Sjølv om eg ikkje fèr ut i felt før på torsdag, har eg allereie gjort meg nokre faunistiske undersøkingar. Dette har sjølvsagt vore reint kvalitative studium med avgrensa kvalitet, såkalla opportunistic sampling - eg har gått omkring, sveipa med håven og teke vare på særleg interessante dyr. På denne måten har eg fått eit visst inntrykk av faunaen på campus ved Makere-universitetet.
Dei følgjande fotoa gjev eit lite inntrykk av kva eg har fordrive tida med dei siste par dagane. For dei som saknar bilete av folkeliv, gatestemning og liknande kan eg opplysa om at eg òg har opplevd dette - derimot er eg ikkje modig nok til å ta med kamera ut frå campus.
Noko av det første eg la merke til var dei allestadsnærverande marabustorkane Leptoptilos crumeniferus Lesson, 1831. Dette er store fuglar med særs karakteristiske utsjånadar (Tore Skoglund hadde sikkert kalla dei stygge), og dei finst overalt rundt i byen i Kampala. På campus finst dei både på tak og i tre, og opptrer ikkje ulikt duer i Bergen. Eg synst elles det er rart at Freia-konsernet har vald å la seg representera av ein organisme som lever av hushaldsavfall og sjølvdaude dyr.
På nokre store blad under eit tre, ikkje langt unna ein komposthaug, fann eg denne glinsande svarte og blå Psychodidae-arten. Han utmerker seg som den første Psychodiden eg har funne i Afrika som eg ikkje klarte å bestemma til slekt ut frå habitus og habitat - dei dyra eg har funne før har alle vore Clogmia albipunctata og Psychoda (sensu lato) spp. Dyret er sjølvsagt samla.
Det er for meg eit mysterium kvar augestikkarane på campus kjem frå - eg har enno ikkje sett verken bekkar eller dammar i nærleiken, men det er fleire store libeller som hevdar revir her.
Denne ho-mauren sat ute på veggen av gjestehuset.
Flugefamilien Diopsidae er særs enkel å kjenna att på at augo og antennene er festa ytst på lange stilkar. Eg har funne dei sprettande rundt på blad, særleg i skuggen av tre. Då eg ikkje har tilgong på noko vidare med god litteratur her må ei vidare gjennomgong av gruppa venta til eg er attende i gamlelandet.
Hekken framfor gjestehuset er populær i dagsommarfugl-krinsar. Her ser me ein hann av Hypolimnas misippus (L., 1764) og ei Junonia chorimene (Guérin-Méneville, 1844). Takk til Perpetra Akite for artsbestemmingar.
Igjen må eg skulda på manglande litteratur. Ut frå Field Guide to Insects of South Africa (som i all hovudsak er ei ubrukeleg biletbok) kjem eg fram til at dette dyret kan høyre til i familien Mantidae. Sikker er eg derimot ikkje.
Knelarar er vakre dyr! Denne vart funnen i same hekken som dyret over, og var om lag like stor; derimot såg dei ut til å vera ulike artar.
Sjølv om ein ikkje alltid ser dei, er det gekkoar overalt rundt på husa her nede; både inne og ute. Som mange andre øgler har dei evna til å fella halen dersom det må til; det avbilda eksemplaret er i ferd med å regenerera sin. Sjå elles denne framifrå artikkelserien av Darren Naish.
Har nokon nokon idè om kva slags bille dette kan vera?
Dei siste par bileta er av fluger eg ikkje klarar bestemma med det eg har for handa av litteratur. Dei store kalyptera (dei svære bladforma strukturane under vengene) tilseier at dei høyrer til i Calyptrata, som er ei gruppe eg sjølv slit mykje med. Derimot er dei frykteleg vakre, og er med på å vippa Diptera/Coleoptera-ratioen i riktig retning.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar