ananas-nyhenda av i år var likevel klekkinga av Psychoda Latreille, 1796 frå ein bromeliade (Bravo et al. 2010) - sjølv om arten foreløpig berre er kjend frå hokjønn og puppe, høyrer han utvilsomt til i Psychoda; som ikkje var kjend frå bromeliadar frå før. Ananasfamilien sitt tilhøve til Psychodidae og andre insekt er forresten eit tema eg må ta opp ein gong, det går det an å minna meg på.

Psychoda albipennis Zetterstedt, 1850 - foto: Louis Boumans.
Det eg personleg synst var mest spanande var oppdaginga av ein subgenital ekstremitet hjå ho-dyr av Philosepedon Eaton, 1904 (Cordeira et al. 2010a). Denne karakteren er tidlegare berre kjend frå Psychoda Latreille, 1796 (sjå figur) og har vore rekna som ein diagnostisk karakter for denne slekta. Dette stadfestar at Philosepedon er nærare Psychoda enn han er t.d. Paramormia og Telmatoscopus - Duckhouse (1985) sitt konsept for Psychodini er betre enn Ježek & van Harten (2005) sitt. Vidare syner det kor viktig det kan vera å sjå på begge kjønn når ein beskriv nye artar - systematisk viktig informasjon kan gå tapt viss for mykje av taksonomien berre er basert på eit kjønn og eit livsstadium.

Snakkast i 2011.

Referansar:
Beran, B., Doczkal, D., Pfister, K. & Wagner, R. (2010) Two new species of Psychodidae (subfamilies Trichomyiinae and Psychodinae) from Germany associated with decaying wood. Zootaxa, 2386, 59-64.
Bravo, F., Silva-Lopes, P. & Bastos, S. (2010) A new Brazilian species of Psychoda Latreille, 1796 (Diptera, Psychodidae) collected in a bromeliad Biota Neotropica, 10.
Cordeiro, D., Chagas, C., Bravo, F. & de Carvalho, C.J.B. (2010). A once-unique character of PsychodaPhilosepedon Eaton (Psychodidae, Psychodinae). S. 53 i Zumbado, M.A. (red.): 7th International Congress of Dipterology Abstracts Volume. Tilgjengeleg frå http://www.nadsdiptera.org/ICD/ICD7/AbstractsICD7.pdf Latreille found in
Cordeiro, D., de Carvalho, C.J.B. & Bravo, F. (2010). New species of Psychoda Latreille (Psychodidae) from Brazil. S. 52 i Zumbado, M.A. (red.): 7th International Congress of Dipterology Abstracts Volume. Tilgjengeleg frå http://www.nadsdiptera.org/ICD/ICD7/AbstractsICD7.pdf
Curler, G. R. & Moulton, J. K. (2010a) Contributions to Nearctic Stupkaiella Vaillant (Diptera: Psychodidae). Zootaxa, 2397, 48-60.
Curler, G. R. & Moulton, J. K. (2010b) Descriptions of three new species of Psychodidae (Diptera) from the southeastern United States. Zootaxa, 2524, 51-62.
Duckhouse, D. A. (1985) A re-examination of Neomaruina (Diptera, Psychodidae), with observations on its life-history and affinities and redefinition of the tribe Psychodini. Annals of the Natal Museum, 26 (2), 601-620.
Ježek, J. (2010) Further new taxa of non-biting moth flies (Diptera: Psychodidae: Psychodinae) from Malaysia. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 50, 235-252.
Ježek, J. & van Harten, A. (2005) Further new taxa and little-known species of non-biting moth flies (Diptera, Psychodidae) from Yemen. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 45, 199-220.
Wagner, R. & Hribar, L. J. (2010) A new species of moth fly (Diptera, Psychodidae, Psychodinae) collected from Bromeliads in Florida. Zootaxa, 2662, 66-68
Wagner, R., Richardson, B. & Richardson, M. J. (2010) A new psychodid species from Saban tank bromeliads. Studies on Neotropical Fauna and Environment, 45, 121-127.

onsdag 29. desember 2010

Vekesdyret: Pericoma nielseni Kvifte, 2010

Pericoma nielseni (hann) - genitalia
Pericoma blandula - ein nærskyld art.
I 1964 fann den danske insektforskaren Boy Overgaard Nielsen nokre sommarfuglmygg han ikkje klarte å plassera. Dei var særs like dei allereie kjende artane Pericoma blandula Eaton, 1893 og Pericoma fallax Eaton, 1893; men skilde seg ved fleire detaljar på hannen sine kjønnsdelar. Hjå dei to nemnde artane har gonopodane - dei to-ledda lemane som sjølve penis ligg mellom - like lang spiss som rot i det ytste leddet (sjå figur til høgre). Sjølve penis er òg ulikt forma. Han beskreiv den nye arten som ein ny art under namnet Pericoma formosa - "den vakre Pericoma" i direkte oversetjing (Nielsen 1964).

Eit godt namn i vitskapleg samanheng skal som kjend helst vera eintydig. Det kan ein diverre ikkje seie om Pericoma formosa - allereie i 1905 vart det beskriven ein sommarfuglmygg-art under dette namnet basert på fossil i baltisk rav (Meunier 1905). Sidan dyra det er snakk om her ikkje har så mykje med kvarandre å gjera og garantert høyrer til ulike artar måtte difor B.O. Nielsen sin Pericoma formosa få eit nytt namn, sidan denne vart beskriven sist. Valet fall på Pericoma nielseni, for å heidra nettopp B.O. Nielsen (Kvifte 2010).

Eg har sjølv fanga P. nielseni ein gong eg samla insekt ved Linnestranda utanfor Drammen. Dyret gjorde ikkje skam på det gamle namnet sitt - formosa tyder "vakker".

Referansar:
Kvifte, G. M. (2010) Pericoma nielseni nom. nov., a replacement name for Pericoma formosa Nielsen, 1964, preoccupied by Pericoma formosa Meunier, 1905 (Diptera: Psychodidae). Zootaxa, 2726, 68. Link.
Meunier, F. (1905) Monographie des Psychodidae de lámber de la baltique. Annales historico-naturales Musei nationalis Hungarici, 3, 235-255.
Nielsen, B. O. (1964) Studies on Danish Psychodidae (Diptera: Nematocera) II. Natura Jutlandica, 12, 149-161.

søndag 26. september 2010

Vekesdyret: Berdeniella freyi (Berdén, 1954)

Hann-genitalia hjå Berdeniella freyi (Berdén, 1954), sett frå sida. Henta frå Vaillant 1976.
Berdeniella er ei mangfaldig slekt av overveiande europeiske Psychodidae, kor dei fleste er knytt til bekkar og kjelder i fjellområde. Det er kjend 63 beskrivne artar til no, for det meste i Sør- og Sentraleuropa (Ježek 2005). I Skandinavia finst det ein registrert art - Berdeniella freyi (Berdén, 1954).

Berdén (1954) beskreiv først B. freyi i slekta Pericoma, som hadde ei vidare definisjon på 1950-talet enn i dag. Som Pericoma har Berdeniella "perleforma" antennesegment; ikkje laukforma som mange andre sommarfuglmygg-grupper i Europa. Dei sikraste definerande karakterane til Berdeniella er derimot å finna på dei såkalla cercopodane på genitaliane. I motsetnad til andre Pericoma-liknande slekter har dei berre èin (eller to) utvekstar her - desse har i tillegg nokre unike, små korte piggar ved rota (Vaillant 1976). Innanfor Berdeniella er dei ulike artane enklast å sjå skilnad på gjennom forma på sjølve penis.

Genitalia ovanifrå. Frå Vaillant 1976
B. freyi er vidt utbreidd i Europa; i Fauna Europaea er arten nemnd frå Skandinavia i nord til Spania, Italia og Serbia i sør. Dei einaste publiserte norske funna av arten er frå Røsvik i Nordland (Nielsen 1965), men i samlingane ved Bergen Museum finst det i tillegg eksemplar frå Nord-Fron i Oppland og Evenes.



 Referansar:
Berdén, S. 1954. Taxonomical notes on Psychodidae (Dipt. Nem.) II. Four new species of Pericoma from Fennoscandia. Opuscula entomologica, 19, 33-39.
Ježek, J. 2006. Psychodidae (Diptera) of the Jeseníky Protected Landscape Area and its environs with descriptions of two new Berdeniella species from the Czech Republic. Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae, 46, 151-192.
Nielsen, B. O. 1965. Psychodidae from Norway and Sweden. Opuscula entomologica, 30 (1-2), 143-152.
Vaillant, F. 1976. Psychodidae - Psychodinae. Pp. 183-206 in: Lindner, E. (ed.) Die Fliegen der Palaearktischen Region. Lief. 313. E. Schweizerbart'scheVerlagsbuchhandlung, Stuttgart.

søndag 19. september 2010

Vekesdyret: Episyrphus balteatus

Episyrphus balteatus (de Geer, 1776) frå Valestrandsfossen, Osterøy.

Målt i popularitet høyrer blomeflugene - Diptera:Syrphidae - til mellom dei mest karismatiske flugefamiliane. Sidan fargemønstra gjerne viser gode artskarakteristikkar er mange av artane relativt enkle å bestemma; sjå t.d. dei utmerka praktverka om gruppa i Nationalnyckeln. Mellom dei mest karakteristiske artane i vår fauna høyrer den dobbeltbanda blomefluga Episyrphus balteatus (de Geer, 1776); som er lett å kjenna att på dei doble svarte tverrstripane på kvart bakkroppssegment.

E. balteatus er vidt utbreidd og er funne i dei fleste europeiske land (Speight 2004). Mange bestandar, særleg i den nordlege delen av utbreiingsområdet, er trekk-insekt som vekslar mellom ein generasjon i Nord og ein i Sør- til Sentraleuropa. Hoer som parrar seg lenger sør i Europa trekk til Norden tidleg i juni og legg egg her; larvane forpuppar seg og vert vaksne om lag ein månad seinare. Trekket sørover går føre seg i august og september, sjølv om nokre individ unnataksvis kan overvintra så langt nord som Danmark og Sør-Sverige (Bartsch et al. 2009).

Som så mange andre artar i underfamilien Syrphinae er E. balteatus ein effektiv predator på bladlus (Bargen et al. 1998). Tenhumberg & Poehling (1995) fann i laboratorieeksperiment at ei einskildlarve av arten et mellom 660 og 1140 individuelle bladlus i løpet av oppveksten sin; sjølv om dette nok er langt høgare enn under naturlege tilhøve gjev det ein peikepinn på kor viktige dei er i bladlusene sin populasjonsdynamikk.


Referansar:
Bargen, H., Saudhof, K. & Poehling, H.-M. 1998. Prey finding by larvae and adult females of Episyrphus balteatus. Entomologia Experimentalis et Applicata, 87, 245-254.
Bartsch, H., Binkiewicz, E., Rådén, A. & Nasibov, E. 2009 Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Tvåvingar: Blomflugor: Syrphidae: Syrphinae Uppsala: ArtDatabanken, SLU
Speight, M. 2004. Fauna Europaea: Syrphidae. Tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org [vitja 19.9 2010].
Tenhumberg, B. & Poehling, H.-M. 1995. Syrphids as natural enemies of cereal aphids in Germany: Aspects of their biology and efficacy (sic!) in different years and regions. Agriculture, Ecosystems and Environment, 52, 39-42

fredag 10. september 2010

Vekesdyret: Empis stercorea

Empis (Xanthempis) stercorea L., 1761. Frå wikipedia.
Xanthempis Bezzi, 1909 er ei underslekt av danseflugeslekta Empis, og omfattar over 50 artar i Europa, Nord-Afrika og Japan (Chvála 1994, Daugeron 1997, 2009). Gruppa er lett å kjenna att på den gule grunnfargen, den nesten hårlause ryggen og dei lange tredjesegmenta til antennene (Chvála 1994). Dei utmerker seg mellom danseflugene som ei av særs få grupper som parar seg med fast grunn under føtene heller enn i flukt (Chvála 1994). E. (X.) trigramma Wiedemann, 1822 parar seg til dømes helst på brennesler (Urtica dioica) og giftkjeks (Conium maculatum), oftast mindre ein 1 m over bakkenivå (Preston-Mafham 1999).

Empis (Xanthempis) stercorea L., 1761 er den vanlegaste av desse artane i Nord-Europa, og finst frå Italia og nord til Lappland og Nord-Noreg (Chvála 2004). Eg har fleire dyr av båe kjønn i samlinga mi, alle samla av Petter Jordan ved Strandsvatnet i Evenes kommune, Nordland.

Referansar
Chvála, M. (1994). The Empidoidea (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. III. Genus Empis. Fauna Entomologica Scandinavica, 29, 1-187
Chvála, M. (2004). Fauna Europaea: Empididae. Tilgjengeleg frå www.faunaeur.org (vitja 10.sep.2010)
Daugeron, C. (1997). Découverte du sous-genre Xanthempis bezzi en Afrique du Nord et description de trois espèces nouvelles (Diptera : Empididae). Annales de la Société entomologique de France, 33 (2), 155-164
Daugeron, C. (2009). Two new species of Xanthempis Bezzi (Diptera, Empididae, Empidinae) endemic to the Pyrenees. Zootaxa, 2087, 59-64
Preston-Mafham, K.G. (1999). Courtship and mating in Empis (Xanthempis) trigramma Meig., E. tessellata F. and E. (Polyblepharis) opaca F. (Diptera: Empididae) and the possible implications of `cheating' behaviour. Journal of Zoology, 247, 239-246

tirsdag 15. juni 2010

Vekesdyret: Neria cibaria

Neria cibaria (L., 1961). Frå Kahanpää 2006
Neria cibaria (L., 1961) høyrer til stankelbeinflugene, familien Micropezidae, og er mellom dei vanlegaste norske artane i gruppa (Greve & Nielsen 1991). Arten er utbreidd i heile Europa frå Portugal til Nordland; i Noreg og Finland flyg han i juni og juli (Greve & Nilsen 1991, Ozerov 2004, Kahanpää 2006).

Ein kan skilje N. cibaria frå andre norske micropezidar på at hovudet er rundt, palpane er korte, antennebørsta er mørk ved rota og mesonotum ("ryggen") ikkje gjev noko vidare gjenskin (Andersson 1989). I tillegg er det sjølvsagt mange gode artsspesifikke trekk på genitaliane - sjå Andersson 1989 for ei framifrå teikning.

Stankelbeinfluger er generelt spinkle fluger med lange bein og smale venger. Ein del artar har evolvert til å likna maur, sannsynlegvis sidan dei då vert utsett for færre predatorar (Wheeler 1924, Eberhard 1999). Larvene utvikler seg i daudt plantemateriale, gamal møk eller i sopp (Oosterbroek 2006). Paringsdansen til dei vaksne er livlig skildra i Wheeler (1924)

Referansar:
Andersson, H. (1989). Taxonomic notes on Fennoscandian Micropezidae. Notulae Entomologicae, 69, 153-162
Eberhard, W.G. (1999). Mortal mimicry in the fly, Plocoscelus sp. (Diptera, Micropezidae). Biotropica, 31, 535
Greve, L. & Nielsen, T.R. (1991). A survey of the family Micropezidae in Norway. Fauna Norvegica Ser. B., 38, 77-87
Kahanpää, J. (2006). Micropezid flies in Finland (Diptera: Micropezidae). Tilgjengeleg frå http://www.elisanet.fi/~d625473/diptera/micropezidae/ 
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Ozerov, A.L. (2004). Micropezidae. I Fauna Europaea Web Service, tilgjengeleg frå www.faunaeur.org 
Wheeler, W.M. (1924). Courtship of the calobatas. Journal of Heredity, 15, 485-495

mandag 14. juni 2010

Lesetips

Drosophila (s. str.) replata Wollaston, 1858, frå wikimedia commons
Drosophilider er små til mellomstore fluger som hovudsakleg lever av gjær. Dei fleste forbinder familien med laboratorieforsøksdyret Drosophila (Sophophora) melanogaster Meigen, 1830, men det er mykje meir ved familien enn dette. Sjå den australske araknologen Christopher Taylor sin framifrå blogg, Catalogue of organisms for utdjuping.

søndag 13. juni 2010

Vekesdyret: Clogmia albipunctata

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) i Ghent, Belgia. Foto frå wikimedia commons.

Clogmia albipunctata (Williston, 1893) er mellom dei vanlegaste illustrasjonsfotoa i nyare publikasjonar om sommarfuglmygg. Det finst fleire grunnar til dette, mellom anna at dyret i motsetnad til dei fleste andre psychodidar ved mange høve let seg bestemma til art berre ut frå fotografi. Vidare gjer arten seg godt på bilete, er særs vidt utbreidd og er ikkje minst vanleg i dei same habitata som det makrofotografar er.

I mange publikasjonar vert det hevda at arten er kosmotropisk, det vil seie at han finst i tropiske strøk over heile verda. I seinare tid har ein derimot funne arten stadig lenger nordover, med funn i Tyskland (Werner 1997), Belgia (Boumans et al. 2009) og Nederland (Boumans 2009). Det er enno ikkje kjend funn frå Skandinavia eller dei britiske øyer, men det er nok berre eit spørsmål om tid før invasjonen når hit òg. Alle sikkert bestemte funn i samlinga mi til no kjem frå Kroatia.

C. albipunctata lever opphavleg i grunt, næringsrikt vatn; til dømes i vassfylte hol i tre. I Europa er arten først og fremst ein innandørs-art som helst lever i baderom, på kjøkken og liknande. På sjukehus kan han føra til problem - ved dårlege hygieniske tilhøve kan larvane til og med infisera sår, såkalla myasis (Tu et al. 2007). Dette høyrer heldigvis til unnataka - normalt er ikkje desse myggane skadedyr.

Dersom nokre av mine lesarar (viss eg har nokon) finn sommarfuglmygg på baderomma sine, vil eg gjerne sjå bilete og helst motta eksemplar i sprit.

Referansar:
Boumans, L. (2009). De WC-motmug Clogmia albipunctata, een opvallend maar onopgemerkt element van onze fauna (Diptera: Psychodidae). Nederlandse Faunistische Medelingen, 30, 1-10.
Boumans, L., Zimmer, J.-Y. & Verheggen, F. (2009). First records of the 'bathroom mothmidge' Clogmia albipunctata, a conspicuous element of the Belgian fauna that went unnoticed (Diptera: Psychodidae). Phegea, 37, 153-160.
Tu, W. C., Chen, H. C., Chen, K. M., Tang, L. C. & Lai, S. C. 2007. Intestinal myasis caused by larvae of Telmatoscopus albipunctatus in a Taiwanese man. Journal of Clinical Gastroenterology, 41, 400-402.
Werner, D. (1997). Studies on some moth flies (Diptera: Psychodidae) with the first record of Clogmia albipunctata in central Europe. Entomological News, 108, 273-282.

fredag 11. juni 2010

Kulefluger er kule fluger

Acroceridae-arten Cyrtus gibbus (Fabricius 1794), Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info

 Kulefluger er det norske namnet på tovengefamilien Acroceridae; ei veldig karakteristisk gruppe fluger med små hovud og pukkelrygg. Det er kjend om lag 520 artar frå 51 slekter på verdsbasis, men gruppa er framleis ganske dårleg kjend i dei fleste regionar (Gillung & Carvalho 2009). I Europa er det funne 33 artar, kor Ogcodes pallipes Latreille, 1811 og Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er kjende frå Noreg (Ellingsen & Greve 1984, Nartshuk 2004).

Larvar av kulefluger er parasittar på juvenile edderkoppar. Dei fleste artane ser ut til å kunne parasittera mange ulike edderkoppartar, sjølv om det nok kan eksistera spesialisering på familienivå eller høgare - kulefluger i underfamilien Panopinae er t.d. berre kjend frå Mygalomorfe edderkoppar (t.d. tarantellar) medan Acrocerinae og Philopotinae parasitterar Araenomorphae (Winterton et al. 2007).

Arten Acrocera orbicula (Fabricius, 1787) er utbreidd i store delar av Europa, inkludert Noreg. Her frå Portugal. Foto: Jorge Mota Almeida, lånt frå www.diptera.info
Dei fire ulike larvestadia er ganske ulike, og oppførar seg òg ulikt. Første stadium er frittlevande og oppsøker aktivt ein vert å veksa opp i. Hjå dei fleste artane kryp larva seg inn gjennom boklungene til edderkoppen, kor andre og tredje larvestadium vert gjennomlevd. I det fjerde og siste stadiet vert den stakkars verten eten opp innanifrå før han til slutt døyr - dette skjer imidlertid først etter at han har vorte manipulert til å spinna eit beskyttande silkenett som kulefluga kan forpuppa seg i (Larrivèe & Borkent 2009).

Vaksne kulefluger vert sjeldan funne, verken i felt eller i feller, men kan stundom vera lokalt vanlege (Oosterbroek 2006). Mange av artane svermar på bakketoppar, og vert frå tid til annan tekne i store mengder der. Ein del artar kan òg finnest på blomar, der dei drikk nektar og/eller formeirar seg. Det ser ut til at planteslaget er viktig for dei einskilde flugeartane, då mange artar ser ut til å foretrekka somme blomar framfor andre: Den nordamerikanske arten Eulonchus sapphirinus Osten Sacken, 1877 føretrekk stankstorkenebb Geranium robertianum (Borkent & Schlinger 2008), medan den afrikanske arten Psilodera valida (Wiedemann, 1830) er kjend som pollinator av Gladiolus brevifolius og Bulbine falvosa (Goldblatt et al. 1997).

Referansar:
Borkent, C.J.  & Schlinger, E.I. (2008). Flower-visiting and mating behaviour of Eulonchus sapphirinus (Diptera: Acroceridae). Canadian Entomologist, 140, 250-256
Ellingsen, G.E. & Greve, L. (1984). The acrocerid flies of Norway (Dipt., Acroceridae). Fauna Norvegica Ser. B. 31, 20-22
Gillung, J.P. & de Carvalho, C.J.B. (2009). Acroceridae (Diptera): a pictorial key and diagnosis of the Brazilian genera. Zootaxa, 2175, 29-41
Goldblatt, P., Manning, J.C. & Bernhardt, P. (1997). Notes on the Pollination of Gladiolus brevifolius (Iridaceae) by Bees (Anthophoridae) and Bee Mimicking Flies (Psilodera: Acroceridae). Journal of the Kansas Entomological Society, 70, 297-304
Larrivèe, M & Borkent, C.J. (2009). New spider host associations for three acrocerid fly species (Diptera, Acroceridae). Journal of Arachnology, 37, 241-242
Nartshuk, E.P. (2004). Acroceridae. Fauna Europaea web service 2.2, tilgjengeleg frå http://www.faunaeur.org
Oosterbroek, P. (2006). The European Families of the Diptera. identification, diagnosis, biology. Utrecht: KNNV Publishing
Winterton, S.L., Wiegmann, B.M. & Schlinger, E.I. (2007). Phylogeny and Bayesian divergence time estimations of small-headed flies (Diptera: Acroceridae) using multiple molecular markers. Molecular Phylogenetics and Evolution 43 (3), 808-832

lørdag 5. juni 2010

Vekesdyret: Empis tessellata

Hann av Empis tessellata Fabricius, 1794. Foto: Gunnar Kvifte

Empis (Euempis) tessellata Fabricius, 1794 er ein stor art dansefluge som er vanleg i Europa nord til Nordland og sør til Middelhavskysten. I Skandinavia flyg dei frå mai til august, med flest eksemplar funne i juni og byrjinga av juli (Chvála 1994). Det avbilda eksemplaret vart funne på Arboretet på Milde den 27. mai i år, og er ein hann. Dersom nokon meiner bakkroppen ser ut til å vera i ein unaturleg vinkel, kjem dette av at han delvis braut av under bestemminga.
 
E. tessellata lever som vaksen stort sett av nektar, sannsynlegvis er dette ein av grunnane til at dei har slike lange snablar. Dyra vitjar mange ulike slags blomar, men særleg skjermplanter som hundekjeks Anthriscus sylvestris. Larva lever i jord- og strølaget, og et helst andre insektlarver (Hobby & Smith 1962).
 
Som mange andre artar i familien Empididae har E. tessellata ein interessant kurtise. Hannane dansar svermar – flygande dansegrupper som flyg over buskar og tre for å trekka til seg hoer. For å para seg krevjer ho som regel eit byttedyr hannen har fanga i forkant; storleiken på dette byttet er sannsynlegvis viktig for kor lenge hannen får lov til å halda på med ei einskild ho (Cumming 1994). E. tessellata fangar bytte som er like stort som seg sjølv eller noko større, men som oftast er det mindre tovenger som står på menyen. I følgje Parmenter (1951) er det vanlegaste byttet hårmyggen Bibio marci L.

Referansar:
Chvála, M. (1994). The Empidoidea (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. III. Genus Empis. Fauna Entomologica Scandinavica, 29, 1-187.
Cumming, J.M. (1994). Sexual selection and the evolution of dance fly mating systems (Diptera: Empididae: Empidinae). Canadian Entomologist, 126, 907-920
Hobby, B.M. & Smith, K.G.V. (1961) The bionomics of Empis tessellata F. (Dipt., Empididae). Entomologist's Monthly Magazine, 97, 2-10
Parmenter, L. (1951). Notes on the genus Empis (Dipt., Empididae) in Britain. Entomologist's Monthly Magazine, 87, 41-44

torsdag 3. juni 2010

Sommarfuglmygg - kva er det?

Hovudinteressa mi som forskar dreier seg om artsrikdom og systematikk innanfor sommarfuglmygg (Diptera: Psychodidae). Desse vakre dyra er små lodne mygg som på grunn av dei hårute vengene overfladisk kan minna om små møll. Familien finst utbreidd på alle kontinent, og det er kjend nærare 2500 beskrivne artar. Det reelle artstalet kan derimot vera opp mot ti gongar så høgt (Wagner & Ibañez-Bernal 2009).
Bilete til venstre frå wikipedia

Familien har enno ikkje vorte systematisk kartlagt i Noreg, kor det til no er registrert totalt 27 artar (Håland & Andersen 1996, Andersen & Amundsen 1997). I tillegg kjem det ein del artar som er kjende frå upubliserte funn.

Vaksne sommarfuglmygg flyg dårleg, og vert difor sjeldan funne langt frå levemiljøet til larvene sine. Dei fleste artane har larvestadia sine i ferskvatn eller i særs fuktig jord, mose o.l.; ein del vanlege artar lever i sopp eller kumøkk. Det er kjend både særs økologisk spesialiserte artar og generalistar som kan leva i mange ulike slags miljø, og det økologiske mangfaldet i gruppa har gjort at dei har vorte foreslått som indikatorartar (Wagner 1979).

Den sikraste måten å artsbestemma sommarfuglmygg på er å studera mikroskop-preparat av hannen sine genitaliar. Andre gode karakterar finnest på munndelane, antennene og vengene. Særskild for familien er vengeskjela som gjev dyra den møll-liknande utsjånaden sin, og ikkje minst askoidane. Dette er særeigne, tråd-forma organ som sit på antenneledda hjå dei fleste artane og truleg nyttast til å lukta med.

Det finst mange grunnar til å jobba med nettopp sommarfuglmygg. Det økologiske mangfaldet dei ulike artane viser tyder på at artsrikdomen innanfor gruppa kan fungera som eit mål på økologisk kompleksitet - jo fleire ulike habitat det finst i eit område, jo fleire ulike slags sommarfuglmygg kan ein rekna med å finna. Vidare er det eit poeng for meg å jobba med ei dårleg undersøkt gruppe for å bidra til å utvida spekteret av organismar som er undersøkt økologisk med gode vitskaplege metodar. Mykje økologisk kunnskap om artsrikdom er basert på nokre få indikatorgrupper, og å studera taksa utanfor desse gruppene kan bidra til å gjera tolkingar av naturlege prosessar meir fullstendige (Wilson et al. 2007). Hovudargumentet til at eg har vald meg nettopp Psychodidae som masterdyret mitt er nok likevel estetisk - dette er vakre dyr!

Referansar:
Andersen, T. & Amundsen, E. (1997). The Siebke Collection of Norwegian Moth Flies (Diptera: Psychodidae). Fauna Norvegica Ser. B., 44, 91-93
Håland, Ø. & Andersen, T. (1996). Psychodidae - Sommerfuglmygg. Pp. 191-193 i Aagard, K. & Dolmen, D. (eds.): Limnofauna Norvegica - Katalog over norsk ferskvannsfauna. Trondheim: Tapir Akademisk forlag
Wagner, R. (1979). Psychodiden (Diptera) als Gewässerindikatoren. Mittelungen der DGaaE, 1, 67-71
Wagner, R. & Ibañez-Bernal, S. (2009). Psychodidae (sand flies, and moth flies or owl flies). Pp. 319-335 i Brown, B.V., Borkent, A., Cumming, J.M., Wood, D. M., Woodley, N.E. & Zumbado, M.A. (eds.): Manual of Central American Diptera. Volume 1. Ottawa: NRC Research Press
Wilson, J.R.U., Proches, S., Braschler, B., Dixon, E.S. & Richardson, D.M. (2007). The (bio)diversity of science reflects the interests of society. Frontiers in Ecology and the Environment, 5, 409-414