 |
| Larver i Astraptes fulgerator-komplekset. Frå Hebert et al. 2004 |
OBS! Denne teksten er tungt inspirert av Biodiversity in Focus!
Fleire av dei eldste spørsmåla i biologi dreier seg om sjølve konseptet "art". Er ein art plantar eller dyr ei reell eining i naturen eller berre ein fornuftig klassifikasjon? Viss artar er reelle fenomen, korleis definerar ein dei? Kva slags skilnadar må til for at ein bestand skal vera ein eigen art framfor berre nok ein bestand av ein nærståande art?
Eg kjem ikkje til å svara på nokre av desse spørsmåla med det første - dei er viktige spørsmål å tenkje over for ein biolog, men har ingen klare ukontroversielle svar. Eg skal i staden ta for meg språket som vert brukt når ein omtalar artar innanfor biologien; vitskaplege artsnamn eller "latinske namn".
Eit vitskapleg namn i zoologi som er skrive fullt ut består av eit slektsnamn, eit artsepitet, eit eller fleire forfattarnamn og eit årstal. Slektsnamnet vert skrive i kursiv med stor forbokstav og står for ei gruppe artar som helst skal vera nærare i slekt med kvarandre enn med artar i andre slekter. Artsnamnet er ein unik "merkelapp" på den einskilde arten innanfor slekta, og vert skrive i kursiv med litan forbokstav. Forfattaren til arten er den personen eller dei personane som først gav han namn, og årstalet indikerar kva for år dette skjedde i. Dersom forsking visar at arten høyrer til i ei anna slekt enn den forfattarane først beskreiv han i, set ein parantes rundt forfattarnamnet og årstalet.
Når ein skriv om artane elles brukar ein gjerne forkorta versjonar av det fulle namnet, som regel berre slektsnamn og artsnamn:
Homo sapiens i staden for
Homo sapiens Linné, 1758. Viss ein har endå mindre plass, kan ein forkorta slektsnamnet:
T. rex i staden for
Tyrannosaurus rex Osborn, 1905. Ein annan måte å spara plass på, som eg personleg mislikar sterkt, er å kutta ut artsepitetet fullstendig: Mange skriv til dømes
Drosophila når dei meiner
Drosophila melanogaster Meigen, 1830 (dette er særleg feil fordi denne bananfluga som genetikarane jobbar så mykje med
eigentleg bør vera i ei heilt anna slekt, nemleg
Sophophora).
Eit vitskapleg namn er biologien sin måte å legga fram hypotesen om at eit sett organismar høyrer saman i ein art. Her kan eg sjølvsagt trekka fram den delvis filosofiske debatten om korleis ein definerar omgrepet "art", men det er ikkje naudsynt for poenget: Når ein set eit vitskapleg namn på eit individ er det ein hypotese om at 1) Individet høyrer til den same arten som typen (originaleksemplaret av arten, som definerar namnet), og 2) arten er distinkt ulik frå artar med andre namn. Det er sjølvsagt mogleg å framsetje desse hypotesane på andre måtar, men som regel blir ikkje dette gjort. Den vitskaplege konvensjonen er at ein brukar vitskaplege namn.
 |
| Astraptes boreas Brower, 2010; ei av Brower sine nye artar i Astraptes fulgerator-komplekset. Frå Brower 2010 |
"Som regel" skal her lesast som "ikkje alltid". I den moderne biologiske røynda hender det nemleg at forskarar ikkje gjev skikkelege namn til hypotesane sine. Det mest kjende dømet på dette er eit studium Hebert
et al. (2004) gjorde med sommarfuglar i Costa Rica. Under eit prosjekt for å finna ut kva for plantar åmene til sommarfugl-arten
Astraptes fulgerator Walch, 1775 la forskargruppa merke til at larvar som såg litt ulike ut ofte òg var å finna på ulike plantar. Då dei såg på skilnadar i det mitokondrielle genet
cox1 fann dei at dei ulike larvane såg ut til å stamma frå ulike delpopulasjonar som ikkje hadde noko med kvarandre å gjera - etter mange artskonsept kunne dette tolkast som eigne artar!
Det var òg dette Hebert
et al. (2004) meinte. Mitokondrielt DNA går berre i arv frå mor til avkommet, og sjølve
cox1-genet muterar ikkje så ofte. Dersom ei gruppe organismar som ser ut til å vera av same art viser seg å ha to ulike sekvensar av
cox1 er det mest sannsynleg at det har gått mange generasjonar sidan den muterte varianten oppsto og dei to sekvensane skilde lag. Dette tyder ikkje alltid at dei to organismegruppene høyrer til ulike populasjonar som ikkje blandar seg med kvarandre, men det kan vera ein god peikepinn. Om ein i tillegg kan byggja opp under
cox1-skilnadane med andre skilnadar, t.d. i morfologi, åtferd eller geografisk utbreiing, har ein ein god hypotese om artsstatus.
Hebert
et al. (2004) sin artikkel blei lesen av ein vid lesarkrins, og vart særs vidgjeten for sin påstand om at dei fann 10 artar der forskarar tidlegare hadde trudd det berre var ein. Derimot gjorde dei ikkje heimeleksene sine skikkeleg - ingen av artshypotesane blei framstilt som vitskaplege namn, men i staden som katalognummer eller andre kodar (t.d. "FABOV", "MYST", "HIHAMP"). Dette var fordi hypotesane dei la fram dreide seg om element 2) av det vitskaplege namnet - at "artane" var distinkt ulike andre artar. Element 1), hypotesen om at individa høyrde til ein kjend art, blei ikkje utforska - det er ingen som veit kva for ein av Hebert
et al. sine
cox1-artar type-eksemplaret til
Astraptes fulgerator høyrer til i.
Det gjekk seks år. Ingen av forskarane i Hebert sitt team såg ut til å gjera noko for å utforska hypotesane sine vidare. Dei vidt bejubla "nye sommarfuglartane" blei ikkje knytt verken til etablerte namn eller nye namn før seint i fjor. Andrew Brower, som ikkje var knytt til den opphavlege studia og aldri hadde sett eksemplar av nokon av artane, skreiv ein kort artikkel i
Systematics and Biodiversity der han gav formelle vitskaplege namn til alle ti hypotesane til Hebert (Brower 2010). Eit døme på ei av artsbeskrivingane [mi omsetjing]:
Astraptes procrastinator, n.sp.
Typelokalitet: Costa Rica, Alajuela Prov. Area de Conservacion Guanacaste, Sector Santa Rosa, Cafetal, 10.85827° N, 85.61089° W, 280 m.
Diagnose: Arten kan skiljast frå andre medlemmar av Astraptes fulgerator-komplekset ved hjelp av følgande karakterkombinasjon i DNA-strekkoden [cox1]: 52C; 109T; 649T.
Holotype [typeeksemplar]: Eksemplar 93-SRNP-7060, lagra ved Universitetet i Pennsylvania
Merknad: Denne arten tilsvarar [...] "FABOV" i Hebert et al. (2004)
Etymologi: Namnet speglar på den lange tida det tok frå arten vart oppdaga til han vart beskriven [procrastinator tyder somlekopp, bloggar.anm.].
 |
| Astraptes anaphus (Cramer, 1777), ein Astraptes-art som ikkje høyrer til i fulgerator-komplekset. Frå wikipedia. |
Denne artsbeskrivinga er ikkje typisk for artsbeskrivingar generelt, men gjev eit godt bilete av grunntonen i Brower (2010). Normalt ville ei slik beskriving gjere greie for det som er kjend av morfologiske og økologiske kjenneteikn ved arten. Regelverket som styrer zoologiske namn,
ICZN, krev derimot berre at ein gjev ei "diagnose" som fortel korleis arten kan skiljast frå andre artar. I høvet
Astraptes procrastinator Brower, 2010 er desse kjenneteikna basar i
cox1-sekvensen som vart brukt i Hebert
et al: plass 52 i sekvensen er ein
C, medan plass 109 og plass 649 er
T-ar.
Som tilhengar av heilskapleg taksonomi meiner eg dette er dårlege artar som treng meir forsking. Forhåpentlegvis vil ein ekspert på sommarfuglar i ikkje så altfor fjern framtid låna det som finst av typeeksemplar og bruka dei saman med ferskfanga materiale til å revidera artskomplekset. Det trengs både studium av fleire gensekvensar og detaljstudium av morfologi for å få klarheit i kva for artar som tålar å bli gått etter i sømane, kva for ein av dei som er den verkelege
Astraptes fulgerator og kva for nokre som må synonymiserast med kvarandre.
Likevel synst eg ikkje det er Andrew Brower som er skurken her. Det einaste han gjorde var å standardisera Hebert
et al. (2004) sine hypotesar til det språket slike hypotesar oftast blir framsett i. Om hypotesane er gode eller ikkje, er eit anna spørsmål - Brower har i ein tidlegare analyse (2006) demonstrert at mange av Hebert
et al. (2004) sine artar ikkje ein gong er eintydige ut frå
cox1! Det Brower har gjort no er å visa i klartekst for andre biologar kva hypotesane til Hebert
et al. faktisk går ut på.
Referansar:
Brower, A.V.Z. 2006. Problems with DNA barcodes for species delimitation: 'ten species' of Astraptes fulgerator reassessed (Lepidoptera: Hesperiidae). Systematics and Biodiversity, 4, 127–13 10.1017/S147720000500191X
Brower, A.V.Z. 2010. Alleviating the taxonomic impediment of DNA barcoding and setting a bad precedent: names for ten species of ‘Astraptes fulgerator’ (Lepidoptera: Hesperiidae: Eudaminae) with DNA-based diagnoses. Systematics and Biodiversity, 8: 485 – 491. 10.1080/14772000.2010.534512
Hebert, P.D.N., Penton, E.H., Burns, J.M., Janzen, D.H. & Hallwachs, W.T. 2004. Ten species in one: DNA barcoding reveals cryptic species in the semitropical skipper butterfly Astraptes fulgerator. Proceedings of the National Academy of Sciences, 101, 14812-14817 10.1073/pnas.0406166101