| Ein nydeleg bevart edderkopp i rav. Frå wikipedia. |
Rav er fossil kvae eller harpiks; som vert skild ut av mange bartre og nokre blømande plantar. Dette er molekyl som består av lange karbonkjeder med oksygen og hydrogen, og har vorte tolka både som ein forsvarsmekanisme mot insektangrep og som utskiljing av skadelege avfallsprodukt. Under høgt trykk vert raven omdanna til enno lengre karbonkjeder og vert difor hardare.
Frå tid til annan set det seg fast dyr i kvaen, som både er seig og klissut. Dette skjer ofte nok til at det finst store mengder av såkalla ravfossil - ravklumpar som inneheldt dyr, plantar eller mikroorganismar; ofte særs godt bevarte.
![]() |
| Den fossile gekkoen Yantarogekko balticus Bauer, Böhme & Weitschat, 2005 er kjend frå individ i baltisk rav, altså ca 54 millionar år gamalt. Bilete lånt frå Bauer et al. (2005) |
| Snutebille (Coleoptera: Brentidae) frå baltisk rav. Frå wikipedia. |
Sidan så mange av dyra i raven er så godt bevarte, har det vorte gjort fleire forsøk på å studera dei på same måte som ein studerar meir moderne dyr. For morfologiske studium beskreiv Azar (1997) ein måte å løyse opp sjølve raven så dyra i han kunne monterast på same måte som ferskt innsamla materiale. Det har òg blitt gjort mange forsøk på å ekstrahera DNA frå dyr i rav; diverre har enno ingen gjeve etterprøvbare resultat (Austin et al. 1997). Vitskapen utviklar derimot stadig nye teknikkar for utvinning av eldgamalt DNA, medan alle viktige publiserte forsøk på ekstraksjon frå rav er meir enn ti år gamle (Hebsgaard et al. 2005). Det er difor framleis lov å håpa på at me ein gong vil kunne få DNA-sekvensar frå ravfaunaen.
| Frå wikipedia |
Referansar:
Austin, J.J., Ross, A.J., Smith, A.B., Fortey, R.A & Thomas, R.H. 1997. Problems of reproducibility - does geologically ancient DNA survive in amber-preserved insects? Proceedings of the Royal Society B, 264, 467-474
Azar, D. 1997. A new method for extracting plant and insect fossils from Lebanese amber. Paleontology, 40, 1027-1029
Azar, D. & Nel, A. 2003. Fossil Psychodoid Flies and their Relation to Parasitic Diseases. Memórias do Instituto Oswaldo Cruz, 98, 35-37
Bauer, A.M., Böhme, W. & Weitschat, W. 2005. An early Eocene gecko from baltic amber and its implications for the evolution of gecko adhesion. Journal of Zoology, 265, 327-332
Hebsgaard, M.B., Phillips, M.J. & Willerslev, E. 2005. Geologically ancient DNA: fact or artefact? Trends in Microbiology, 13, 212-220
Poinar, G.O. & Poinar, R. 1999. The Amber Forest: A Reconstruction of a Vanished World. Princeton: Princeton University Press
Wolfe, A.P., Tappert, R., Muehlenbachs, K., Boudreau, M., McKellar, R.C., Basinger, J.F. & Garrett, A. 2009. A new proposal concerning the botanical origin of baltic amber. Proceedings of the Royal Society B, 276, 3403-3412

Fin post!
SvarSlett