søndag 6. juni 2010

Frå entomologen sitt arsenal - viktige felletypar ved insektfangst

Det stereotype biletet av entomologen som ein eksentrikar som spring rundt i enga med ein håv er berre delvis sant. Det er sant at mesteparten av tida i felt ofte går med på å samla med håv, men det er ikkje alltid dette som skaffar dei mest interessante eksemplara eller opplysingane. Skal ein få gode standardiserte data (som jo er naudsynt for å gjera statistiske analyser på dataene) må ein som regel nytta ein passiv innsamlingsmetode, det vil seie feller.

Fallfelle med tak. Frå wikimedia commons
Kva slags felle entomologen vel seg kjem veldig an på kva slags dyr ho eller han er interessert i å studera. Araknologar og koleopterologar (edderkopp- og billesamlarar), som ofte interesserar seg mest for dyr som spring rundt på bakkenivå, sver for det meste til fallfeller. Dette kan enkelt forklarast som små glas (ofte med sprit) som ein grev ned til opninga ligg på bakkenivå. Teorien er at små bakkelevande insekt vil kunne falla ned i, og gje forskaren eit overblikk over kva slags aktivitet som skjer på bakkenivå i det lokale miljøet. I praksis er det derimot fleire faktorar som spelar inn - t.d. om ein brukar tak eller ikkje, kva slags avlivingsmedium ein brukar i fella, diameteren på glasa o.l. (Koivula et al. 2003). Felletypen er likevel nyttig i faunistisk arbeid så lenge ein standardiserar felledesignet i kvart einskild studium.

Lysfelle, frå wikimedia commons.
Sidan eg jobbar helst med flygande insekt, er ikkje fallfeller vidare nyttige for mine føremål. Det finst derimot fleire ulike felletypar som er bygd for å trekka til seg flygande dyr, anten fordi dyra aktivt oppsøker fella eller fordi fella er plassert godt i høve til rutene dyra flyg etter. Eit døme på ei felle som aktivt vert oppsøkt er lysfella, som utnytter det at mange insekt flyg mot lys. Det eksisterar fleire teoriar for kvifor insekta gjer nettopp dette, men ei forklaring ein ofte høyrer er at insekta naturleg navigerar ut frå stjernene og at kunstig lys forstyrrer denne åtferda. Lys er effektivt for mange insektgrupper, men vert særleg brukt i innsamling av sommarfuglar og møll (Lepidoptera), vårfluger (Trichoptera) og tovenger (Diptera).

Malaisetelt i bruk på Hawaii. Frå wikimedia commons
Sjølv om eg har teke mange spanande artar av både Empididae og Psychodidae i lysfelle er nok likevel favorittmetoden min til innsamling malaiseteltet. Denne fella vart oppfunnen på 1920-talet av den svenske insektsamlaren Renè Malaise, som etter ein lang dag i felt oppdaga at han hadde fanga fleire insekt i teltet sitt enn i håven (Raper 2009). Fella kan oppsummerast som ei modifisert utgåve av eit gamaldags telt som skrår oppover til eit samleglas med avlivingsvæske. Når insekta treff teltduken, flyg dei oppover som om dette var ein hindring i naturen. Dette felledesignet er særs utbreidd, særleg mellom hymenopteristar og dipteristar - insektforskarar som studerar årevenger (Hymenoptera) og tovenger (Diptera). Metoden er særleg nyttig til å dokumentera sjeldnare dyr, og kan ofte lukkast i å fanga artar som ein normalt ikkje finn med andre metodar (Triplethorn & Johnson 2005).

For mine føremål er det nok malaisefella som er nyttigast, sidan eg ikkje har tilgong til nokon påliteleg straumkjelde der eg skal arbeida i Uganda. Når eg reiser kjem feltkofferten min difor til å innehalda fire malaisefeller av Townes-designet (Townes 1972). Andre innsamlingsmetodar vil òg bli brukt, meir om dette seinare.

Referansar:
Koivula, M., Kotze, D.J., Hiisivuori, L. & Rita, H. (2003). Pitfall trap efficiency: do trap size, collecting fluid and vegetation structure matter? Entomologica Fennica 14 (1): 1-14
Raper, C. (2009). Malaise Trapping. Artikkel tilgjengeleg frå http://chrisraper.org.uk/blog/?page_id=96. (vitja 6. juni 2010)
Townes, H.K. (1972). A light-weight Malaise trap. Entomological News, 83, 239-247
Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (2005). Collecting, Preserving and Studying Insects. S. 745-778 i Triplethorn, C.A. & Johnson, N.F. (red.): Borror and deLong's Introduction to the Study of Insects. Belmont: Thompson Learning

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar