| Livssyklusen til rovtegen Rhodnius prolixus, ein sjukdomsvektor. |
I år er det derimot ein godbit av dimensjonar i jobbkatalogen deira. Eit universitet i Brasil ønskjer ein student til å jobba med levandekulturar av parasittane Trypanosoma cruzi (Chagas' sjukdom, som Darwin mest sannsynleg leid av) og Leishmania sp. (Leishmaniasis), og insekta som spreier smitta: rovteger (Reduviidae) og sandmygg (Psychodidae: Lutzomyia). Ein kan med andre ord få betalt for å reisa til tropisk Sør-Amerika for å passa på psychodidar eit heilt semester! CV-materiale de luxe, som ein attpåtil får betalt for! Søknadsprosess er å finna her.
For meg verker dette for godt til å vera sant, og det er det sjølvsagt òg. Denne jobben er nemleg berre for bachelorstudentar.
Sint no.
:-(
SvarSlett