Hovudinteressa mi som forskar dreier seg om artsrikdom og systematikk innanfor sommarfuglmygg (Diptera: Psychodidae). Desse vakre dyra er små lodne mygg som på grunn av dei hårute vengene overfladisk kan minna om små møll. Familien finst utbreidd på alle kontinent, og det er kjend nærare 2500 beskrivne artar. Det reelle artstalet kan derimot vera opp mot ti gongar så høgt (Wagner & Ibañez-Bernal 2009).
Bilete til venstre frå wikipedia
Familien har enno ikkje vorte systematisk kartlagt i Noreg, kor det til no er registrert totalt 27 artar (Håland & Andersen 1996, Andersen & Amundsen 1997). I tillegg kjem det ein del artar som er kjende frå upubliserte funn.
Vaksne sommarfuglmygg flyg dårleg, og vert difor sjeldan funne langt frå levemiljøet til larvene sine. Dei fleste artane har larvestadia sine i ferskvatn eller i særs fuktig jord, mose o.l.; ein del vanlege artar lever i sopp eller kumøkk. Det er kjend både særs økologisk spesialiserte artar og generalistar som kan leva i mange ulike slags miljø, og det økologiske mangfaldet i gruppa har gjort at dei har vorte foreslått som indikatorartar (Wagner 1979).
Den sikraste måten å artsbestemma sommarfuglmygg på er å studera mikroskop-preparat av hannen sine genitaliar. Andre gode karakterar finnest på munndelane, antennene og vengene. Særskild for familien er vengeskjela som gjev dyra den møll-liknande utsjånaden sin, og ikkje minst askoidane. Dette er særeigne, tråd-forma organ som sit på antenneledda hjå dei fleste artane og truleg nyttast til å lukta med.
Det finst mange grunnar til å jobba med nettopp sommarfuglmygg. Det økologiske mangfaldet dei ulike artane viser tyder på at artsrikdomen innanfor gruppa kan fungera som eit mål på økologisk kompleksitet - jo fleire ulike habitat det finst i eit område, jo fleire ulike slags sommarfuglmygg kan ein rekna med å finna. Vidare er det eit poeng for meg å jobba med ei dårleg undersøkt gruppe for å bidra til å utvida spekteret av organismar som er undersøkt økologisk med gode vitskaplege metodar. Mykje økologisk kunnskap om artsrikdom er basert på nokre få indikatorgrupper, og å studera taksa utanfor desse gruppene kan bidra til å gjera tolkingar av naturlege prosessar meir fullstendige (Wilson et al. 2007). Hovudargumentet til at eg har vald meg nettopp Psychodidae som masterdyret mitt er nok likevel estetisk - dette er vakre dyr!
Referansar:
Andersen, T. & Amundsen, E. (1997). The Siebke Collection of Norwegian Moth Flies (Diptera: Psychodidae). Fauna Norvegica Ser. B., 44, 91-93
Håland, Ø. & Andersen, T. (1996). Psychodidae - Sommerfuglmygg. Pp. 191-193 i Aagard, K. & Dolmen, D. (eds.): Limnofauna Norvegica - Katalog over norsk ferskvannsfauna. Trondheim: Tapir Akademisk forlag
Wagner, R. (1979). Psychodiden (Diptera) als Gewässerindikatoren. Mittelungen der DGaaE, 1, 67-71
Wagner, R. & Ibañez-Bernal, S. (2009). Psychodidae (sand flies, and moth flies or owl flies). Pp. 319-335 i Brown, B.V., Borkent, A., Cumming, J.M., Wood, D. M., Woodley, N.E. & Zumbado, M.A. (eds.): Manual of Central American Diptera. Volume 1. Ottawa: NRC Research Press
Wilson, J.R.U., Proches, S., Braschler, B., Dixon, E.S. & Richardson, D.M. (2007). The (bio)diversity of science reflects the interests of society. Frontiers in Ecology and the Environment, 5, 409-414


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar